Brystkreft, Molde

Behandlingsprogram, Kirurgisk sengepost A

Brystkreft er vondarta forandringar som oppstår i brystkjertelvevet. Det er den mest hyppige krefttypen hos kvinner. Nesten alle brystkreftsvulstar kan fjernast, og operasjon er den primære behandlingsmetoden for dette. Nokre gongar er det formålstenleg å gi medisinsk behandling for å minske svulsten før operasjon.

Les meir om Brystkreft
Informasjon frå helsenorge.no

Brystkreft

Brystkreft er en ondartet svulst. Det finnes flere typer brystkreft, de fleste utgår fra brystkjertlene. Menn kan også få brystkreft.

Symptomer ved brystkreft

  • Kul eller hevelse i brystet
  • Kul eller hevelse i armhulen
  • Inndragning eller søkk i huden på brystene
  • Brystvorte som peker innover eller i en annen retning enn det som er vanlig
  • Rødhet eller annen fargeendring av hud på brystene
  • Utslettliknende forandringer av hud på bryster eller brystvorter
  • Hudfortykkelse eller appelsinhud
  • Uklar eller blodtilblandet væske fra brystvorte
  • Fra overgangsalder, nylig oppstått smerte i brystene

Væsking fra brystvorten

En del kvinner har fra tid til annen væsking fra brystvorten. Særlig gjelder dette middelaldrende kvinner. Væsken kan være klar eller gul, melkeaktig, brun, gulgrønn eller tydelig blodtilblandet. Dersom væskingen skyldes brystkreft, vil den oftest være blodtilblandet. Hvis du får blodtilblandet væsking fra brystvorten, er det viktig å gå til legen.

Væsking fra brystvorten kan godt skyldes ufarlige tilstander, som for eksempel bruk av enkelte medikamenter. Under amming, særlig i starten, opplever mange striper av blod i melken. Dette er ufarlig og trenger ingen spesiell undersøkelse.

Forandringer i brystets fasong el​​ler hud

Ved brystkreft kan brystet endre fasong, for eksempel kan det oppstå søkk i huden på brystet. Dette oppdages best ved å se seg i speilet med armene hevet over hodet. Det kan også skje at brystvorten trekker seg inn eller peker i en annen retning enn vanlig.

Brystkreft kan også forårsake eksemforandringer på eller rundt brystvorten, slik som appelsinskallaktig hudoverflate eller sår på huden på brystet som ikke vil gro.

Alle slike symptomer bør undersøkes av lege med tanke på brystkreft. Disse symptomene kan være tegn på andre tilstander og ikke nødvendigvis kreft. 

Brystkreft hos menn

Også menn kan få brystkreft. Det skjer imidlertid svært sjeldent. Symptomer og behandling er liknende som hos kvinner. Menn med mye østrogen kan ha større risiko for brystkreft.

Les meir om Brystkreft (helsenorge.no)

Tilvising og vurdering

Frå du har vore hos fastlegen din og fram til undersøking av brystet, skal det ta maksimalt sju dagar dersom det er begrunna mistanke om brystkreft, og fastlegen meiner at du skal inn i pakkeforløp.  

Om du er etterinnkalt etter mammografiscreening skal det ta maksimalt 15 dagar frå screeningundersøkinga til du skal på etterundersøking.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

 

Tilvisinga må innehalde opplysingar om klinisk undersøking med beskriving av palpasjonsfunn og/eller symptomgivande område i mammae mhp. størrelse i mm/cm, konsistens, relasjon til hud, avgrensing og lokalisasjon, samt axillestatus. Varigheit av symptom/funn skal opplysast.

Problemstillingar der tilvisingar er aktuelt:

  • Kul i bryst – både ved usikre og/eller eintydige palpasjonsfunn
  • Nytilkoma inndregen, ikkje-retraherbar brystvorte.
  • Nytilkoma hudinndraging.
  • Hudmisfargingar der underliggande hudsjukdom eller abscess ikkje er mest sannsynleg diagnose.
  • Hudfortjukking av uklar årsak.
  • Spontan einsidig serøs eller blodig sekresjon.
  • Sår eller eksem på brystvorte eller areola.
  • Smerter i bryst som ikkje er eintydig relatert til menstruasjonane.

Smerter åleine er normalt hos kvinner, spesielt yngre, og er ikkje indikasjon for biletundersøking. Nyoppstått smerte hos postmenopausale kvinner uten annan openberr årsak kan vere grunn for tilvising til brystundersøking.

  • Ved mistanke om patologiske lymfeknutar i axille

1. Utgreiing

Ved mistanke om brystkreft blir det gjort ein mammografi og ultralyd. Det kan også bli aktuelt med vevsprøver.

Utgreiinga blir gjort av legar med spesialkompetanse innanfor diagnostikk og behandling av brystkreft.

Undersøkingane krev ingen spesielle førebuingar.

Les meir om  Mammografi, Molde

Mammografi, Molde

 

Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta som viser brystvevet for å oppdage eventuelle forandringar.




 


 

1. Før

Du bør ikkje bruke deodorant, parfyme, pudder eller krem av noko slag i armhola eller på/under brysta den dagen du skal til undersøking. Dette kan påverke bileta og gjere vurderinga av bileta vanskeleg.

Ein radiograf vil stille deg nokre spørsmål før sjølve undersøkinga og sjå etter forandringar i huda på brysta som kan bli synlege på mammografibileta. Dette er informasjon som røntgenlegen bruker når han granskar bileta.

Ved ankomst vend deg i ekspedisjonen når du kjem.

 

2. Under

 

Sjølve røntgenundersøkinga tek berre nokre få minutt. Brystet blir plassert på ei plate, og ei øvre plate blir senka ned og legg press på brystet for å gjere røntgenbiletet skarpt og redusere stråledosen. Nokre kvinner synest dette er ubehagelig, men det varer berre nokre få sekund.

Ut i frå kva som er årsaka til at du skal til mammografi, er gjennomføringa av undersøkinga slik:

  • Når du er tilvist til mammografi på grunn av eit symptom frå brysta tar vi to bilete av kvart bryst, og eventuelt tilleggsbilete. Vi tar også ein ultralyd/vevsprøve viss røntgenlegen meiner det er nødvendig.
  • Når du er tilvist som ledd i kontroll etter gjennomgått brystkreft eller ved familiær risiko for brystkreft tar vi to bilete av kvart bryst. Vi tar også her ein ultralyd/vevsprøve viss røntgenlegen meiner det er nødvendig.
  • Ved undersøking etter invitasjon i Mammografiprogrammet tar vi to bilete av kvart bryst.

3. Etter

Etter undersøkinga blir du bedt om å sitje på venterommet mens røntgenlegen vurderer bileta. Legen avgjer om du treng vidare undersøking eller om du kan reise heim. Du får som regel svaret av røntgenlegen med ein gong.

Dersom du har fått tilvising til kirurgisk vudering same dag, går du vidare til kirurgisk poliklinikk. Meld frå i ekspedisjonen om at du har kome.

Det blir laga ein skriftleg rapport på kva bileta viser. Bileta og rapporten vert lagra i dataarkivert vårt.
Rapporten vert sendt til legen som sendte tilvisinga.

Du kan reise heim etter undersøkinga.
Dersom du er tilvist til mammografi blir svaret på undersøkinga sendt til tilvisande lege.

Mammografiscreening

Ca. 3% av kvinnene som kjem til mammografiscreening blir innkalla til ei etterundersøking med tilleggsbilete. Då tar ein ofte ei ultralydundersøking også. Å bli innkalla til etterundersøking betyr ikkje at ein har brystkreft. Kun ca. 20% av dei etterinnkalla har brystkreft.

Svaret på mammografiscreening blir kun sendt til deg.



 

 

Oppmøte

Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje, austfløya.
Bruk inngang A (hovudinngangen).

Ta kontakt i røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Molde sjukehus
Besøksadresse
Parkveien 84 (Google maps)
6407 Molde
Telefon
71 12 00 00
Radiologi Molde
Telefon
71 12 23 95
måndag - fredag 09:00 - 15:00
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund, seksjon Molde
Helse Møre og Romsdal HF 
Molde sjukehus
6407 Molde

Mammografi, Molde
Les meir om  Ultralyd av bryst, Molde

Ultralyd av bryst, Molde

 

Ultralydundersøking av bryst er i dei fleste tilfelle eit supplement til mammografi, og er ei målretta undersøking i høve til tilvisingsårsak, som gjerne er ein kul i brystet, eller endringar som er sett ved mammografi. Unntaket er unge kvinner (<30 år) der det ofte berre blir gjort ultralyd.

 

 

 

Ultralyd er høgfrekvente lydbølgjer og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbøljer inn i kroppen. Når lyden passererer forskjellige vev i kroppen, vert noko av lyden reflektert tilbake som ekko.
Denne lyden vert fanga opp av ein sensor og lydbølgjene vert omdanna til bilete.
Slik bruk av ultralyd er ikkje skadeleg for kroppen.

 

1. Før

Undersøkinga krev inga forebuing.

 
Ta kontakt med ekspedisjonen ved frammøte.

2. Under

 
 

Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein benk.

Det vert nytta ein gele på huda for å lage god kontakt mellom huda og lydhovudet på apparatet.
Lydhovudet blir flytta over brystet medan ein tek ein serie av bilete.

Undersøkinga gjer ikkje vondt, men dersom du har svært ømme bryst kan det likevel være litt ømt når lydhovudet trykker mot brystet.

 

3. Etter

Dersom du er tilvist til kirurgisk vurdering same dag, går du vidare til kirurgen etter undersøkinga.

Dersom røntgenlegen finn at det ikkje er nødvendig med vidare undersøking, kan du reise heim.

Resultat av undersøkinga

Du får som regel vite resultatet av undersøkinga med røntgenlegen med ein gong etter at undersøkinga er ferdig.

Det blir laga ein skriftleg rapport om kva bileta viser. Bileta og rapporten vert lagra i dataarkivert vårt.
Rapporten vert sendt til legen som sendte tilvisinga.

 

Ver merksam

Undersøkinga  gir ikkje risiko for komplikasjonar.

Oppmøte

Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje, austfløya.
Bruk inngang A (hovudinngangen).

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Molde sjukehus
Besøksadresse
Parkveien 84 (Google maps)
6407 Molde
Telefon
71 12 00 00
Radiologi Molde
Telefon
71 12 23 95
måndag - fredag 09:00 - 15:00
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund, seksjon Molde
Helse Møre og Romsdal HF 
Molde sjukehus
6407 Molde

Les meir om  Vevsprøve frå bryst, Molde

Vevsprøve frå bryst, Molde

 

For å kunne stille ein sikker diagnose kan det vere naudsynt å ta ei vevsprøve av noko ein har funne med mammografi eller ultralyd av brysta. Prøvetakinga skjer vanlegvis ved hjelp av ultralyd slik at røntgenlegen kan vere sikker på at prøva vert teken frå rett stad. Ved prøvetakinga blir ei nål stukken gjennom huda til det aktuelle området.
 

 

1. Før

Undersøkinga krev ingen førebuing .

Unntak - dersom du nyttar det blodfortynnande medikamentet Marevan, kan det vere naudsynt å la vere å ta tablettene dei siste dagane før prøvetaking. Dette kan du ta opp med tilvisande lege.

 


 

Vend deg til ekspedisjonen når du kjem.

2. Under

 

Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein undersøkingsbenk. Røntgenlegen undersøker først brystet ditt med ultralyd og merkar av kvar ein skal ta vevsprøva. Huda over det aktuelle området blir reingjort med desinfeksjonsmiddel og det blir som oftast gitt lokalbedøving. Deretter vert ei eller fleire nåleprøver tekne med ultralydrettleing, noko som gjer at ein heile tida kan sjå kvar nåla er.

Sjølve prøvetakinga er vanlegvis ikkje smertefull.

Vi set eit plaster over området der røntgenlegen har teke prøvar. Plasteret skal sitje på i 2-3 dagar.


 

Prøvene blir sendt vidare til avdeling for patologi ved Molde sjukehus, der dei blir vidarebehandla og analysert i mikroskop.

 

 

3. Etter

Etter at prøvetakinga er ferdig kan du reise heim.


Resultat av undersøkinga
Prøvesvaret er vanlegvis klart i løpet av ei til to veker og du blir informert om svaret frå legen som tilviste deg.

Det blir laga ein skriftleg rapport om kva bileta viser. Bileta og rapporten av undersøkinga vert lagra i dataarkivet vårt.

Ver merksam

Det kan i enkelte tilfelle blø etter prøvetaking. Ei slik blødning kan du enkelt stoppe ved å trykke mot plasteret. 

Det er svært sjeldan at det oppstår infeksjon i brystet etter prøvetaking, men dersom du skulle få teikn til dette så ta kontakt med fastlege eller legevakt.

Molde sjukehus
Besøksadresse
Parkveien 84 (Google maps)
6407 Molde
Telefon
71 12 00 00
Radiologi Molde
Telefon
71 12 23 95
måndag - fredag 09:00 - 15:00
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund, seksjon Molde
Helse Møre og Romsdal HF 
Molde sjukehus
6407 Molde


Når vi samanliknar resultata frå desse undersøkingane får vi stilt ein diagnose, og vi veit om det er kreft eller ikkje.

Aktivitet etter undersøking av brystet

Etter undersøkinga kan du vere i normal aktivitet, og du kan vere i arbeid.

Resultat av utgreiinga

Det kan ta inntil sju dagar å få svar på undersøkingane du har vore gjennom. Resultatet av undersøkingane vil vere førande for planen vidare.

2. Behandling

Frå diagnose er stilt og til du blir operert, skal det ta maksimalt 13 dagar. Samla informasjon om kreftsjukdommen og nødvendig behandling blir gitt same dag som du får beskjed om diagnose. Du vil få tidspunkt og oppmøtestad for forundersøkingar og operasjon.

Forundersøkingar til operasjonen

Førebuande dag skal du snakke med sjukepleiar og eventuelt kirurg, samt narkoselege ved behov. Hos nokre vil det vere behov for å merke kulen i brystet og lymfeknutane under armen før operasjon.

Les meir om  Røntgenmerking, Molde

Røntgenmerking, Molde

Ved mistanke om brystkreft, der kulen ikkje kan kjennast, kan det vere behov for røntgenmerking. Svulsten blir merka med ein tynn ståltråd for å finne området som skal fjernast under operasjonen.

1. Før

Undersøkinga krev ingen førebuing.

2. Under

Du ligg/sit på ein benk mens radiologen set inn ståltråden ved hjelp av ultralydrettleiing eller røntgenrettleiing.
Du vil kjenne eit stikk i huda idet ståltråden blir sett på plass. Den blir teipa godt fast på huda og du bør bevege deg forsiktig etter at prosedyren er utført. Sjølv om strengen er festa kan den ramle ut ved store armbevegelsar.

Vi tar mammografi for å kontrollere at ståltrådane er plassert rett.

3. Etter

Det er ingen spesielle observasjonar eller restriksjonar etter at ståltråden er teipa på plass.

Oppmøte

Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje, austfløya.
Bruk inngang A (hovudinngangen).

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Molde sjukehus
Besøksadresse
Parkveien 84 (Google maps)
6407 Molde
Telefon
71 12 00 00
Radiologi Molde
Telefon
71 12 23 95
måndag - fredag 09:00 - 15:00
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund, seksjon Molde
Helse Møre og Romsdal HF 
Molde sjukehus
6407 Molde


 

Les meir om  Vaktpostlymfeknutemerking, Molde

Vaktpostlymfeknutemerking, Molde

Ved påvist brystkreft og ved nokre forstadium til brystkreft, undersøker vi alltid lymfeknutane i armhola. Dette er for å undersøke om kreften har spreidd seg.

1. Før

Vaktpostlymfeknutemerking blir som regel gjort dagen før operasjonen. Det er ingen førebuingar du må gjennom til denne undersøkinga.

2. Under

Det blir sprøyta inn eit lett radioaktivt stoff rundt svulsten eller rundt brystvorta. Dette blir sugd opp i lymfebanen og samlar seg i det som blir kalla vaktpostlymfeknuten. Etter ca to-tre timar tar vi bilete av brystet for å sjå at det radioaktive stoffet er fordelt og har spreidd seg ut i lymfebanene og hoper seg opp i lymfeknutane som er nærast brystet. Desse lymfeknutane fjernar vi under operasjonen.

 

 

 

3. Etter

Det er ingen spesielle observasjonar eller restriksjonar etter vaktpostlymfeknutemerkinga.

Oppmøte
Denne undersøkinga blir utført den dagen du legges inn på sengepost, dagen før planlagt operasjon.
Molde sjukehus
Besøksadresse
Parkveien 84 (Google maps)
6407 Molde
Telefon
71 12 00 00
Radiologi Molde
Telefon
71 12 23 95
måndag - fredag 09:00 - 15:00
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund, seksjon Molde
Helse Møre og Romsdal HF 
Molde sjukehus
6407 Molde

 

I tillegg blir det tatt blodprøver, målt blodtrykk og puls.

Operasjonsdagen

Les meir om  Kirurgisk behandling av brystkreft, Molde

Kirurgisk behandling av brystkreft, Molde

Operasjon for brystkreft innebærer enten brystbevarende operasjon eller fjerning av brystet og en operasjon i armhulen med fjerning av en vaktpostlymfeknute (sentinel node) eller fjerning av lymfekjertler i armhulen (aksilledisseksjon). Hos noen pasienter kan det være det være aktuelt med primær rekonstruksjon ved fjerning av bryst. Disse inngrepene gjøres oftest i samarbeid med plastikkirurg.

 

Det er flere aktuelle operasjonsmetoder ved brystkreft. Legen vil hjelpe deg med råd og veiledning, og du vil bli tilbudt behandling tilpasset din type kreft.

De fleste brystkreftoperasjoner foregår dagkirurgisk.

Brystbevarende operasjon

Ved brystbevarende operasjon fjerner legen kun selve svulsten og det omkringliggende vevet.
Om du får tilbud om brystbevarende operasjon avhenger av svulstens type, størrelse, utbredelse og plassering. Størrelsen på brystene har også betydning.

For at en brystbevarende operasjon skal være like trygg som å fjerne hele brystet, anbefales strålebehandling mot brystet. Dette er for å hindre tilbakefall.

Fjerning av hele brystet

Ved denne operasjonsmetoden fjernes hele brystet. Muskulatur under brystet fjernes ikke.

I enkelte tilfeller vil det bli innlagt et dren som du må komme tilbake for å få fjernet 1-2 døgn etter operasjonen.

Brystrekonstruksjon

For noen pasienter kan det være aktuelt å operere inn en silikonprotese som erstatning for det brystet som blir fjernet. Dette kan skje under samme operasjonen som når brystet blir fjernet, eller senere. Hvis dette er aktuelt vil du får egen samtale og brosjyre av plastikkirurg.

Undersøkelse av lymfekjertler i armhulen

Ved brystkreft og enkelte tilfeller av forstadium til brystkreft, er det viktig å avdekke om det finnes spredning av brystkreftceller til nærliggende lymfeknuter. For å operere så skånsomt som mulig har man utviklet en metode som kalles Vaktpostlymfeknutebiopsi.

 
 
 
 

1. Før

De fleste pasienter møter til forberedende prøver og undersøkelser på sykehuset dagen før operasjonen.

Denne dagen vil du få muligheten til å snakke med sykepleier, kirurg og narkoselege om operasjonen og tiden etterpå. Det blir tatt blodprøver og eventuelt hjerteprøve (EKG). Du kan reise hjem når du er ferdig.

Hvis du av ulike grunner ikke kan opereres dagkirurgisk, vil du få individuelt tilpassede forberedelser og innleggelse på sengepost.

2. Under

Etter at du er klargjort til operasjon blir du kjørt i seng til operasjonsstua. Her blir du tatt i mot av en anestesisykepleier og en operasjonssykepleier.

Selve operasjonen foregår i narkose og varer 1 - 2 timer, og du vil bli godt ivaretatt av operasjonsteamet.

 
 
 

3. Etter

Etter avsluttet operasjon blir du kjørt til dagkirurgisk hvile i seng. Her observeres du inntil bedøvelsen har gått ut, vanligvis i 2-4 timer. Du kan spise og være i aktivitet etter kort tid. Kirurgen vil komme og snakke med deg og da ordnes alle papirer som du skal ha med deg hjem. Hvis du har behov for sykmelding og/ eller rekvisisjon til fysioterapeut, ordnes dette før hjemreise.


De som skal overnatte på pasienthotell blir fulgt dit når de er i stand til det. Øvrige reiser hjem.

 

Tilleggsbehandling

Behandling av brystkreft i dag er ofte multimodal. Dette betyr at vi kombinerer fleire behandlingsmåtar for å gi best mogleg behandlingsresultat, og for å gi den enkelte pasient moglegheiter for å bevare brystet. Størrelsen på og eigenskapane til svulsten, eventuell lymfeknutespreiing og alderen din vil ha betydning for kva type behandling som blir valt. Ikkje alle treng tilleggsbehandling.

Les meir om  Strålebehandling

Strålebehandling

Strålebehandling blir brukt for å kurere kreftsjukdom, førebygge eventuelle tilbakefall eller lindre plagsame symptom du får som følge av kreftsjukdom. I behandlinga nyttar ein stråling med høg energi. Vi tar sikte på å gi ein stråledose som er stor nok til å øydelegge kreftsvulsten og samtidig gjer minst mogleg skade på friskt vev.

Stråleterapiavdelinga er delt i to: 1) ein planleggingsseksjon med eit CT- og doseplanavsnitt, og 2) ein behandlingsseksjon med strålebehandlingsmaskiner.

1. Før

All strålebehandling er individuelt tilpassa. For at behandlinga skal kunne planleggast og gjennomførast, krevst det godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam som består av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legar vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose ein skal gi. Talet på behandlingar (fraksjonar) varierer avhengig av svulstens type, størrelse og lokalisasjon. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.

Vi tar vanlegvis CT-bilete av den delen av kroppen din som skal behandlast. Bileta blir brukt til å lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg, kalla doseplan. På CT (computertomografi) vil det bli teikna med tusj på huda di og ofte blir det også tatovert små hjelpemerke. Dette for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.

2. Under

Sjølve strålebehandlinga startar som regel i løpet av veka etter CT-undersøking, og blir utført av stråleterapeutar ved eit behandlingsapparat. Ved første behandlinga får du grundig informasjon, og du får utlevert ei liste over datoar og tidspunkt for resten av den planlagte behandlinga.

Behandlinga gir ein vanlegvis dagleg måndag til fredag. Kvar behandling tar cirka ti til 30 minutt, men sjølve strålinga varer berre i eit par minutt og er heilt smertefri.

3. Etter

Dersom du ikkje er innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden får du jamleg oppfølging og kontroll hos lege og sjukepleiar.

Strålebehandlinga kan gi ulike biverknader. Kva slags biverknader og graden av desse kjem an på stråledose, kva slags område på kroppen som behandlast og størrelsen på strålefeltet. Helsepersonell gir deg grundig informasjon om behandlinga og kva slags biverknader du kan forvente, samt tiltak mot desse.

Strålebehandling


Les meir om  Cellegiftbehandling

Cellegiftbehandling

 

Cellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisin for å motarbeide kreftceller.

 

Målet med cellegiftbehandlinga avheng av sjukdommens stadium:

  • Kurativ behandling har som mål å kurere sjukdommen
  • Livsforlengande behandling har som mål å forlenge livet
  • Symptomlindrande behandling har som mål å lindre plagsame symptom

1. Før

 

Rett før cellegiftbehandlinga anbefaler vi at du et eit lett måltid, for eksempel rista loff og ein kopp te.

2. Under

 

Vanlegvis får ein cellegiftkurane intravenøst, det vil seie gjennom ei blodåre. Ved utvalte kreftsjukdommar kan cellegift også setjast direkte i blæra eller i ryggmargsholrommet. Cellegift som tablettar eller kapslar svelgast heile med rikeleg drikke. Varigheita av ei cellegiftbehandling kan variere frå nokre minutt til fleire dagar. Intervallet mellom kurane er vanlegvis ei til fire veker.

Ein cellegiftkur kan bestå av ulike typar cellegift som ein får fortløpande etter kvarandre. Nokre kurar krev innlegging på sengepost, men ofte kan ein få ein slik kur på poliklinikkane.

Cellegiftbehandlinga er alltid føreskrive av lege, men sjølve behandlinga får ein av sjukepleiar som har spesialkompetanse.

 

3. Etter

 

I samband med cellegiftbehandling er det viktig med god hygiene, fordi nedbrytingsprodukta blir skylt ut gjennom slimhinner, urin, avføring og oppkast. Dette gjeld særleg det første døgnet etter avslutta kur. Her følger nokre generelle råd:

  • Vask hendene godt med varmt vatn og såpe etter toalettbesøk

  • Bruk papir for å tørke opp eventuelt søl, vask deretter med vatn og såpe

  • Kast bind og bleier i ein eigen plastpose

  • Vask klede og sengeklede som blir tilsølt med ein gong

  • Ved seksuell kontakt bør ein bruke kondom


Ved å følge desse forholdsreglane kan du trygt vere i lag med andre akkurat som før – også barn og gravide. Nærkontakt med personar som har symptom på infeksjonssjukdom bør ein derimot unngå.

Ernæring under cellegiftbehandling

Behandling med cellegift kan gi dårleg matlyst. Dersom du har vedvarande nedsett matlyst over fleire dagar er det viktig at du kontaktar sjukepleiaren din eller ein annan kontaktperson på sjukehuset. Det er viktig at du drikk godt, minimum to liter væske dagleg. Dette fordi mange cellegifttypar og deira nedbrytingsprodukt blir skylt ut med urinen. Rikeleg inntak av væske kan òg førebygge kvalme.

Energirike drikker og vatn er bra. Når det gjeld mat, er det ofte lettare å få i seg kald enn varm mat, salt mat i staden for søt mat og flytande i staden for fast. For eksempel kan salat og brød, eggerøre og røykalaks eller tomatsuppe smake godt.

Det kan også vere lurt å spe på med næringsrike mellommåltid, som ost, tørka frukt, nøtter og næringsrik drikke. Det finst ulike typar næringsdrikke som du kan få eller kjøpe på apoteket. Du kan også tilsetje næringspulver i matlaginga. Sjå også eigne brosjyrar for meir informasjon om ernæring.
Forsøk å lage appetittvekkande og innbydande måltid, men ver oppmerksam på at cellegiftbehandling ofte fører til at maten smakar annleis enn før.

 

Biverknader og komplikasjonar

Cellegiftbehandling gir ofte fleire biverknader fordi behandlinga også påverkar dei normale cellene i kroppen. Intensiteten og varigheita av biverknadene avheng av type cellegiftkur og varierer frå person til person.

Auka risiko for infeksjonar

Dei fleste cellegiftkurane gir nedsett beinmargsproduksjon av raude og kvite blodlekamar (celler), samt blodplater. Talet på kvite blodlekamar minkar etter behandlinga. Dette oppstår oftast fem til 15 dagar etter kuren og er avhengig av kva slags kur du har fått. I denne fasen er ein ekstra utsett for infeksjonar. Unngå difor nærkontakt med menneske som tydeleg har symptom og teikn på infeksjon. Cellegiftbehandlinga kan redusere nivået av blodplater, som kan medføre auka blødingsfare. Etter langvarig behandling kan også produksjonen av raude blodlekamar bli redusert, og blodoverføring kan vere aktuelt.  

Alle desse biverknadene som påverkar beinmargen er forbigåande og det er ingen praktiske ting du kan gjere for å betre denne tilstanden. I utvalte tilfelle er det aktuelt å gi medisinar som stimulerer produksjonen av kvite blodceller.

Kvalme og brekningar

Fleire cellegiftkurar kan gi kvalme og brekningar. Ubehaget kjem ofte nokre timar etter avslutta behandling og kan vare i eitt til fire døgn etter siste behandlingsdag. Dei siste åra har vi fått veldig effektive kvalmestillande medikament mot kvalme som skuldast cellegift. Det er derfor svært viktig at du tar slike medikament som er føreskrive av legen din på sjukehuset. Psykiske faktorar som stress og angst kan også påverke opplevinga av kvalme. Berre tanken på neste kur kan vere nok til å utløyse brekningar hos enkelte. 

Slappheit

Slappheit er ein vanleg biverknad av cellegiftbehandling dei første eitt til tre døgna. Slappheita går gradvis over dei neste dagane.

Håravfall

Nokre cellegiftkurar kan føre til at ein heilt eller delvis misser håret på hovudet og at kroppshår blir tynna ut. Dette skjer vanlegvis etter ein til to kurar. Håret kjem gradvis tilbake etter avslutta behandling. Trygdekontoret gir økonomisk støtte til parykk og hovudplagg når pasienten har attest frå lege.

Smerter

Nokre få cellegifter kan gi kortvarige smerter i armen fordi det oppstår ein irritasjon av blodåreveggen. Andre cellegifter kan skade normalt bindevev og muskulatur dersom cellegift kjem utanfor blodåra.

Feber

Enkelte cellegiftkurar gir feber nokre timar etter behandlinga. Dette er ein normal reaksjon, og er ikkje farleg. Det er på den andre side svært viktig å vere oppmerksam på feber som oppstår mellom kurane, då dette kan vere det første teiknet på ein livstruande infeksjon. Ved feber over 38 gradar mellom kurane må lege kontaktast med ein gong.

Skade på slimhinner

Fleire cellegifter kan forårsake slimhinnebetennelse i munn og svelg, tarmar, magesekk, urinblære og underlivet hos kvinner. Betennelse i munnslimhinna kan gi smerter ved tygging og svelging av mat og dermed nedsett matlyst. Sår i magesekk og tynntarmens slimhinner kan oppstå. Sårheit i blæreslimhinna kan medføre svie ved urinering, samt hyppig vasslating, og sårheit i skjeden kan gi smerter ved samleie. Det er vanleg at såra lækjer seg sjølve etter nokre dagar og i god tid før påfølgande cellegiftbehandling.

Påverknad av kjønnskjertlar

Under behandlinga kan kvinner få uregelmessig menstruasjon, eller den kan stoppe heilt opp. Likevel bør kvinner bruke prevensjon både i behandlingsperioden og i cirka eitt år etter behandling er avslutta, på grunn av risiko for skadar på eggcellene under behandlinga.

Produksjon av sædceller hos menn blir påverka og dette gjer at befruktningsevna kan bli nedsett. Menn bør også bruke prevensjon for å hindre overføring av skada sædceller til partnaren. Graden og varigheita av nedsett befruktningsevne er først og fremst avhengig av alder. Dess yngre ein er, dess betre er sjansen for å bevare befruktningsevna.

Skade på nervar

Det kan oppstå forbigåande skade på små nerveforgreningar, som kan gi ei kjensle av at tær og fingertuppar dovnar bort og er kalde.  Slike bivirkverknader forsvinn vanlegvis innan nokre veker til månader etter avslutta behandling.


 

Ver merksam

 

  • Dei første 15 dagane etter cellegiftkuren kan du vere ekstra utsett for infeksjonar. Unngå derfor nærkontakt med menneske som openbart har symptom og teikn på infeksjonar.
  • Ved feber over 38 grader mellom cellegiftkurane må du kontakte lege umiddelbart.


 

Cellegiftbehandling

 

Andre behandlingsmetoder

Ved langtkomen kreft der sjukdommen ikkje kan kurerast, finst det no ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebygging og symptomlindring. 

Mange kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange dør av heilt andre årsaker.


3. Oppfølging

For dagkirurgiske pasientar vil det ofte vere eit tilbod om time på poliklinikken dagen etter operasjonen. Her får du samtale med sjukepleiar og fysioterapeut.

Kontrollar

I løpet av tre veker etter operasjon får du svar på vevsprøvene som er tatt under operasjonen, og du vil få anbefalingar for det vidare behandlings- og kontrollopplegget. For mange vil det vere aktuelt med tilleggsbehandling.

Vidare kontrollar med klinisk undersøking blir tilrådd ein gong i året, i nokre tilfelle kvar sjette månad dei første fem åra. Deretter årlege kontrollar. I tillegg skal du til mammografi årleg dei første ti åra etter operasjonen. Kvar kontrollane skal skje, er avhengig av eventuell tilleggsbehandling og kva som gjeld for ditt sjukehus. Fastlegen vil også kunne få ansvar for å utføre nokre kontrollar.

Kva skjer ved kontroll

Den kliniske kontrollen består av at lege undersøker operasjonsområdet, det andre brystet, armholer og andre nærliggande lymfeknutestasjonar (hals og øvre del av brystkassa).

Du vil også få sjekka arm- og skulderfunksjon, samt svar på mammografiundersøkinga.

Behov for rehabilitering

Etter kreftbehandling vil nokre ha behov for rehabilitering. Dette for å kome raskare tilbake til eit normalt liv etter behandlinga. Vanlegvis anbefaler vi dette tidlegast ein til to månader etter avslutta behandling. Snakk med behandlande lege eller fastlegen din om dette.

Forventa eigeninnsats

Etter operasjonen får du rettleiing av fysioterapeut om eigentrening. Spesielt med tanke på arm- og skulderfunksjon. Det er viktig at du følger opp og gjer desse øvingane.

Behov for pleie

Det er ikkje behov for pleie utover det du har hatt behov for i forkant av inngrepet.

Legemiddel

Ingen utover det du hadde før inngrepet.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Faresignal

Eksterne kurs

Kontakt

Kirurgisk sengepost A Molde
Telefon
71 12 18 40
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

Postboks 1600

6026 Ålesund

Praktisk informasjon

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstidene er på dei fleste avdelingene kl. 14:30 - 15:30 og kl. 19:00 - 19:30. Vi vil oppmode besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før pasientbesøket.

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.