Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg inn i den korte opninga av CT-maskina. CT-maskina er open frå begge endar.
Når bileta blir tatt beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Du blir bedt om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Denne undersøkinga er smertefri.
Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Du blir observert gjennom eit vindauge og dei høyrer deg gjennom ein mikrofon i maskina.
Undersøkinga tar som regel 20 minutt.
CT med kontrastvæske
I kvart enkelt tilfelle vurderer vi om det er behov for å setje røntgenkontrast i blodåra. Viss du skal ha kontrast i åra får du ei plastnål (kanyle) lagt inn i ei blodåre. Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt bilete i serie av dei ulike organa.
Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, og enkelte andre risikofaktorar. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag, men mange føler ein forbigåande varme gjennom kroppen.