EEG, Ålesund

Nevrologisk avdeling

EEG er ei undersøking som måler dei elektriske impulsane i hjernen.

1. Før

Du bør ete eit vanleg måltid før undersøkinga og ta eventuelle faste medisinar.

Vennligst møt opp med nyvaska hår. Bruk ikkje hårspray, gele eller krem i håret før undersøkinga. 

Angåande små born

Det er avgjerande for undersøkinga at ein ligg heilt i ro medan elektrodane festast på. Det er difor fint om vaksne følgjer dei minste borna. Ta gjerne med noko som kan hjelpe å halde barnet roleg: til dømes ei flaske med drikke, smokk, leiker, bøker, video/dvd m.v.

2. Under

Du får ligge på ein benk. Det er viktig å ligge heilt roleg mens datamaskina registrerer hjerneaktiviteten din.

Vi smørjer på ein gelé og festar 24 tynne leidningar til hovudbotnen din.

Av og til må du opne og lukke auga, og til slutt blinkar det lys framfor ansiktet. 

Registreringa varer i 20 minutt. I tillegg tek det litt tid å setje på elektrodane før registrering og til hårvask etterpå.

3. Etter

Når undersøkinga er avslutta kan du vaske håret og tørke det før du reiser heim.

Resultatet vert sendt til legen som tilviste deg til undersøkinga.

Kontakt

Nevrologisk avdeling
Telefon
Nevrologisk ekspedisjon Molde: 70 12 04 80 Nevrologisk poliklinikk Ålesund: 70 10 54 37
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

Postboks 1600
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid nevrologisk avdeling

​Nevrologisk avdeling har open besøkstid, dvs at ein kan besøke når ein ønskjer det.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.