CT av mage, Ålesund

Radiologi Ålesund
CT Abdomen/bekken

 

CT er ei forkorting for computertomografi. Det er ei røntgenundersøking der vi tar snittbilete av dei delane av kroppen din som skal undersøkast.
Bileta blir laga ved hjelp av eit dataprogram.

Innleiing

CT er ei rask undersøking som gir god oversikt over ei rekke tilstandar. Nokre eksempel kan vere:

  • oppdage svulstar og andre prosessar i kroppen
  • kontroll av kreftsjukdommar
  • avklare infeksjonar og  betennelsar
  • vurdere organskadar ved traume
  • sjukdom i bein og knoklar

CT-maskina er god når det gjeld vurdering av mage og indre organ. CT kan også nyttast ved vevsprøve (biopsi) av ein svulst.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.



Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Graviditet og røntgen

 

Filmen viser konkrete eksempel på vurderingar av røntgenundersøkingar ved graviditet. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Kreatinin/eGFR må fyllast ut på undersøkinga som krev kontrastmiddel.
    Skriv inn dato for prøvetaking.
    eGFR må rekvirerast primært ved prøvetaking. Det er ikkje lengre nok å rekvirere kreatinin.
  • Merk tilvisinga om det er akutt hjelp eller om pasienten skal innkallast til time.
    Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.
  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.
  • Merk tilvisinga med "grad av hast"
  • Er pasienten gravid må dette bli opplyst om.
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi det. Samt kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.
  • Tilvisinga må innehalde:
    - gode kliniske opplysingar
    - kort og presis beskriving av problemstillinga - kva ein ønsker å få undersøkt

    Dette har betydning for val av CT-protokoll og at bileta dekker det de spør etter.

1. Før

Førebuing heime


Nokre undersøkingar kan innebere førebuingar som blodprøvetaking, faste, drikke eller tarmtømming. Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga blir sendt til deg ved innkalling eller blir gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.

Du skal ikkje ete to timar før ei kontrastundersøking. Dette for å unngå kvalme.

Du kan drikke klare væsker i moderate mengder.
Med klare væsker meiner vi:

  • vatn
  • saft
  • juice utan fruktkjøtt
  • buljongsuppe
  • kaffi og te utan mjølk
  • Unngå mjølkeprodukt eller produkt med kolsyre.

Når inntak av kontrast startar kan du ikkje drikke. Dette for å unngå utvatning av kontrasten i tarmsystemet.

CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.

Dersom du har normal nyrefunksjon og bruker tablettar som inneheld metoformin mot diabetes skal du ta desse som normalt før kontrastundersøkinga.
Dersom du har nedsett nyrefunksjon skal du ikkje ta medisinane to dager før og to dagar etter undersøkinga. Før du kan fortsette med tablettane må du kontrollere nyrefunksjonen hos fastlegen to dagar etter undersøkinga.

Har du sjukdom i skjoldbrukskjertelen, opplys tilvisande lege om dette.

Førebuing på sjukehuset.

Dersom du skal ta CT av mage eller bekken må du i dei fleste tilfelle drikke vatn eller vatn tilsett kontrastvæske før undersøkinga. Du blir spurt om du har diabetes viss det er aktuelt å blande saft i vatnet med kontrasten.

Ved nokre tilfelle skal du ikkje drikke kontrast før undersøkinga. Då treng du ikkje førebu deg heime.

Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet i bileta.

2. Under

Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg inn i den korte opninga av CT-maskina. CT-maskina er open frå begge endar.

Når bileta blir tatt beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Du blir bedt om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen.

Undersøkinga er smertefri.

Ei plastnål (kanyle) blir lagt inn i ei blodåre. Dette blir gjort viss du skal ha kontrast i åra. Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det tatt bilete i serie av dei ulike organa. 

Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag, men mange føler ein forbigåande varme gjennom kroppen.

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Du blir observert gjennom eit vindauge og dei høyrer deg gjennom ein mikrofon i maskina.

Undersøkinga tar som regel 20 minutt.

3. Etter

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 20 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Vi tar ut nåla etter ventetida.

For andre pasientar gjeld inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga

Bileta blir granska av ein røntgenlege som lager ein rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt. 

Ved akutte tilstandar får du eit foreløpig svar like etter undersøkinga.



Inneliggande pasientar får vanlegvis svar neste dag.

Ver merksam

Det er vanleg å få ein varmekjensle under kontrastinjeksjonen. Dette kan følast litt ubehageleg, men er ufarleg.

I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar. 

Kontakt

Oppmøte

Radiologisk avdeling finn du i 2. etasje.
Bruk inngangen på nordsida av sjukehuset.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

 

Radiologi Ålesund
Telefon
70 10 55 40
måndag - fredag 08:00 - 15:30
E-post
Postadresse

Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Ålesund/Volda, seksjon Ålesund
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund Sjukehus
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:

  • Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40/41 mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
  • Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27 eller 70 10 56 00 mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.