Brudd i legg, Kristiansund

Behandlingsprogram, Seksjon for kirurgi og ortopedi Kristiansund

Dei to knoklane i leggen kan brekke viss noko treff med stor kraft, men også ved kraftig rotasjon. Dei kan brekke kvar for seg eller samtidig og på ulike stader. Dei fleste leggbrot skjer under fysisk aktivitet eller trafikkulukker.

Innleiing

Leggbrot er delt i kategoriar, der vi skil mellom opne og lukka brot.

Ved ope brot er det ei opning i huda som gjer at det er kontakt inn til beinet. Dette gir fare for infeksjon, og du må få antibiotika for å hindre dette.

Brotet kan har varierande grad av feilstilling. Ved lita feilstilling kan brotet i visse tilfelle behandlast med gips og du slepp operasjon. Dette gjeld særleg barn. Ved moderat til stor feilstilling må brotet opererast.

Ved høgenergiskader, som trafikkulukker og fall frå stor høgd, er det viktig å utelukke det vi kallar losjesyndrom. Dette kan skje dersom hevelsen i leggmuskulaturen klemmer av blodforsyninga til beinet. Dette gir mykje smerte og må opererast akutt.

1. Utgreiing

Brot i legg blir undersøkt med røntgen og klinisk undersøking. Dette betyr at legen sjekkar om det er eit ope eller lukka brot, grad av hevelse og feilstilling, funksjon av nerver og om beinet har god blodforsyning.

Røntgen gir god informasjon om kor mykje feilstiling det er og om brotet er enkelt eller ikkje. Dersom vi mistenker losjesyndrom, målar vi trykket i muskellosjen for å vurdere om det er nødvendig med operasjon.

Røntgen skjelett

2. Behandling

Leggbrot blir anten behandla med gips/skinne (såkalla konservativ behandling) eller med operasjon.

Vi behandlar fortrinnsvis barn og unge med gips. Dersom det er nødvendig å korrigere feilstilling i brotet, blir du lagt inn på sjukehuset. Du får narkose før feilstillinga blir korrigert, og så legg vi på gips eller skinne. Litt avhengig av kor gammal du er og teikn til korleis brotet gror, må du ha gips/skinne på i 4-12 veker.

Hos vaksne er den vanlegaste behandlinga operasjon i narkose eller spinalbedøving. Under operasjonen blir beinet sett i riktig stilling og du får ein nagle i knokkelen. Dersom brotet er langt nede ved ankelen eller høgt opp mot kneet, er det vanleg å bruke plate i staden for nagle.

3. Oppfølging

Etter behandling med gips/skinne

Kontroll med røntgen på poliklinikk etter 2, 6 og eventuelt 12 veker.

Etter operasjon

Etter operasjonen blir du verande på sjukehuset nokre dagar. Kor lenge kjem an på kor vondt du har og kor raskt du kjem deg på beina. Det er viktig at du kjem deg opp på krykker og ikkje blir liggande i seng lenger enn nødvendig. Du kan fritt bevege kne og ankel, men du kan ikkje belaste beinet meir enn 15 kilo. Ein fysioterapeut vil hjelpe deg å komme i gang med krykker og opptrening.

I starten får du smertestillande medisinar, men desse bør du slutte med så snart som mogleg.

Du får time til kontroll ved poliklinikk når du reiser frå sjukehuset, som regel 2, 6 og 12 veker etter operasjon. Det er vanleg at tilheling og opptrening tar tid, i visse tilfelle eitt til to år. Ein del pasientar får også varige restplagar i form av smerter eller stivheit, eller lett feilstilling av beinet.

I utgangspunktet kan plate/nagle bli verande i beinet. Dersom du får tydelege plager relatert til plata/naglen, kan det vere aktuelt å fjerne den, tidlegast etter eitt år. Det er viktig å vente så lenge for å sikre at brotet er grodd, og unngå nytt brot på samme stad.

Dersom brotet ikkje vil gro, kan det bli nødvendig med ny operasjon. Det er kjent at både røyking og dårleg ernæring kan føre til at brot har vanskeleg for å gro. Røyking gir også auka risiko for dårleg sårtilheling. Det er derfor svært viktig at du kuttar røyken, særleg i tilhelingsperioden.

Faresignal

Viss det kjem bakterier i operasjonssåret, kan det gi infeksjon. Då er det viktig at du kontaktar sjukehuset for utgreiing og oppfølging så snart som mogleg.

Teikn på infeksjon kan vere raud farge, aukande hevelse, eller væske frå såret. Smerter frå såret eller feber kan også vere teikn på infeksjon.

Kontakt

Seksjon for kirurgi og ortopedi, Kristiansund

Telefon
71 12 19 55
Postadresse

Sengepost for kirurgi og ortopedi
Kristiansund sykehus
Herman Døhlens vei 1
6508 KRISTIANSUND

Kristiansund sjukehus

Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.