Depresjon hos barn og ungdom, Kristiansund

Behandlingsprogram, Poliklinikk Kristiansund BUP

Særtrekk ved depresjon hos barn og ungdom er tristheit og/eller at barnet eller ungdomen er irritabel det meste av dagen, nesten kvar dag samanhengande i minst 14 dagar. Det er også vanleg at dei mistar interessa for aktivitetar dei likte før.

Les meir om Depresjon hos barn og unge
Informasjon frå helsenorge.no

Depresjon hos barn og unge

Depresjon rammer også barn og unge. Heldigvis fins det behandling som kan hjelpe unge med depresjon til å få det bedre.

Barn og tenåringer kan bli deprimerte, men de skjuler ofte følelsene sine. Som forelder kan det være vanskelig å vite om barnet ditt er deprimert eller om det bare går gjennom en vanskelig periode.

I oppveksten er det naturlig med konflikter, kjærlighetssorg og surmuling. I perioder vil ungdommer trekke seg tilbake i forhold til foreldrene. Derfor kan det være vanskelig å vite om barnet ditt er deprimert eller om det bare går gjennom en vanskelig periode.

En depresjon som vedvarer kan bli verre hvis den ikke behandles. Varer tungsinnet i mange uker er det viktig å kontakte helsesøster eller fastlege. 

Ingen vet helt sikkert hva som forårsaker at noen barn og unge blir deprimerte, men depresjon hos barn blir ofte utløst av bestemte hendelser. Det kan være alt fra

  • dødsfall hos nære pårørende

  • brudd med venner

  • kronisk sykdom

  • mobbing eller bekymring knyttet til skolearbeid

En depresjon kan også skyldes arvelige faktorer (genetisk disposisjon). I ungdomstiden blir flere jenter enn gutter deprimerte.

Tegn på depresjon hos barn og unge

Følgende symptomer kan tyde på at barn/ungdom er deprimert:

  • Trist eller irritabelt det meste av dagen, eller nesten hver dag

  • Mistet interessen for aktiviteter barnet likte før

  • Vekttap og mindre matlyst

  • Sover for mye eller for lite

  • Er energiløs

  • Føler seg rastløs eller svak

  • Klandrer seg selv for ting som går galt

  • Føler seg verdiløs eller har skyldfølelse uten grunn

  • Mangler konsentrasjon eller har vanskeligheter med å ta avgjørelser

  • Dårligere karakterer på skolen

  • Tenker eller snakker mye om døden

Yngre barn kan ha fysiske symptomer uten noen åpenbar årsak, som hodepine, magesmerter eller vondt i armer eller ben.

Tenåringer kan begynne å drikke alkohol eller bruke narkotika for å lindre psykiske smerter. De har også høyere risiko for å skade seg selv. Noen kutter seg eller tenker på selvmord. Da er det viktig å søke profesjonell hjelp hos lege eller helsesøster.

Barn og unge trenger ikke å ha alle disse symptomene for å være deprimerte. Men dersom barnet ditt har de to første symptomene og minst to av de andre symptomene i minst to uker, kan hun eller han ha en depresjon.

Les meir om Depresjon hos barn og unge (helsenorge.no)

Innleiing

- Ventetider på Velg behandlingssted (Helsenorge.no)

Depresjon kan vere mild, moderat eller alvorleg, og graden av alvor blir vurdert ut frå kor mange av teikna på depresjon som barnet eller ungdomen opplever. Og kor myke teikna på depresjon verkar inn på deltaking i kvardagslivet.

Det kan vere teikn på depresjon dersom barn eller ungdom trekker seg tilbake frå kontakt med andre på skulen eller på fritida, deltek mindre i aktivitetar eller gjeremål, og har lite energi. 

For å avgjere kor alvorleg dette er og planlegge behandlinga, er det viktig å kartlegge kva for uttrykk som følger depresjonen. Kva som blir vektlagt mest er avhengig av alderen. Søvnvanskar, redusert eller auka matlyst, kroppslege plagar (magesmerter, hovudpine), og konsentrasjonsvanskar er vanlege trekk i alle aldersgrupper.

Tilvising og vurdering

Tilvisinga blir vurdert av psykologspesialist eller barnepsykiater innan 10 arbeidsdagar frå den er motteken på ein poliklinikk for psykisk helsevern barn og unge (BUP). Helsedirektoratet har laga ein prioriteringsvegleiar i psykisk helsevern for barn og unge som gir BUP retningslinjer for ventetid.

Milde depressive tilstandar gir som regel ikkje rett til hjelp frå BUP, då det er tenkt at barn og ungdom med mild depresjon skal kunne få god hjelp frå helsetenesta i sin kommune, for eksempel av fastlege, helsesøster eller kommunepsykolog.

Mistanke om moderat til alvorleg depresjon gir rett til hjelp i BUP, og det kan vere opptil åtte veker ventetid frå motteken tilvising til eit tilbod startar.

Dei som kan tilvise til BUP er lege, psykolog og barnevernsleiar. Helsesøster, PPT, eller barne- og familieteneste er ofte med og tilvise.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

I dei fleste tilhøve vil familien allereie før tilvising til BUP ha eit samarbeid med barnehage, skule, helsestasjon, PPT eller andre i førstelinjetenesta. Dette kan vere kommunepsykolog, barne- og familietenesta, barnevern eller andre.          

Kartleggingar, rapport eller andre framstillingar av tiltak, og effekten av desse, bør leggast ved tilvisinga. Beskriv også psykososiale tilhøve, inkludert familieforhold og tilknyting til nære omsorgspersonar, samt fungering i barnehage/skule.          

Det blir gitt tilbod i BUP dersom tilstanden er vurdert å vere moderat til alvorleg, og at det er sannsynleg at helsehjelpa vil vere nyttig.          

Det er viktig at den som tilviser har kartlagt og skildra om barnet eller ungdomen har hatt ei brå endring i korleis han eller ho fungerer, om søvnen og vekta har endra seg, og kva for støtte gir familien og nettverket elles.        

Ved symptom på rusmisbruk, sjølvskading eller psykoseliknande fenomen, må dette kome fram i tilvisinga.        

Det må også seiast noko om graden av sjølvmordsrisiko slik at tilvisinga kan bli vurdert rett i samband med hastegrad.

- Henvisingsskjema til psykisk helsevern barn og unge.

1. Utgreiing

Eit forløp i BUP startar med ei utgreiing som vanlegvis blir gjort ferdig innan tre månader frå oppstart. Utgreiinga består av ulike kartleggingar med barnet eller ungdomen og foreldre/føresette. Det blir som regel samla informasjon ved bruk av klinisk og diagnostisk intervju, observasjon og spørjeskjema. Det er viktig at opplysningar kjem fram tidleg om utvikling, oppvekst og familieliv, samt korleis barnet eller ungdomen fungerer i barnehage eller skule.

For å avklare graden av alvor i ein eventuell depressiv tilstand, vil ein på BUP vere oppteken av å kartlegge endringar i matlyst, søvnmønster og energinivå hos barnet eller ungdomen. Typiske spørsmål som vil bli stilt handlar om regulering av kjensler, overdriven skuldkjensle, oppleving av å vere verdilaus, konsentrasjonsvanskar og vanskar med å ta avgjersle.

Det vil også bli kartlagt om barnet eller ungdomen har vore utsett for skremmande opplevingar som framleis plagar dei. Det blir også kartlagt kva for sterke sider barnet eller ungdomen har, eller som finst i familien og nettverket rundt.

Det er vanleg å kartlegge sjølvmordsrisiko hos eldre barn og ungdomar. BUP følgjer då tilrådingar frå Nasjonale retningslinjer for forebygging av selvmord i psykisk helsevern (pdf).

Det vil bli vurdert om testing skal gjennomførast. Det vanlegaste er å gjere evnetesting. Nokre gongar blir det gjort andre testar for å undersøke vanskar med konsentrasjon og merksemd, språk, minne, psykomotorisk utvikling, finmotorikk med meir. Behandling blir sett i gong så snart tilstanden er avklart. For depressive tilstandar vil dette som regel ta langt kortare tid enn tre månader.

2. Behandling

Behandlinga vil bli planlagt i samråd med barnet eller ungdomen og familien. Etter utgreiing er det mest vanleg å setje i gong samtalebehandling individuelt, i gruppe eller saman med familien. Det kan også blir vurdert foreldre- eller nettverksarbeid, samarbeid med barnehage eller skule, og i nokre tilfelle medisinering.

Kor ofte og lenge ein skal møtast til behandling blir vurdert i kvar enkelt tilfelle. Målsettinga med behandlinga er å auke mestring og legge til rette for at barnet eller ungdomen igjen fungerer i barnehage eller skule, på fritid og heime.

Sjølvhjelp

Nokon vil ha god nytte av sjølvhjelp ei periode. Under finn du sjølvhjelpssider for barn og unge som kan vere nyttig.

-  Enkle råd når livet er vanskelig (ung.no)
-  Kaos i hodet og følelser som koker? (ung.no)
-  Kognitiv terapi og veiledet selvhjelp for barn og unge, pdf (Norsk forening for kognitiv terapi)

Sjølvhjelpssider på engelsk

-  MoodGYM (velg norsk språk i nedtrekksmenyen)
-  Dealing with depression - Antidepressant Skills for Teens (kognitiv.no, pdf)

3. Oppfølging

Etter at behandlinga hos BUP er avslutta, vil familien ofte halde kontakten med samarbeidande instansar på kommunalt nivå som barnehage eller skule, helsestasjon, fastlege, PPT, kommunepsykolog, barne- og familietenesta, barnevern eller andre.

For barn eller ungdom med samansette vanskar vil det ofte vere etablert ei ansvarsgruppe som følger opp og koordinerer tilbodet, også etter at BUP er ferdig med sin del av behandlinga. Eit slikt tilbod kan for eksempel bli gitt dersom barnet har store lærevanskar eller har ei gjennomgripande utviklingsforstyrring, i tillegg til depresjonen.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Faresignal

Etter behandlinga bør foreldra eller føresette vere ekstra merksame dersom dei opplev at barnet eller ungdomen brått endrar seg. I slike tilfelle bør ein drøfte situasjonen med for eksempel lærar, helsesøster eller andre i førstelinjetenesta som kjenner familien. 

Fastlege, psykolog eller barnevernsleiar vil kunne vurdere om det bør sendast ny tilvising til BUP.

Kontakt

Poliklinikk Kristiansund BUP
Telefon
71 12 17 10
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP