Poliklinikk barn og ungdom Ålesund

EIA-test, Ålesund

Ein EIA-test er ei utredning av astma utløyst ved fysisk påkjenning. Frå 6-7 år gjennomførast den som ei tredemølletest, og for mindre barn som en herjetest med løping i gang/trapp.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som henviser til sjukehuset for EIA test.

Før

  • Du kan ete frukost, men ikkje vere for mett rett før undersøkinga.
  • Unngå å anstrengje deg fysisk same dag som undersøkinga.
  • Ta med klede som er lett å bevege seg i. Gjerne joggesko og treningstøy.
  • Nokre astmamedisinar kan påverke resultatet, Det er viktig at du følger desse anbefalingane:
    • Dei siste 8 timane før testen skal du ikkje ta anfallsmedisin anfallsmedisin (av typen Beta-2-antagonister / Ipratropium-bromid) som Ventoline, Bricanyl, Airomir, Ipraxa eller Atrovent, dersom ikkje anna er avtalt.
    • Dei siste 24 timane før testen skal du ikkje ta Oxis, Symbicort, Serevent, Seretide eller Singulair, ta langtidsvirkende medisiner (av typen Beta-2-antagonister inkludert kombinasjonspreparat) som Serevent, Seretide, Symbicort, Oxis eller Relvar Ellipta.
    • Dei siste 48 timane før testen skal du ikkje ta langtidsvirkende medisiner (av typen Leukotrienantagonister) som Singulair eller Montelukast.
    • Inhalasjonsstereoidar som Pulmicort, Flutide, Aerobec eller Alvesco kan takast som vanleg.

Dersom du nyleg har hatt, eller har ein pågåande infeksjon i luftvegane de siste to vekene, eller ei tydeleg forverring av din astma må du ta kontakt med oss. Da kan vi vurdera om vi kan gjennomføra testen, eller om vi må sette opp ein ny time til deg.

Under

Testen utførast helst på tredemølle, men ergometersykkel kan også nyttast. Belastningstestar er viktig for blant anna å måle yteevna, lungefunksjonen og surstoffkonsentrasjonen samt hjartefunksjonen under fysisk aktivitet.

Undersøkinga startar med pusteprøve/spirometri. Deretter springer du på tredemølle med høg intensitet i 8 minutt. Under testen vil testleiar/sjukepleiar og eventuelt lege vere til stades for å følgje med. Vi nyttar vanlegvis pulsklokke undervegs.
 
Etter testen blir det gjort fleire nye pusteprøver/spirometriar fram til 20 minutt etter avslutta belasting på tredemølla.

Etter

Dersom vi finn teikn til astma med redusert lungefunksjon eller symptom under eller etter testen, vil du få behandling med Ventoline eller tilsvarande. Nokon vil ha behov for meir medisin i etterkant av testen.
 
Resultatet av undersøkinga vil bli gitt under legekonsultasjonen etter testen.

Kontaktinformasjon

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Merka parkering, bygningar og avdelingar på sjukehusområdet.

 

KORONAVIRUSET: Viktig informasjon til pasientar, blodgivarar og besøkande

​For å unngå koronasmitte har vi restriksjonar for besøk på sjukehusa. Viss du har fått innkalling til time, eller planlegg eit besøk, må du gjere deg kjent med gjeldande rutine.

Gjeldande rutine finn du her

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina

På grunn av koronapandemien er kantina for tida kun open for tilsette i Helse Møre og Romsdal.

Kantina finn du i 1. etasje.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?