CT-undersøking, Volda

Radiologi Volda

 

CT er ei forkorting for computertomografi. Det er ei røntgenundersøking der vi tar snittbilete av dei delane av kroppen din som skal undersøkast. Bileta blir laga ved hjelp av eit dataprogram. CT-undersøkinga har ulike navn avhengig av kva del av kroppen som skal  undersøkast.
 

Innleiing

CT er veldig godt eigna til å få fram eventuelle endringar på lunger, hjerne, indre organ, blodårer og hjarte.

CT-undersøkinga er særs nyttig for å:

  • undersøke blødingar, aneurismer (utposingar på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskadar.
  • oppdage svulstar og andre prosessar i heile kroppen.
  • avklare infeksjonar og betennelsestilstandar, samt vurdering av lungevev.
  • vurdere organskadar ved traume.

Mange trudde at CT kom til å forsvinne då MR-teknologien kom for nokre år tilbake. CT har framleis ei viktig rolle ved diagnostikk av mange tilstander. CT eignar seg til å vurdere mage og indre organ. Kreftsvulstar i lever, bukspyttkjertel, nyrer, binyrer og urinvegar kan kartleggast godt med CT. Det same gjeld for framstilling av bein og knoklar. 

CT kan også nyttast ved vevsprøve (biopsi) av ein svulst.

Ved hjelp av CT ser røntgenlegen kor nåla skal førast for å treffe riktig stad. Undersøkinga vert gjort ved at ein stikk ei prøvetakingsnål inn til svulstvevet. Gjennom denne kan ein suge ut materiale til nærare gransking.


Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.



Sikre rett bruk av røntgenundersøkingar

 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Graviditet og røntgen

 

Filmen viser konkrete eksempel på vurderingar av røntgenundersøkingar ved graviditet. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Kreatinin må fyllast ut på undersøkingar som krev kontrastmiddel.
    Skriv inn dato for prøvetaking.
  • Merk tilvisinga om det er akutt hjelp eller om pasienten skal innkallast til time.
    Vi treng å vite kva som er avtalt med pasienten.
  • Ved akutt hjelp skal ein alltid sende med pasienten papirtilvising i tillegg til elektronisk tilvising.
  • Merk tilvisinga med "grad av hast"
  • Er pasienten gravid må dette bli opplyst om.
  • Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi det. Samt kva språk pasienten snakkar. Tolken kan ikkje vere gravid.
  • Tilvisinga må innehalde:
    - gode kliniske opplysingar
    - kort og presis beskriving av problemstillinga - kva ein ønsker å få undersøkt

    Dette har betydning for val av CT-protokoll og at bileta dekker det de spør etter. 

1. Før

Det kan vere aktuelt å drikke kontrast før undersøkinga. Kontrastvæska får du enten på sengeposten eller når du kjem til røntgenavdelinga. Væska du drikk gjer at magesekken og tarmane blir betre avgrensa mot andre delar av kroppen.

Før dei fleste CT-undersøkingar er det ikkje nødvendig å tømme tarmen, men før enkelte undersøkingar, spesielt tjukktarm, er dette ein del av førebuinga. Det får du eventuelt nærmare beskjed om når du får time til CT.

Dersom du har ei form for kontrastmiddelallergi eller diabetes må du gi beskjed til personalet på sengeposten og på røntgenavdeling. Sei også i frå om kva medisinar du nyttar dersom du blir behandla for diabetes. 

Førebuingane varierer ut frå kva som skal undersøkast.
Eksakt informasjon om førebuingar til undersøkinga vert sendt til deg ved innkalling, eller det vert opplyst ved avdelinga når timen blir avtalt.

2. Under

Under undersøkinga ligg du på ein benk i CT-maskina.
Du blir bedt om å halde pusten i nokre sekund når bilete av for eksempel lungene eller magen skal takast. Sjølve biletserien er unnagjort på nokre sekund. Stundom tek ein fleire serier og bilete over fleire område.
Ein kan òg ta bilete i ulike kontrastfasar. Det vil seie at du får kontrastmiddel i arma og når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, vert det tatt bilete i serie av dei ulike organa.

Korleis undersøkinga blir utført varierer ut frå kva som skal undersøkast.

Som regel tar undersøkinga mellom ti og 30 minutt, og er smertefri, bortsett frå i dei tilfella ei plastnål vert lagt inn i ei blodåre. Dette blir gjort viss du skal ha kontrast i åra. Nåla vert fjerna etter undersøkinga.
Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, om allergiar eller astma og diabetes.
Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag, men mange føler ein forbigåande varme gjennom kroppen.

Du vert undersøkt liggande på eit motorisert bord som forflyttar deg inn i opninga av CT-maskina. Maskina er open frå begge sider. Du blir ikkje stengt inne i ein "tunnel".
Bordet beveger seg litt når bileta blir tatt. 

Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Enkelte vil også bli bedt om å halde pusten nokre gongar. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen.

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Du blir observert gjennom eit vindauge og dei høyrer deg gjennom ein mikrofon i maskina.

3. Etter

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga i 20 minutt etter at kontrasten er sett inn.
For andre pasientar gjeld inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga

Resultatet av undersøkinga kan du dessverre ikkje få med ein gong.
Bileta vert granska av ein røntgenlege som lager ein rapport av kva bileta viser. Rapporten vert sendt legen som tilviste deg innan ei til to veker.
Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt. 

Ved akutte tilstandar får du eit foreløpig svar like etter undersøkinga.


 

Ver merksam

Røntgenkontrast gir svært sjeldan allergiske reaksjonar. Ein sjeldan gong kan ein få biverknader i form av varmekjensle. Kan gi redusert nyrefunksjon.

I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrastvæske. Dette er ufarleg og betyr ikkje at du er allergisk.
Utslettet kan ved behov bli behandla med reseptfrie kløestillande middel.

 

 

Kontakt

Oppmøte

Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje.
Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Radiologi Volda
Telefon
70 05 82 66
måndag - fredag 08:00 - 10:00 og 14:00 - 15:30
Vaktsentralen 70 05 82 00 kan formidle kontakt utanom dette tidsrom i spesielle høve.
E-post
Postadresse
Klinikk for diagnostikk
Avdeling for radiologi Ålesund/Volda, seksjon Volda
Helse Møre og Romsdal HF 
Volda sjukehus
Boks 113
6101 Volda
Volda sjukehus
Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70 05 82 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Endre/avbestille time

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Volda sjukehus på telefon 70 05 82 66 i tidsrommet 08:00 - 15:30. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​​​​Du kan parkere på anviste plassar utanfor sjukehuset


 

Pasienttelefon

​Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.