Blodprøve Ålesund

Avdeling for medisinsk biokjemi seksjon Ålesund

 

Ei blodprøve er ei undersøking av blodet for å kartlegge normale og sjukelege forhold i kroppen. Blodprøva kan og brukast for å påvise legemiddel eller giftstoff.

Innleiing

 

Å ta blodprøve, er å tappe ei lita mengde blod for å undersøke eventuelle endringar i innhaldet til blodet. Ved dei fleste sjukdommar vil blodet, som strøymer gjennom alle organ og vev i kroppen, vise ei rekke endringar. Dette gjeld tal blodceller, utsjånad og/eller konsentrasjonen av ulike biokjemiske stoff. Med ein enkel analyse kan vi få ein «spegel» av kva som skjer inne i kroppen.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

 

Førebuingar heime

Enkelte analysar vert direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt (rekvirert) blodprøva. Eventuelle spørsmål om faste eller diett kan rettast til tilvisande lege.

Barn kan ofte synest at det høyrest vondt og skummelt ut å ta blodprøve. Bioingeniørane på laboratoriet vil gjere det dei kan for at prøvetakinga ikkje skal bli ei negativ oppleving. For at det ikkje skal vere vondt å ta prøve, kan føresette kjøpe bedøvingsplaster eller krem på apoteket på førehand.
Plasteret/kremen heiter EMLA. Den må settast på minimum 1 time før og fjernast 10 minutt før prøvetakinga.

Førebuing på sjukehuset

Avdelinga sin prøvetakingspoliklinikk tar i mot pasientar frå sjukehuset sine poliklinikkar og sengepostar til prøvetaking i opningstidene. Prøvetaking på pasientar utanom sjukehuset skjer først og fremst hos fastlegen, men vi kan ta imot desse pasientane om prøvetakinga byr på spesielle problem. Du må ta med deg rekvisisjon frå lege dersom dette ikkje er sendt laboratoriet tidlegare. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking hos våre prøvetakingspoliklinikkar, og du betalar heller ikkje eigendel.

2. Under

 

Gjennomføring

Den som skal ta prøva spør om namn og 11-sifra fødsel-/personnummer for å sikre riktig identitet ved merking av prøvene. Prøvetakar har god trening i å ta blodprøver og skal sørgje for at prøvene vert tatt på ein skånsam, effektiv og korrekt måte.

Når ei blodprøve skal takast i ei vene, stikk ein nåla inn i ei blodåre som ligg rett under huda di, ofte på innsida av olbogen. For at blodåra skal vere lett å treffe, strammar prøvetakar eit band på overarma, slik blir blodåra ståande litt utspent og er lettare å sjå. Venene på innsida av olbogen eignar seg godt til blodprøve; dei er passe store og ligg nær hudoverflata. Vener på handryggen og på føtene kan og nyttast, men hos pasientar  med dårleg sirkulasjon og hos pasientar med diabetes unngår ein å ta blodprøve på føtene.

Blod vert tappa i vakuumrøyr som trekk ut det blodet ein treng, ofte i fleire røyr. Toppene på røyra har ulike fargar. Kvar farge viser kva slags stoff røret er tilsett for å hindre at blodet koagulerer. Til vanleg tapper vi 1-5 røyr med blod, alt etter kor mange analyser legen din vil at vi skal gjere.

I dei fleste tilfelle er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan vere litt ubehageleg når ein stikk gjennom huda, men det går fort over. Enkelte pasientar kan bli uvel under prøvetakinga. Dersom du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier frå til den som skal ta prøva.

Lokalbedøvande krem, EMLA kan brukast til barn eller andre som er svært engstelege. Denne bør i så fall smørast på huda 1-2 timar før prøvetakinga (kremen fungerer ikkje ved finger-/hælstikk). Kremen skal fjernast cirka 10 minutt før prøvetakinga.
 
Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Blodprøva vert som regel tatt i sittande stilling, og dersom det er mogleg, bør du ha vore i ro minst 15 minutt på førehand. På denne måten unngår ein at konsentrasjonen av stor-molekylære bindingar varierer som følgje av variasjonen i blod-volum.

Etter at blodprøva er tatt må ein trykke litt på staden der stikket er med ein bomullsdott, slik at det ikkje oppstår blødingar. Enkelte gonger tek ein blodprøva frå ein blodarterie, som oftast på handleddet. Etter slik prøvetaking er det svært viktig å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.  

 

3. Etter

 

Resultat av undersøkinga

Resultat på blodprøvene vil bli rapportert til lege/avdeling. Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Dersom du er innlagd på sjukehuset eller går poliklinisk til lege på sjukehuset, vil prøvesvara vere elektronisk tilgjengeleg like etter analysen er utført. Nokre prøvesvar vil vere ferdig etter nokre minutt, andre etter få timar, seinare same dag eller neste dag. Enkelte prøvesvar kan det ta dagar før svaret føreligg.

Det er legen som informerer om prøvesvar. Laboratoriet har diverre vanlegvis ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

Kontakt

Avdeling for medisinsk biokjemi, seksjon Ålesund
Besøkstider
måndag - fredag Kl. 07.30 - 15.00
Telefon
70 10 56 00
måndag - fredag 07.15 - 14.45
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.