Korleis undersøkniga blir utført vil variere ut frå kva som skal undersøkast.
Som regel tar undersøkinga mellom 10 og 30 minutt, og er smertefri
Nokre ganger får du ei plastnål (venflon) lagt inn i ei blodåre, viss du skal ha kontrastmiddel i blodet. Nåla vert fjerna etter undersøkinga. Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, og andre risikofaktorar. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag, men mange føler ein forbigåande varme gjennom kroppen.
Under undersøkinga ligger du på eit motorisert bord som forflyttar deg inn i opninga av CT-maskina. Maskina er open frå begge sider. Du blir ikkje stengt inne i ein "tunnel". Bordet beveger seg litt når bileta blir tatt. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Enkelte vil også bli bedt om å halde pusten nokre gongar. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen.
Personalet går ut av undersøkelsesrommet når bilda blir tatt. Dei observerer deg gjennom eit vindauge og du kan snakka til dei gjennom ein mikrofon i maskina.