Døgbehandling for rusmiddelproblem ved Molde behandlingssenter

Rusbehandling TSB langtids døgn Molde

Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om døgnbehandling. TSB er heimla i spesialisthelsetenestelova, og pasienten sine rettar går fram av pasientrettighetsloven.

Innleiing

1. Før

For at ei døgninnlegging skal gi best mogleg resultat er det viktig med godt forarbeid. Forarbeidet består i å avklare fleire forhold relatert til pasienten sin situasjon. Det er også viktig at institusjonen er best mogleg kjent med pasienten sin situasjon.

For dei pasientane som har lokal oppfølging, er det viktig at det blir knytt kontakt mellom behandlingsinstitusjon og det lokale hjelpeapparatet.

2. Under

Når du får døgnbehandling for rusmiddelproblem, så bur du her på institusjonen. Tilbodet består av individuelle samtalar og deltaking i grupper. Behandlinga blir lagt til rette ut i frå dine behov. Her er behandlingspersonell tilgjengeleg gjennom heile døgnet. 

3. Etter

Etter eit opphald her skal det lokale hjelpeapparatet ta over. Før du avsluttar døgnbehandlinga blir det halde møte/samtalar mellom sjukehuset og det lokale hjelpeapparatet.

Ved utskriving mottek du og den som tilviste deg ein epikrise som er ei oppsummering av opphaldet og ei anbefaling av vidare tiltak.

Ver merksam

Eksterne kurs

Kontaktinformasjon

Slik kjem du deg til Molde behandlingssenter

Vi kan hente deg på flyplassen om du kjem med fly til Molde lufthavn Årø, eller på rutebilstasjonen om du kjem med buss til Molde.

Poliklinisk seksjon Molde ligger i Sandvegen 8, Molde sentrum du kan lese om det her 

Parkering og inngang ved Molde behandlingssenter (pdf)

 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/WiFi

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Venneforeining for Molde behandlingssenter

​Brukarane av Molde behandlingssenter har ei gruppe frivillige brubyggjarar som mellom anna bidreg til nettverksbygging, er kontaktskaparar til eit normalt samfunnsliv, byggjer ned barrierar mot vanleg sosial fungering og medverkar til å gjere krevjande dagar litt enklare. Les meir om gruppa "Veksthusets Venner"

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.