Førebuing heime
Du må vere fastande i to timar før undersøkinga.
Eksakt informasjon om førebuing blir sendt til deg ved innkalling eller blir gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.
Du kan drikke klare væsker i moderate mengder.
Med klare væsker meiner vi:
- vatn
- saft
- juice utan fruktkjøt
- buljongsuppe
- kaffi og te utan mjølk
- Unngå mjølkeprodukt eller produkt med kolsyre.
Når inntak av kontrast startar kan du ikkje drikke. Dette for å unngå utvatning av kontrasten i tarmsystemet.
CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette i god tid før undersøkinga.
Dersom du bruker tablettar som inneheld metformin mot diabetes skal du ta desse som normalt dersom du ikkje høyrer noko anna frå sjukehuset. Dersom du har hatt opphald i bruk av tablettane må du kontrollerer nyrefunksjonen din to dagar etter undersøkinga før du kan fortsette med tablettane. Dette gjer du hos eigen lege.
Har du sjukdom i skjoldbrukskjertelen, opplys tilvisande lege om dette.
Førebuing på sjukehuset
Dersom du skal ta CT av mage eller bekken må du i dei fleste tilfelle drikke vatn eller vatn tilsett kontrastvæske for undersøkinga. Du blir spurt om du har diabetes viss det er aktuelt å blande saft i vatnet med kontrasten.
Ved nokre tilfelle skal du ikkje drikke kontrast før undersøkinga. Då treng du ikkje førebu deg heime.