Helsenorge
CT Caput / Radiologi Volda

CT av hovudet, Volda

CT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle områder i kroppen med bruk av røntgenstråling. Bileta blir laga ved hjelp av eit dataprogram.

Ventetider

Innleiing

CT av hovudet er særs nyttig for å undersøke:

  • blødingar, aneurismer (utposingar på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskadar
  • oppdage svulstar
  • slag

I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårene, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.



Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Graviditet og røntgen

 

Filmen viser konkrete eksempel på vurderingar av røntgenundersøkingar ved graviditet. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.


Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Kreatinin må fyllast ut på undersøkinga som krev kontrastmiddel.
    Skriv inn dato for prøvetaking.
  • Merk tilvisinga om det er akutt hjelp eller om pasienten skal innkallast til time.
    Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.
  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.
  • Merk tilvisinga med "grad av hast"
  • Er pasienten gravid må dette bli opplyst om.
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi det. Samt kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.
  • Tilvisinga må innehalde:
    - gode kliniske opplysingar
    - kort og presis beskriving av problemstillinga - kva ein ønsker å få undersøkt

    Dette har betydning for val av CT-protokoll og at bileta dekker det de spør etter.

Før

Dersom du bruker tablettar som inneheld metformin  mot diabetes tar du desse som normalt dersom du ikkje høyrer noko anna frå sjukehuset.

CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga. 

Under

Tidsperspektiv: ca. 10 minutt

Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg inn i den korte opninga av CT-maskina. CT-maskina er open frå begge endar.

Når bileta blir tatt beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Du blir bedt om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Denne undersøkinga er smertefri.

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Du blir observert gjennom eit vindauge og dei høyrer deg gjennom ein mikrofon i maskina.

Undersøkinga tar som regel 20 minutt.

CT med kontrastvæske

I kvart enkelt tilfelle vurderer vi om det er behov for å setje røntgenkontrast i blodåra. Viss du skal ha kontrast i åra får du ei plastnål (kanyle) lagt inn i ei blodåre. Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt bilete i serie av dei ulike organa.

Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, og enkelte andre risikofaktorar. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag, men mange føler ein forbigåande varme gjennom kroppen.

Etter

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten er satt inn. Vi tar ut nåla etter undersøkinga.

For andre pasientar gjeld inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga

Bileta blir granska av ein røntgenlege som lagar ein skriftleg rapport om kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Inneliggande pasientar får vanlegvis svar neste dag.

Ver merksam

Det er vanleg å få ein varmekjensle under kontrastinjeksjonen. Dette kan følast litt ubehageleg, men er ufarleg.

I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.  

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

Ved Volda sjukehus finn du dei fleste parkeringsplassane på oppsida (nordsida) av sjukehuset. I tillegg er det noko parkeringsareal mellom DPS-et og hovudbygget. 

Det er kostnadsfritt å parkere ved sjukehuset. HC-parkering ved hovudinngangen, akuttmottaket, DPS og BUP. Det er moglegheit for av- og påstiging rett utanfor hovudinngangen.

Parkering ved Volda sjukehus. Oversiktsbilde med markeringar.


 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Volda sjukehus

Måndag - fredag: kl. 17.00-19.00

Laurdag og søndag: 16.00-18.00

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. 

Besøksforbod f​rå og med fredag 17. desember 2021
Med bakgrunn i smittesituasjonen i fylket og landet elles ser Helse Møre og Romsdal behov for å innføre besøksforbod ved alle våre sjukehus og institusjonar. Vi har nokre unntak som du kan sjå her.​  ​


Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Volda sjukehus på telefon 70 05 82 66 i tidsrommet 08:00 - 15:30. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?