HELSENORGE
Kvinner med kjent diabetes 1 eller 2 før svangerskapet / Gynekologisk poliklinikk Volda

Diabetes og svangerskap, Volda

I samband med svangerskap skil vi mellom to hovudgrupper av diabetikarar. Kvinner som har kjent diabetes type 1 eller 2 før svangerskapet, og dei gravide som utviklar diabetes under svangerskapet (Svangerskapsdiabetes).

Tilvising og vurdering

Fastlegen eller jordmor vil legge ein plan og tilvise til vidare oppfølging i samarbeid med spesialisthelsetenesta.

Før

Din diabetes bør vere godt regulert før du blir gravid. Det har betydning for utviklinga av svangerskapet, og det vil vere med på å førebygge komplikasjonar. Om du har diabetes og planlegg å bli gravid, bør du snakke med fastlegen din om dette.

Dei fleste kvinner med diabetes er som regel allereie undar behandling med insulin når dei blir gravide, og vil fortsetje med dette under svangerskapet.

Ta kontakt med legen straks du får stadfesta at du er gravid. Det vil då bli lagt ein vidare plan for oppfølging og svangarskapskontroller. Det er viktig at du følger opp kontrollane og planen som blir lagt.

Under

Ditt behov for insulin og mat vil endre seg i løpet av svangerskapet, og ein velregulert diabetes frå starten og gjennom svangerskapet er viktig for din helse, fosterutviklinga og barnets helse. Ein dårleg regulert diabetes kan gi auka risiko for svangerskapskomplikasjonar som for eksempel høgt blodtrykk og stort foster.

Du vil gå jamnleg til kontroll gjennom heile svangerskapet i tråd med for vidare oppfølging. På kontrollar vil ein sjekke blodsukker, urin, blodtrykk og ein kan gjere vekstvurderingar av fosteret. Du må også sjølv måle ditt blodsukker jamnleg heime.

Etter

Barn av mødrer som har diabetes, har auka risiko for å få lågt blodsukker dei første døgna etter fødselen. Blodsukkeret til barnet vil derfor bli kontrollert det første døgnet, eller fram til blodsukkerverdiane er fine.

Dei fleste barn av mødrer med diabetes treng litt ekstra mat inntil moras eigen mjølkeproduksjon er komen i gong. Om blodsukkeret til barnet blir for lågt, vil barnet følgast opp ved nyfødtavdelinga.

Dersom du hadde diabetes før du blei gravid, vil du fortsatt ha sjukdommen og må halde fram med diabetesbehandlinga etter fødsel. I barseltida vil dine blodsukkerverdiar og behov for insulin som oftast gå tilbake til slik det var før graviditeten. Men ammestart krev ofte ekstra energi, noke som gjer at ein vil følgje blodsukkerverdiane dine tett dei første dagane etter at du har fødd.

Ver merksam

Ved svangerskap kan blodsukkerverdiane endre seg i forhold til det som ellers er vanleg for deg.

Det er derfor viktig at kvinna og hennar næraste kjenner symptoma på føling (for lågt blodsukkar); sultkjensle, trøyttleik, irritabilitet, kvalme, konsentrasjonsvanskar, hodepine, skjelving. 

Ta kontakt med sjukehuset dersom det er vanskeleg å oppnå tilfredsstillande blodsukkerverdiar, eller om du er bekymra for om svangerskapet utviklar seg som det skal.

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

Ved Volda sjukehus finn du dei fleste parkeringsplassane på oppsida (nordsida) av sjukehuset. I tillegg er det noko parkeringsareal mellom DPS-et og hovudbygget. 

Det er kostnadsfritt å parkere ved sjukehuset. HC-parkering ved hovudinngangen, akuttmottaket, DPS og BUP. Det er moglegheit for av- og påstiging rett utanfor hovudinngangen.

Parkering ved Volda sjukehus. Oversiktsbilde med markeringar.


 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

For å redusere smitterisikoen for korona og influensavirus er det inntil videre stengt for besøk av søsken på føde/barsel.

Besøkstid for besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?