Brudd i kne, Kristiansund

Behandlingsprogram, Seksjon for kirurgi og ortopedi Kristiansund

Kneleddet er eit av dei store ledda i kroppen og skal tåle mykje belastning. For at kneet skal fungere best mogleg etter eit brot, er det viktig at leddflata som har vore involvert i brotet blir sett korrekt på plass og fiksert. Brot i kneet kan omfatte lårbein, leggbein og kneskål.

Tilvising og vurdering

Ved mistanke om brot etter mindre uhell, kontaktar du fastlege eller legevakt som viser deg vidare ved behov. Ved påenberre brotskader etter større uhell og ulukker, ringer du 113.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Utgreiing

Ved brot i kneet vil lege undersøke deg og vurdere helvelse og funksjon til nervene som går langs kneet. Legen vil også sjekke blodforsyninga lenger nede i beinet for å utelukke at blodårene er skadde.

I tillegg til legeundersøking, vil vi bruke bildediagnostikk som røntgen, CT og MR. CT er for å kartlegge sjølve brotet, og med MR kan vi karlegge leddband, meniskar og brusk.

Les meir om  CT-undersøkelse
Les meir om  MR-undersøkelse

2. Behandling

Brot i kne utan feilstilling blir ikkje operert. Vi brukar heller ei skinne for å stotte det skadde leddet.

Brot med feilstilling bør opererast.

Målet med behandlinga er uansett å få god stilling i leddet, samtidig som bevegelegheitstrening skal vere mogleg. Eit ledd som ikkje blir bevegd, stivnar raskt.

Kneskål

Brot i kneskåla blir operert med stålpinnar og ståltråd. I tillegg får du vanlegvis ei skinne som støtte dei første 6 vekene etter operasjon

Leggbein

Når brotet sit i leggbeinet, er gjerne leddflata presst ned. Då er operasjon nødvendig for å få leddflata på plass. Leddflata blir fiksert med plate og skruar. Det tar ca 3 månadar før dette er solid nok til at du kan trakke ned på foten med full tyngde.

Lårbein

Operasjon er nødvendig for å sette leddflata på plass og fiksere brotet med plate og skruar. Vanlegvis kan du belaste kneet fullt eltter 2-3 månadar.

3. Oppfølging

Uavhengig av behandlingsmetode er det viktig å starte opptrening så snart som mogleg. Du vil få hjelp av fysioterapeut til å komme i gang med bevegelsestrening og krykketrening.

Vanlegvis får du kontrolltime med røntgenkontroll 2, 6 og 12 veker etter operasjon. Du blir innkalt til fleire kontrollar dersom det er behov for det.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Faresignal

Det er alltid ein risiko ved operasjon. Dersom du får teikn til infeksjon eller blodpropp, er det viktig at du tar kontakt med sjukehus så snart som mogleg.

Teikn på infeksjon kan vere raud farge, økande hevelse eller væske som siv frå operasjonssåret. Smerter frå såret eller feber kan også vere teikn på infeksjon.

Kontakt

Seksjon for kirurgi og ortopedi, Kristiansund
Telefon
71 12 19 55
Postadresse

Sengepost for kirurgi og ortopedi
Kristiansund sykehus
Herman Døhlens vei 1
6508 KRISTIANSUND

Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.