Eksponering med responsprevensjon (ERP) for barn og ungdom, Ålesund

Poliklinikk Ålesund BUP

Eksponering med responsprevensjon gjeld gradvis å bli eksponert/utsetje seg for ubehagelege situasjonar og gjennom dette lære seg å tolerere angst, kombinert med at den rituelle handlemåten ikkje blir utført, dvs. unnlate å utføre tvangshandlingar.

Behandlinga som blir brukt er eksponeringsterapi med responsprevensjon (ERP) i kombinasjon med kognitiv terapi.

Innleiing

Til dømes kan ein person med smittetvang trene ved først å ta på noko dei vurderer som "litt skittent". Dette kan vere eit tørkepapir som så vidt har vore borti eit anna tørkepapir som igjen har vore i kontakt med enden på ein tannpirkar som har vært i kontakt med ei bok som har vore ein stad personen opplever som skittent. Dette er "eksponeringa".

"Responsprevensjonen" er at ein etterpå ikkje skal vaske seg. Eit anna døme er å forlate huset og sjekke låsen berre ein gong (eksponering) utan å gå tilbake og sjekke igjen (responsprevensjon). Personen blir ganske raskt fortruleg med situasjonen som gir angst og oppdagar at angstnivået har gått mykje ned. Dei kan då gå vidare til å ta på noko som er meir "forurensa" eller ikkje sjekke låsen i det heile tatt, utan å utføre den rituelle atferda som vasking eller sjekking.

Det finst mykje dokumentasjon som viser at eksponering og responsprevensjon (ERP) er ein effektiv metode. Generelt blir dette vurdert å vere den mest effektive behandlinga for tvangslidingar (OCD).

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Du må sjølv ta eit val om å ville bli kvitt lidinga og bestemme deg for å ta imot behandlinga, for at behandlinga skal virke.

Det må vere tilstrekkeleg plass i kvardagen din til å ha nok tid og fokus på behandlinga, noko som i ei periode kan gå ut over deltaking i skule og andre aktivitetar/oppgåver. Nokre gongar kan det vere aktuelt å be om samtykke for lyd-/videoopptak for å kvalitetssikre behandlinga.

2. Under

Eksponering med responsprevensjon inneber gradvis å bli eksponert/utsetje seg for ein ubehageleg situasjon og gjennom dette lære seg å tolerere angst, kombinert med at den rituelle atferda ikke blir utført, dvs. unngå å utføre tvangshandlingar.

Behandlinga som blir brukt er eksponeringsterapi med responsprevensjon (ERP) i kombinasjon med kognitiv terapi.

Vanlegvis går behandlingsforløpet over 3 månader med inntil 14 behandlingsmøte. Behandlinga blir som regel gitt individuelt, men for å optimalisere behandlinga er det som regel heilt naudsynt med informasjon og deltaking frå føresette/pårørande.

Mellom behandlingstimane, som varer i 45–90 minutt ein til to gongar i veka, vil du få i oppgåve å trene vidare på det du har gjort i timane. OCD-behandlaren vil fungere som ein personleg trenar, og vil gi deg konkret hjelp til å gjennomføre behandlinga på den måten som er mest effektiv og nyttig. Dersom du allereie får behandling for andre lidingar enn tvang, eller det viser seg å vere behov for dette, vil du som regel få oppfølging av ein annan behandlar ved din lokale allmennpoliklinikk i forhold til andre lidingar undervegs eller i etterkant av OCD-behandlinga. 

3. Etter

Det er viktig å fortsetje å bruke det du har lært i behandlinga. Det er også vanleg å kunne snakke om korleis redusere fare for tilbakefall i slutten av terapi.

Kontakt

Poliklinikk Ålesund BUP
Telefon
70 16 72 00
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP