Du blir undersøkt liggande på eit motorisert bord som forflyttar deg inn i den korte opninga av CT-maskina. CT-maskina er open i begge endar.
Bordet flyttar på seg når bilda blir tatt. Det er heilt avgjerande for kvaliteten på bilda at du ligg i ro under heile undersøkinga. Du blir bedt om å halde pusten i nokre sekund når bilda blir tekne. Dette for å unngå unødvendige bevegelsar i lunge- og mageregionen.
Ein biletserie tar berre nokre sekund. Det kan derimot bli tatt fleire seriar.
Undersøkinga er smertefri. Ei plastnål (kanyle) vert lagt inn i blodåra di. Gjennom plastnåla set vi kontrast i blodåra.
Du blir spurt om tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, i tillegg til allergiar, astma og diabetes. Kontrasten medfører sjeldan ubehag, men ein kan føle ein forbigåande varme gjennom kroppen.
Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Du blir observert gjennom eit vindauge og dei høyrer deg gjennom ein mikrofon i maskina.
Som regel tar undersøkinga cirka 10 til 20 minutt.