Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg inn i den korte opninga av CT-maskina. Maskina er open frå begge endar.
Bordet flyttar på seg når bileta blir tatt.
Ein biletserie tar berre nokre sekund. Det kan derimot bli fleire seriar. Det er heilt avgjerande for kvaliteten på bileta at du ligg i ro under heile undersøkinga.
I kvart enkelt tilfelle vurderer vi om det er behov for å setje røntgenkontrast i blodåra. Den vert injisert gjennom ei plastnål som vi legg inn i blodåra undervegs. Du blir spurt om tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, i tillegg til allergiar, astma og diabetes. Kontrasten medfører sjeldan ubehag, men ein kan føle ein forbigåande varme gjennom kroppen.
Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Du blir observert gjennom eit vindauge og dei høyrer deg gjennom ein mikrofon i maskina.
Som regel varer undersøkinga i cirka 10 minutt.