DD-behandling, Kristiansund

Hudpoliklinikken Kristiansund

Behandlinga kan nyttast mot betennelsar i huda, som til dømes handeksem, nevrodermatitt, psoriasis og pustulosis palmoplantaris.

Innleiing

DD er forkorting for "Dermovat med Duoderm over". DD-behandling er ei lokalbehandling til pasientar med  hudsjukdommar, der ein ønsker auka effekt av kortison (Dermovat).

Duoderm aukar effekten av Dermovat samtidig som den beskyttar huda mot irritasjon. 

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Behandlingsområdet og huda rundt må gjerast reint og tørke.

2. Under

  1. Behandlingsområdet og huda rundt må vere reint, tørt og fritt for feitt.
  2. Dermovatoppløysning blir pensla tynt på det aktuelle området med bomullspinne. Dette blir gjort i to omgangar. La oppløysninga tørke mellom kvar påføring.
  3. Behandlingsområdet blir dekt med Duoderm når oppløysninga har tørka. Både tynn Duoderm eller Duoderm E kan nyttast. Tynn Duoderm blir ofte brukt der ein ønsker ei fleksibel plate, for eksempel til fingrar. Duoderm E er tjukkare og nyttast ofte under føtene. Duodermplata blir klipt til slik at den dekker cirka to centimeter utanfor behandlingsområdet.
  4. Duodermplata kan eventuelt dekkast med plaster, til dømes Mefix, slik at den sit betre.
  5. Plata skal sitje i ei veke før den blir skifta. Behandlinga blir gjentatt. Det er vanleg å bli behandla i fire til seks veker.

3. Etter

Det er viktig at DD-behandlinga blir følgt opp med vedlikehald. Dette i form av fuktkrem og lokale kortisonsalver i doser som blir trappa ned gradvis.

Ver merksam

Det er få biverknader knytt til behandlinga. Eit fåtal utviklar kontaktallergi mot duodermplatene og/eller mot dermovatoppløysninga.

Kontakt

Hudpoliklinikken Kristiansund
Telefon
Ekspedisjon: 71122015 , Sjukepleiar: 71122022 , Fax: 71122335
Postadresse
Helse Møre og Romsdal
Hudpoliklinikken Kristiansund
Kristiansund sjukehus
Hermann Døhlensvei 1
6508 Kristiansund
Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.