CT av hovudet, Molde

CT Caput, Radiologi Molde

 

CT er ei forkorting for computertomografi. Det er ei røntgenundersøking der vi tar snittbilete av dei delane av kroppen din som skal undersøkast.
Bileta blir laga ved hjelp av eit dataprogram.

 

Innleiing

CT er veldig godt eigna til å få fram eventuelle endringar på lunger, hjerne, indre organ, blodårer og hjarte.

CT av hovudet er særs nyttig for å undersøke:

  • blødingar, aneurismer (utposingar på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskadar
  • oppdage svulstar
  • slag

I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårene, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.




Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Graviditet og røntgen

 

Filmen viser konkrete eksempel på vurderingar av røntgenundersøkingar ved graviditet. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Kreatinin/eGFR må fyllast ut på undersøkinga som krev kontrastmiddel.
    Skriv inn dato for prøvetaking.
    eGFR må rekvirerast primært ved prøvetaking. Det er ikkje lengre nok å rekvirere kreatinin.
  • Merk tilvisinga om det er akutt hjelp eller om pasienten skal innkallast til time.
    Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.

  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.

  • Merk tilvisinga med "grad av hast"

  • Er pasienten gravid må dette bli opplyst om.

  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi det. Samt kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.

  • Tilvisinga må innehalde:
    - gode kliniske opplysingar
    - kort og presis beskriving av problemstillinga - kva ein ønsker å få undersøkt

    Dette har betydning for valg av CT-protokoll og at bileta dekker det de spør etter.

     

1. Før

 

Dersom du bruker tablettar som inneheld metformin  mot diabetes tar du desse som normalt dersom du ikkje høyrer noko anna frå sjukehuset. Dersom du har hatt opphald i bruk av tablettane må du kontrollere nyrefunksjonen to dagar etter undersøkinga før du kan fortsette med tablettane. Dette gjer du hos eigen lege.

CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga. 

Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga blir sendt til deg ved innkalling eller blir gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.

2. Under

 

Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg inn i den korte opninga av CT-maskina. Maskina er open frå begge endar.

Bordet flyttar på seg når bileta blir tatt.

Ein biletserie tar berre nokre sekund. Det kan derimot bli fleire seriar. Det er heilt avgjerande for kvaliteten på bileta at du ligg i ro under heile undersøkinga.

I kvart enkelt tilfelle vurderer vi om det er behov for å setje røntgenkontrast i blodåra. Den vert injisert gjennom ei plastnål som vi legg inn i blodåra undervegs. Du blir spurt om tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, i tillegg til allergiar, astma og diabetes. Kontrasten medfører sjeldan ubehag, men ein kan føle ein forbigåande varme gjennom kroppen.

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Du blir observert gjennom eit vindauge og dei høyrer deg gjennom ein mikrofon i maskina.

Som regel varer undersøkinga i cirka 10 minutt.

3. Etter

 

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 20 - 30 minutt etter at kontrasten er satt inn. Vi tar ut nåla etter undersøkinga.

For andre pasientar gjeld inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga

Bileta blir granska av ein røntgenlege som lagar ein skriftleg rapport om kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Ved akutte tilstandar blir det gitt eit foreløpig svar etter undersøkinga.

Inneliggande pasientar får vanlegvis svar neste dag.

Ver merksam

Det er vanleg å få ein varmekjensle under kontrastinjeksjonen. Dette kan følast litt ubehageleg, men er ufarleg.

I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.  

Kontakt

Oppmøte

Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje, austfløya.
Bruk inngang A (hovudinngangen).

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.  

Radiologi Molde

Telefon
71 12 23 95
måndag09:00 - 15:00
tysdag09:00 - 15:00
onsdag09:00 - 15:00
torsdag09:00 - 15:00
fredag09:00 - 15:00
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund, seksjon Molde
Helse Møre og Romsdal HF 
Molde sjukehus
6407 Molde

Praktisk informasjon

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstidene er på dei fleste avdelingene kl. 14:30 - 15:30 og kl. 19:00 - 19:30. Vi vil oppmode besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før pasientbesøket.

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Molde sjukehus på telefon 71 12 23 95 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.