Fødsel og barsel, Volda

Behandlingsprogram, Føde/barsel Volda

Fødselen er slutten på mange månader med venting, lengsel og spenning. Endeleg skal de få møte barnet. Fødselen krev stor innsats frå både mor og barn, og er fysisk og psykisk krevjande for dei begge. Like fullt er kvinnekroppen skapt for å gjennomføre ein fødsel, og derfor skjer dei aller fleste fødslane heilt normalt. 

Innleiing

 

Samspel og samarbeid mellom den fødande, barnet og fødselshjelparen er avgjerande for at fødselen skal gå normalt, og for at mor skal sitje igjen med ei positiv oppleving.

Det er ikkje mogleg å vite på førehand korleis fødselen vil opplevast av den fødande, noko som kan gjere tida fram mot fødselen både spennande og litt skremmande for enkelte. Ikkje alle fødande opplever fødselen slik dei hadde venta. Nokon kan få ei dårlegare oppleving enn forventa, medan andre opplever det motsette.

Snakk om fødselen med jordmor eller lege der du går til svangerskapskontroll. Dei vil gi deg informasjon og kan svare på dei spørsmåla og tankane du har om fødselen.

Tilvising og vurdering

 

Du treng ikkje tilvising for å ta kontakt med fødeklinikken / sjukehuset der du skal føde.

Når du meiner at fødselen er i gang, ringer du fødeavdelinga. Du får snakke med jordmor som vil gi deg råd og rettleiing. Det er viktig for avdelinga å vite at du er på veg, slik at dei kan planlegge og førebu mottaket av deg og din følgjeperson.

1. Utgreiing

 

Som fødande kan du sjølv førebu deg på fødselen og på denne måten bidra til ei god fødselsoppleving. Skaff deg kunnskap og kjennskap til kva som skjer under ein fødsel: Kva skjer med eigen kropp, og kva skjer med barnet?

Kunnskap

Vi råder deg til å vere selektiv til kva slags informasjon du vel å legge vekt på. Ikkje all tilgjengeleg informasjon er god eller riktig. Bruk gjerne fastlegen eller jordmora som følgjer deg opp under svangerskapet til å kvalitetssikre det du har lese eller høyrt.

Kom i form

Fødselen er ein krevjande fysisk prosess. Du vil takle fødselen betre om du er i god fysisk form. Dersom du ikkje har mosjonert eller trent før du blei gravid, bør du begynne å gå tur jamleg eller trene slik at kondisjonen blir betre og muskelkrafta aukar fram mot fødselen. Det er aldri for seint å begynne, men jo før du begynner - jo betre er det.

Kontakt og andre førebuingar 

  • Finn ut av kor du skal ta kontakt når fødselen startar.
  • Er det noko personalet bør kjenne til om deg for å kunne gi maksimal støtte og hjelp under fødselen og den første tida etterpå, er det viktig at du er open om dette til oss. Hugs at alt helsepersonell har teieplikt. 
  • Om du har spesielle tankar om fødselen din, ønske eller behov, kan det vere fint å skrive dette ned og ta det med til sjukehuset når du skal føde. Det kan gjere det enklare å formidle dette til dei som skal hjelpe deg under fødselen.
  • Det er viktig å vere open for at fødselen kan bli annleis enn det du har sett for deg. Alle fødslar er unike, anten du skal føde for første gong eller du har fødd tidlegare.

 

Teikn på at fødselen er i gang

Dei fleste fødslar startar spontant mellom 37. og 42. svangerskapsveke. Oftast startar fødselen ved at livmora begynner å trekkje seg saman og du får rier, men du kan også oppleve andre teikn på at fødselen snart skal skje.
 

Fødselsrier

  • Fødselsrier er smertefulle samantrekningar av livmora som kjem oftare enn kvart 10. minutt, og som varer i 45-60 sekund.
  • Riene kjem som oftast med fleire minutts mellomrom og er kortvarige i starten, for så å auke i hyppigheit, varigheit og intensitet. Dei fleste kjenner smerten i nedre del av magen og / eller korsryggen.
  • Ta kontakt med sjukehuset når du meiner at riene er etablert, eller kjem med ein intervall på ca. kvart 5.-6. minutt.
  • Har du lang veg til sjukehuset, har fødd raskt tidlegare, hatt komplikasjonar i tidlegare svangerskap eller fødslar, eller du er usikker - ta kontakt når riene startar.

Kynnarar (Braxton Hicks kontraksjonar)

Mot slutten av svangerskapet vil alle gravide få samantrekningar i livmora, såkalla kynnarar (Braxton Hicks kontraksjonar), som ikkje er det same som fødselsrier. Særleg kvinner som har fødd tidlegare kan ha ein del kynnarar, og oppleve at det er vanskeleg å skilje mellom kynnarar og fødselsrier.

Kynnarane kan kome regelmessig, vere ubehagelege, bli utløyst særleg ved aktivitet, og så roe seg om du senkar aktivitetsnivået. Desse samantrekningane førebur kroppen til fødselen, og er ein viktig del av fødselsprosessen.

Magesmerter

  • Får du akutte magesmerter bør du kontakte sjukehuset.
     

Avgang av fostervatn

Om fostervatnet begynner å renne, kan dette vere det første teiknet på at fødselen er i gang. Om holet i fosterhinnene er stort, renn det rikeleg med blakka væske frå skjeden. Er holet i fosterhinnene lite, vil berre ei lita mengde fostervatn kome ut. Mange opplever dette som at dei er fuktige nedantil.

Uavhengig av mengde fostervatn, skal du alltid ta kontakt med sjukehuset eller lege / jordmor om du kjenner at du lekker og det ikkje er urin eller utflod.

Etter at fostervatnet er gått, vil det ofte kome rier også - men hos nokon kan det gå mange timar før riene kjem. Om fostervatnet går, men du ikkje har rier, skal du ta kontakt med sjukehuset.

Les meir om når fostervatnet går på helsenorge.no

 

Bløding

  • Blodtilblanda utflod er oftast eit teikn på at fødselen er i gang. Etter kvart som mormunnen / livmorhalsen opnar seg, vil det alltid kome blodspor, blodtilblanda utflod eller sparsam bløding.
  • Om du blør mykje, skal du alltid ta kontakt med sjukehuset. 

Igangsetting av fødsel

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42 hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.

Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og / eller barn.

 



Kontakt med fødeavdeling på sjukehus

Snakk med lege / jordmor på svangerskapskontrollane om kven, kor og korleis du skal ta kontakt når fødselen startar. Du skal alltid ringe fødeavdelinga og melde frå om at fødselen er i gang.  

 

Jordmor snakker i telefonen på kontor. Foto Foto: Haukeland universitetssjukehus

 

Innlegging på fødeavdeling

Mange sjukehus har eigen innleggingstelefon for fødande som blir besvart av jordmor. Her vil du få råd, og saman med deg vil dei planleggje kva som skal skje vidare. Merk at slike innleggingstelefonar kun er for akutte problemstillingar, og at du ikkje kan bruke denne tenesta til generell rådgiving vedrørande svangerskap og fødsel. For meir generell rådgiving kan du kontakte jordmor, fastlege eller eventuelt legevakt.

Er du usikker på om alt er bra med barnet?

Det er vanleg at barnet blir rolegare når fødselen nærmar seg. Plassen i livmora er liten, og du kjenner spark og bevegelsar på ein annan måte enn tidlegare.

Er du usikker på om barnet har det bra fordi du ikkje kjenner dei vanlege sparka og bevegelsane, bør du ta kontakt med fastlege eller jordmor.

Om det oppstår ein situasjon som gjer at du er særleg uroleg, og du ikkje får kontakt med fastlege eller jordmor, eller om det er helg, natt eller høgtid - ta direkte kontakt med fødeavdelinga.

Forverring av tilstand og symptom

Om du har vore i kontakt med lege, jordmor eller fødeavdelinga og tilstanden din endrar seg – må du ta kontakt igjen.

Har du ein sjukdom eller det har oppstått ein komplikasjon i svangerskapet, må du kontakte lege, jordmor eller fødeavdelinga om det oppstår ei forverring, eller du får nye symptom som kan vere relatert til dette.

Kva skal eg ha med på sjukehuset?


Ha alltid med deg:

  • Helsekort for gravide
  • Blodprøvesvar – Rhesus prøvesvar
  • Ultralydbeskrivinga
  • Andre prøve- eller undersøkingssvar
  • Andre papir relatert til dette eller tidlegare svangerskap eller fødslar
  • Faste medisinar - dersom du bruker medisinar, bør du ta desse med til fødeavdelinga. Du må alltid opplyse om eventuell medisinbruk.

På føde- / barselavdelinga får du det meste av det du treng til deg og barnet. Kva du ønsker å ha med deg til fødeavdelinga er derfor veldig individuelt, men det kan vere greit å ha med seg:

  • Toalettsaker
  • Innesko
  • Morgonkåpe og / eller joggedress
  • Lette klede til opphaldet på barselavdelinga. Ikkje ta med klede som strammar; lause og lette plagg er best.
  • Eventuelt amme-BH


Andre ting som kan vere aktuelt å ha med:

  • Musikk kan ha avslappande, beroligande og smertelindrande effekt. Om du liker å lytte til musikk, kan det vere ein god idé å ta med musikk til fødselen.
  • Fotoapparat / videokamera. Kvinna bestemmer kva som skal festast til film under fødselen. Før fødselen bør dette vere tenkt gjennom og snakka om med den som skal vere med under fødselen. Ikkje alle kvinner ønsker å bli filma under sjølve fødselen, og dette er noko som bør vere avklart på førehand.
  • «Ønskebrev». Under fødselen er det viktig med god kommunikasjon mellom den fødande, hennar følgeperson og fødselshjelparane. For at du skal få best mogleg hjelp, er det viktig at ønske, tankar og spørsmål om fødselen blir formidla til oss som skal hjelpe deg.
    For nokon kan det vere til hjelp å skrive dette ned før dei kjem til fødeavdelinga. Ta gjerne med deg eit «ønskebrev» når du skal føde, men hugs at personalet sjølvsagt er tilgjengeleg under heile opphaldet.  

Kva skjer når du kjem til avdelinga?

Når du kjem til fødeavdelinga, vil årsaka til at du kjem vere avgjerande for kva slags undersøkingar, oppfølging og behandling som er aktuell for deg. Undersøkingane hos oss blir som ein utvida svangerskapskontroll der vi kontrollerer:

  • Magen din for å finne barnet sitt leie, kor stort barnet er - og for å kontrollere rier
  • Fosterlyd
  • Fostervatn (om vatnet har gått)
  • Vaginal undersøking for å kjenne kor langt ned i bekkenet barnet har komme, og om riene har fått livmorhalsen / mormunnen til å opne seg.
  • Blodtrykk
  • Eventuelt urinprøve
  • Puls og temperatur


Om du har vore plaga med treg mage (obstipasjon) i tida før fødselen, kan du få tilbod om å tømme tarmen din (klyster). Utover dette vil jordmor eller lege rekvirere fleire undersøkingar om det viser seg å vere nødvendig, for eksempel ultralyd, røntgen og blodprøver. På bakrgunn av det du fortel, korleis du har det og dei undersøkingane som blir gjort, vil vi planlegge den vidare oppfølginga.

2. Behandling

 

Kva skjer under fødselen?

Fødselens start, forløp og korleis kvinner opplever fødselen er veldig individuelt. Det gjeld også for ei kvinne frå hennar første fødsel til andre fødsel. Når fødselen er i gang, gjer fødselsriene at livmorhalsen blir endra og begynner å trekkje seg til side og gi plass for at barnet kan passere gjennom fødselskanalen.

Fødselskanalen består av:

  • Bekkenet – den beinete delen av fødselskanalen
  • Muskulaturen i bekkenet
  • Skjeden - den mjuke delen av fødselskanalen
     

Bekkenet er forma som ei trakt, og storleiken er forskjellig i dei ulike nivåa av bekkenet. Dette gjer at barnet må utføre ein del dreiingar og rotasjonar under fødselen for å kunne tilpasse seg og passere gjennom bekkenet.

 

Jordmor undersøker gravid kvinne i sykehusseng. Foto Foto: Haukeland universitetssjukehus

Overvaking av barnet under fødselen

Den viktigaste informasjonen om korleis barnet har det under fødselen, får jordmor ved å lytte til hjarteslaga / pulsen til barnet. Derfor vil jordmor lytte på og telje hjarteslaga til barnet gjennom heile fødselen. 

 

 

Fødselens ulike stadium

Fødselen blir delt inn i tre stadium med opningstid, utdrivingstid og etterbyrdstid. Opningstida er den lengste fasen, medan utdrivingstida varer frå ein halv til ein time - og etterbyrdstida varer frå nokre minutt til opp mot ein time.

Det er fleire faktorar som har betydning for kor lang tid fødselen tar:

  • Om du har fødd tidlegare eller ikkje. Den første fødselen tar oftast lengst tid.
  • Kor ofte og kor effektive riene dine er, kan ha mykje å seie for fødselsarbeidet. Regelmessige og effektive rier er heilt avgjerande for at fødselsprosessen skal gå framover; barnet blir pressa nedover i bekkenet og livmorhalsen / mormunnen opnar seg.
  • Fødselen til ein førstegongsfødande varer frå 4 til 16 timar. Hos fleirgongsfødande vil fødselen oftast vare frå 2 til 11 timar. Dette vil variere frå kvinne til kvinne - frå fødsel til fødsel. 

Fødsel - opningstid

Den første delen av fødselen blir kalla opningsfasen. I denne fasen skal livmorhalsen / mormunnen trekke seg til sides og opne seg for å gi plass til at barnet kan passere ned i skjeden og bli født.

Opninga på livmorhalsen / mormunnen går frå å vere lukka til 10 centimeter (full opning). Først når livmorhalsen / mormunnen er heilt open, kan barnet bli født.

Etter kvart som mormunnen opnar seg, vil det kome ein del blodtilblanda utflod, såkalla teikningsbløding. Dette er eit teikn på at mormunnen blir påverka av riene og presset frå barnehovudet. Fostervatnet kan gå i alle fasar av fødselen, men som oftast skjer dette i den aktive fasen av opningstida.

Latensfasen - første del av opningstida
Den første delen av opningstida, latensfasen, er den lengste fasen av fødselen. Denne fasen startar frå du får regelmessige rier med mindre enn 10 minutts intervall. Riene begynner som oftast med langt intervall mellom kvar ri, og etter kvart aukar dei gradvis i styrke og kjem med kortare intervall. Når mormunnen har opna seg til ca. 4-5 centimeter går fødselen over i den aktive fasen. Riene blir meir effektive og mormunnen opnar seg raskare. 

Undersøkingar

Jordmor kontrollerer framgangen i fødselsprosessen ved å kjenne på magen din korleis riene er. Ved underlivsundersøking kontrollerer jordmora kor stor mormunnopninga er, og korleis barnet står i fødselskanalen. Det er ikkje uvanleg å gjere slike undersøkingar fleire gonger i løpet av fødselen, og du vil bli informert om dette undervegs. Du vil også bli orientert om utviklinga og framgangen i fødselsarbeidet. 

Aktivitet og kvile under fødselen (VIDEO)

I opningsfasen av fødselen er det viktig at den fødande vekslar mellom aktivitet og kvile. Bevegelse og aktivitet hjelper barnet med å rotere og passere gjennom bekkenet. Dei fleste opplever også at riene er mindre smertefulle om dei er i aktivitet enn om dei ligg roleg i ei seng. Jordmor vil hjelpe deg med å veksle mellom gode kvilestillingar og å vere i aktivitet.

I opningstida er ei av våre viktigaste oppgåver å hjelpe deg med å finne stillingar som bidrar til å få barnet ditt til å kome seg nedover i bekkenet / fødselskanalen. I denne fasen av fødselen vil vi at du bruker tyngdekrafta og er i bevegelse samstundes som du er avslappa i kroppen.

Sjå video - ulike stillingar for kvile og aktivitet:

 

  

Fødselsarbeid krev mykje energi. Du bør derfor tilføre kroppen energi ved å drikke og ete lette måltid. Du vil få tilbod om mat og drikke. 

Fødsel - utdrivingsfasen

Kvar ri blir no brukt til å trykke ut barnet. Saman med krafta frå riene, trykker du barnet ri for ri ned i skjeden og ut. Du må finne fødestillingar som gjer at du greier å trykke når du har ri, og kvile mellom riene. Det er ofte gunstig å variere mellom ulike fødestillingar i denne fasen av fødselen. Det kan hjelpe barnet å rotere og trenge nedover i bekkenet. Jordmor vil hjelpe deg med å finne fødestillingar som er gode for deg og som er gunstig for framgang i fødselen.  

Jordmor vil fortelje deg korleis du bør trykke i det barnets hovud og kropp blir fødd. Du og jordmor må då samarbeide slik at sjølve fødselen kan skje så varsomt som mogeleg for barnet, og for å skåne vevet ditt og førebygge riftar. Jordmor vil støtte vevet mellom skjeden og endetarm (perineum) når barnets hovud og kropp blir fødd.

Fødestillingar (VIDEO)

I videoen under viser vi fleire ulike fødestillingar, i tillegg til at vi forklarer kvifor dei kan vere gode:

 

 

Jordmor vil rettleie deg i korleis du bør trykke når barnets hovud blir født. Du og jordmor må då samarbeide, slik at sjølve fødselen kan gå føre seg så skånsamt som mogleg for barnet og for å skåne vevet ditt og førebyggje rifter.

Fødselssmerter

Fødselssmerter kjem av at livmora, som er ein stor muskel, trekker seg saman og dette fører til strekk og trykk på musklar, sener og nervar. Smertene endrar seg både i styrke, varigheit og lokalisering i løpet av fødselen. I starten er det som oftast nokre minutt mellom kvar ri, mens mot slutten av fødselen kjem riene oftare og er meir smertefulle. Som oftast vil du ha pausar utan smerte, der du kan puste ut og lade opp til neste ri.

Når barnet passerer gjennom fødselskanalen, vil det trykke mot vev og nervar. Mot slutten av fødselen vil trykket frå barnet føre til trykk og spreng i skjeden og mot endetarmen, og dette vil utløyse ein sterk trong til å trykke.

Korleis fødselssmertene blir opplevd er veldig ulikt frå kvinne til kvinne. Kvar kvinne møter fødselen med sine føresetnader, tidlegare opplevingar, erfaringar og kulturelle bakgrunn, noko som kan ha betydning for korleis fødselen og fødselssmerten blir opplevd.

Tilbodet om smertelindring kan variere, og ikkje alle fødeavdelingar kan tilby alle former for smertelindring. Her finn du informasjon om ulike alternativ. Snakk med jordmor / lege på svangerskapskontrollen om kva tilbod som finst på avdelinga der du skal føde. 

Ikkje-medikamentell smertelindring under fødsel

Kroppen har sitt eige smertelindrande system. Når du har smerter, startar kroppen å produsere fleire ulike smertelindrande stoff som lignar på morfin - desse blir kalla endorfinar. Ettersom riene aukar i styrke og hyppigheit, aukar også kroppens produksjon av endorfinar. Utover den lindringa du oppnår av endorfinane, vil andre ikkje-medikamentelle smertelindrande tiltak kunne ha god effekt. 

Pust og avspenning

Når ein kjenner smerte og ubehag er det mange som på refleks strammar alle musklar og held pusten. Men når ein er anspent og pustar overflatisk og anstrengt, vil dette forsterke smerteopplevinga. Med andre ord er riktig pusteteknikk og avspenning viktig under ein fødsel.

Dersom du er veldig anspent og pustar overflatisk, vil jordmora hjelpe deg med å bruke puste- og avspenningsteknikkar. Dette er lettare å få til om du har «øvd» litt på førehand, og det kan vere ein fordel om du mot slutten av svangerskapet øver på slike teknikkar. Jordmor kan gi råd og rettliing om dette på svangerskapskontrollane. På fleire fødselsførebuande kurs er det stort fokus på puste- og avspenningsteknikkar som du kan bruke under fødselen. 

Bevegelse og kvile (VIDEO)

Under fødselen er det viktig å finne ein balanse mellom bevegelse og kvile. Å liggje passivt i senga er ikkje gunstig for verken fødselsprosessen eller for korleis smerteopplevinga blir. Om det ikkje er årsaker som gjer at du ikkje kan vere i bevegelse eller stå oppreist, er det derfor best om du vekslar mellom å vere oppreist, i bevegelse og tar pausar i stol eller seng.

Videoen viser stillingar og aktivitet som hjelper barnet nedover i bekkenet, men vil også kunne hjelpe deg til å møte riene, puste og finne gode stillinger for avspenning og kvile:

 

 

 

Massasje

Massasje over det smertefulle området har god smertelindrande effekt for mange. Verknaden er todelt, lindring og avleiing, også kalt «grindteorien». Kort fortalt kan smertesignal blokkerast eller avleiast ved berøring og massasje - og slik vil du kjenne mindre smerte. Massasje kan utførast på ulike måtar; frå lett stryking, djup gniding til kontinuerlege trykk. Det er viktig å seie i frå om korleis du ønsker å bli massert. 

Varme / kalde omslag og varme bad

Ein del kvinner synest at varmeflaske eller kalde omslag over det smertefulle området, dusj eller bad har ein avslappande og smertelindrande effekt. Mange kjenner god effekt ved å senkje seg ned i eit badekar fylt med varmt vatn. Det varme vatnet og oppdrifta ein får i vatn, gir mange kvinner den smertelindringa dei treng. 

Steriltvatnspaplar

Steriltvatnspaplar er særleg effektive ved ryggsmerter. Desse paplane er ufarlege og kan gjerast igjen fleire gongar under fødselen. Jordmor set sterilt vatn inn like under huda over det området du kjenner smerte. På staden der paplane blir sett inn vil det oppstå ei sviande smerte som varer i ca. 20 sekund. Etterpå vil dei aller fleste oppleve at smerten er sterkt redusert. Verketida på denne behandlinga varierer frå kvinne til kvinne, og kan vare kort eller i fleire timar. 

Akupunktur

Akupunkturnåler blir sett på ulike stader på kroppen for å lindre smerte og bidra til avspenning. Ikkje alle fødeavdelingar har tilbod om akupunktur. Det er jordmor eller lege med tilleggsutdanning innan akupunktur som gir denne behandlinga, så ein er i så fall avhengig av at det er jordmor / lege på vakt som har denne utdanninga. 

 

Akupunkturnåler på hud. FotoFoto: Colourbox

 

 

Medikamentell smertelindring under fødsel

For nokon kan fødselssmerta bli så intens at kvinna treng eller ønsker medikamentell smertelindring. Det kan også vere medisinske årsaker til at slik smertelindring bør bli gitt:

  • Fødande med svangerskapsforgifting
  • Sjukdom hos mor eller der ein kan forvente at fødselen må avsluttast ved hjelp av keisarsnitt, tang eller vakuum

Bruk av medikamentell smertelindring og valg av lindringsmetode, må alltid gjerast ut frå situasjonen til den fødande og barnet, kor langt i fødselsforløpet kvinna er kommen og tilgjengelegheit.

Epiduralbedøving

Regional bedøving (epidural- eller fødespinalbedøving) blir brukt ved om lag ein tredel av fødslane i Noreg, og blir tilbydd ved dei fleste fødeplassar. Epidural blir alltid sett av anestesilege som vil spørje deg om du har sjukdommar eller allergiar som kan påverke moglegheita for å få epidural eller ikkje. Kvinner som har infeksjonar eller ein tatovering i området der ein legg inn epiduralkateteret kan ikkje få epidural. Står du på blodfortynnande middel eller har ei blødingsforstyrring, kan dette gjere at du ikkje kan få epidural.

Epidural er sjeldan forbunde med alvorlege komplikasjonar, men bedøvinga kan gi svakare rier og meir langsam fødselsframgang. Nokon få opplever hovudpine etter fødselen, og enkelte får førebels nedsett nervefunksjon i beina etter epidural. Varige endringar er elles svært sjeldne.

Ideelt bør riene vere godt etablert før epidural blir gitt; det vil seie at riene kjem regelmessig, er aukande i styrke og intensitet og at livmorhalsen / mormunnen har begynt å opne seg. Jordmor undersøker kor langt du har kome i fødselen før det blir bestemt om ein kan gi epidural, eller om anna smertelindring skal bli tilbydd i påvente av epidural. Under ein fødsel er det viktig at du kan kjenne når du har ei ri, og når du skal trykke barnet ut. Epidural skal derfor ikkje fjerne smerta heilt, men lindre og gjere ho mindre intens.

Når epiduralkateteret blir lagt inn, er det viktig at du og anestesilegen samarbeider. Legen vil informere deg undervegs om korleis du skal sitje og ligge, og det er viktig at du følger dei instruksane du får og klarer å vere i ro når kateteret skal på plass. 

 

Helsepersonell setter epidural på gravid kvinne. FotoFoto: Haukeland universitetssjukehus

 

Biverknadar av epidural

  • Epidural er ein trygg metode for smertelindring under fødsel, og det er sjeldan vi ser alvorlege komplikasjonar. Dei biverknadane som kan oppstå er:
  • Blodtrykksfall (svært sjeldan ved epidural knytt til fødsel). Blodtrykket blir kontrollert og tiltak sett i verk om blodtrykket skulle falle
  • Du vil kunne miste noko av blærekontrollen med epidural, så det kan vere vanskeleg å kjenne at du må på toalettet.
  • Riene kan avta eller forsvinne i ein periode. Om det skjer vil vi gi deg ristimulerende middel via veneflonen du har på handa.
  • Kløe - nokon får kløe i huda av epidural, men det er sjeldan ei stor plage.
  • Hovudverk kan oppstå etter fødselen.
     

Pudendalblokade

I sluttfasen av fødselen når barnet er så langt ned i fødselskanalen at det utløyser spreng og trykk mot skjeden og endetarmen i tillegg til ein  intens trykketrong, kan pudendalblokade gi god smertelindring. Nervus pundus som sender nervefiber til skjeden og bekkenbotnen blir bedøvd.

Jordmor / lege set lokalbedøving på to punkt i skjeden, og du vil kjenne eit stikk og ei forbigåande iling i området der bedøvinga er sett. Bedøvinga dempar spreng- og trykkkjensla, men fjernar likevel ikkje heilt trongen til å trykke ut barnet. Dette kan vere eit godt alternativ til epidural ved raske fødslar, om fødselen må avsluttast med tang eller vakuum, eller om det oppstår rifter i fødselskanalen som må syast. 

Lokalbedøving

Dersom det er nødvendig å sy etter fødselen, vil du få lokalbedøving. 

Lystgass

Nokre fødeavdelingar tilbyr lystgass. Dette er ein smak- og luktfri gass som har smertestillande-, søvndyssande og «berusande» effekt. Du pustar inn gassen via ei maske som blir halden over munn og nase. Gassen blir berre brukt under riene, mellom riene pustar du vanleg. Effekten av gassen varer berre når maska blir brukt, og avtar raskt når maska blir tatt bort og du pustar vanleg. 


 

Fødsel ved hjelp av vakuum eller tang

Det kan oppstå situasjonar under fødselens utdrivingsfase som gjer at legen må hjelpe deg med å få barnet ut ved å bruke vakuum, fødselstang eller keisarsnitt.

Når må ein bruke vakuum eller tang?

Dei mest vanlege årsakene til at ein må bruke tang eller vakuum:

  • Barnet. Det kan oppstå situasjonar som krev at barnet blir hjelpt ut fortare enn ved at du sjølv trykker barnet ut:
    • Mistanke om at tilførsel av oksygen til barnet ikkje er optimal 
    • Avvikande stilling: Barnet har stilt seg inn i ei anna stilling enn hovudet mot livmoropninga
  • Mor. Det kan oppstå situasjonar som krev at du treng assistanse for å presse barnet ut, som ved:
    • Sjukdom, til dømes hjartesjukdom, høgt blodtrykk, svangerskapsforgifting 
    • Langvarig utdrivingstid – lang trykketid 
    • Sliten mor

Etter å ha undersøkt deg vil legen bestemme kva slags forløysingsmetode som er best for deg og barnet ditt.

Kva er vakuum?

- også kalla sugekopp eller kopp. Dette er ein metall- eller gummikopp som blir festa på hovudet til barnet ved hjelp av vakuum/undertrykk. Legen kan då hjelpe deg med å trekke barnet nedover i fødselskanalen, samstundes som du trykker.

Etter fødselen vil barnet ofte ha eit merke og heving i huda på hovudet der kor vakuumet blei festa. Hevinga går raskt ned, men nokon barn kan også få eit blåmerke som forsvinn gradvis i løpet av få dagar.

Kva er tang?

- også kalla fødselstang. Ein fødselstang består av 2 like armar / bransjar som er forma slik at dei er tilpassa hovudet til barnet. Tangbransjane sluttar seg rundt barnehovudet utan at hovudet blir klemt. Når tanga er sett på vil legen trekke barnet nedover i fødselskanalen samstundes som du trykker.

Det fins ulike typer fødselstenger. Tanga blir også brukt ved setefødsel, for å hjelpe hovudet til barnet ut. Etter ein fødsel ved hjelp av tang, kan du ofte sjå raude merker i huda på barnet sitt kinn. Desse forsvinn raskt etter fødselen. 

 

Nokon gonger lukkast vi ikkje med å forløyse barnet sjølv om vi bruker vakuum eller tang. Då vil det bli gjennomført keisarsnitt.

 

Fødselsrifter

Vi jobbar kontinuerleg for å førebygge og redusere antall fødselsrifter. Derfor er vi svært opptatt av korleis vi skal beskytte og støtte området mellom skjedeinngangen og endetarmsopninga (perineum) i det barnet blir fødd. Ei alvorleg fødselsrift (såkalla sphinkterrupturar grad 3 og 4) er definert som rift der deler av – eller heile – lukkemuskelen rundt endetarmen er skadd.

Førebygging av rifter

Ved å senke farten når hovudet kjem ut under fødselen kan vi vere med å førebygge rifter. Dette gjeld både under normale, spontane fødslar og i dei tilfella vi må bruke tang og / eller vakuum under fødselen.

Jordmora / legen vil be deg om ikkje å trykke aktivt når hovudet til barnet blir fødd. Vi vil gjere alt vi kan for å hjelpe deg under fødselen slik at vi unngår rifter. Kvinner som må bli forløyst med tang og/eller vakuum, eller som føder eit stort barn, vil automatisk ha større risiko for å få alvorlege rifter, enn kvinner som føder spontant.

Å førebygge rifter er svært viktig, men å oppdage rifter som har oppstått og få desse sydd, er like viktig!

Behandling av rifter

Etter fødselen må jordmor/lege undersøke deg for å sjå om det har kommen rifter i fødselskanalen. Om du har rift etter fødselen som må bli sydd, vil du få bedøving før vi syr. Tråden som blir brukt vil løyse seg opp i vevet av seg sjølv og treng derfor ikkje å bli fjerna ved hjelp av helsepersonell.

Får du sphinkterrupturar grad 3 og 4, vil riften bli kontrollert når du ligg på barsel og før du reiser heim. Om du ønsker det, kan du få besøk av fysioterapeut på barsel, som kan gi deg gode råd om opptrening. 

Før du reiser heim vil du få informasjon om korleis du bør behandle riften, opptrening av musklane som er skadd, samt når og kor du bør gå til kontroll.

Barseltida

Dei aller fleste kvinner som får alvorlege rifter vil ikkje få problem i etterkant, men nokon kan oppleve smerte, ufrivillig luftavgang og problem med lekkasje av urin og avføring.

Det er også viktig at du går på seksvekerskontroll hos lege etter fødselen – og at du møter opp til kontrolltime på Kvinneklinikken dersom du får ein avtale her når du reiser heim.

Barnet er fødd - etterbyrdstida

Barnet er fødd, men fødselen er ikkje heilt over enno. Morkaka og fosterhinnene skal også fødast. Vanlegvis skjer dette kort tid etter at barnet er fødd eller innan ca. ein time. Morkaka og fosterhinnene løyser seg då frå livmorveggen og fell ned mot skjeden. Når morkaka løyser seg, kan du kjenne ei svak ri og det kan kome litt blod frå skjeden. Når morkaka har løyst seg frå livmorveggen, trykker du ho ut slik du gjorde då barnet skulle fødast. Dette kan vere litt ubehageleg, men er ikkje smertefullt.

Der morkaka var festa i livmorveggen, blir det ei sårflate som gjer at du får ei menstruasjonslignande bløding og at livmora trekk seg saman som ho skal. Etter fødselen må jordmor også undersøke om det har kome rifter i fødselskanalen. Dersom det har oppstått rifter som må bli sydd, vil du få bedøving. Tråden som vi bruker til å sy med, vil løyse seg opp av seg sjølv og skal ikkje fjernast.

 

Nyfødt baby hviler på mors bryst. FotoFoto: Colourbox

Straks barnet er fødd, får du barnet ditt til deg. Etter fødselen søker barnet raskt etter mor sitt bryst. Det er no viktig at du, barnefar / følgesperson og barnet får tid til å vere uforstyrra saman. De treng ro til å puste ut etter fødselsarbeidet og den store opplevinga. Barnet treng ro og dykkar fulle merksemd for å finne fram til brystet og sitt første måltid. Dette er ei viktig tid som ikkje skal bli unødvendig forstyrra. Alle unødvendige oppgåver, støy og uro må unngåast, dette gjeld også telefonbruk, besøk og unødvendig aktivitet på fødestua.

Etter fødselen

Kor lenge du blir på barselavdelinga etter ein fødsel er individuelt og tilpassa behovet til mor og barn. Etter keisarsnitt, ligg kvinna vanlegvis i 3-4 dagar.  

Jordmor undersøker barnet rett etter fødselen. I løpet av dei første dagane etter fødselen blir barnet undersøkt av barnelege. Då er det fint om ein av foreldra er til stades.

Les meir om kva ein gjer under helseundersøking av barn på helsenorge.no

Under barnelegens undersøking kan du kan stille spørsmål og ta opp ting du meiner det er viktig at barnelegen kjenner til. Før heimreise får du informasjon om kor og kven du kan ta kontakt med om du treng rettleiing, råd eller hjelp etter heimkomsten.

Målet for barselomsorga er i størst mogleg grad å leggje denne til rette ut frå den enkelte kvinne, barn og familie sine behov, ressursar og situasjon.   


Bruk av lystgass i Helse Møre og Romsdal

Ingen av sjukehusa i Helse Møre og Romsdal kan per i dag tilby lystgass som smertelindring.

3. Oppfølging

 

Barseltid

Barseltida er tida frå rett etter fødselen og til kroppen er tilbake til førgravid tilstand og amminga er vel etablert; dei første 6-8 vekene etter fødselen. For kvinner som ammar er det vanleg å bruke 6 veker før dei opplever god etablering av amminga.

Barseltida handlar mykje om omstilling og nye rutinar. Det er ei spennande og flott tid, men også ei tid som kan opplevast som krevjande og utfordrande. Det skjer stor endringar både i kroppen og i livssituasjonen etter ein fødsel. Dei fysiske endringane er dei fleste førebudd på. Men etter fødselen kan mange også oppleve humørsvingningar, trøyttleik og følelsen av å ikkje vere heilt på høgde med den nye situasjonen og det som krevjast. Opplevelse av meistring som foreldre tar ofte litt tid. 

Ved tidleg heimreise

Om du drar heim tidleg frå sjukehuset (0-2 dagar etter fødselen), er det enkelte tilstandar som kan oppstå hos barnet som det er viktig å vere merksam på.

Dersom ein av desse tilstandane oppstår i løpet av dei første dagane etter heimreise, tar de kontakt med barselavdelinga. Skjer det seinare enn dette, tar de kontakt med helsestasjon, fastlege eller legevakt.

Gulsott

  • Dei fleste barn blir litt gule i huda dei første dagane etter fødselen. Dette er normalt og blir vanlegvis mindre etter 3-4 dagar.
  • Hos nokon kan gulfargen vere svært sterk. Dersom barnet i tillegg blir slapt, får  problemer med å ete, går ned i vekt eller virker irritabelt - må du kontakte helsepersonell.

Udiagnostiserte hjartefeil

  • Hjartefeil skjer hos ca. 1 prosent av alle nyfødde og blir i dei fleste tilfelle oppdaga ved rutineundersøkinga som blir gjort på barselavdelinga.
  • Nokon hjartefeil kan vere vanskeleg å oppdage ved den første undersøkinga fordi symptoma kan vere diffuse. Dersom barnet er annleis enn vanleg eller reagerer annleis, ta kontakt med helsepersonell.

Alvorlege infeksjonar

  • Dei første dagane eller vekene etter fødselen kan barnet utvikle alvorlege infeksjonar som treng rask behandling. Symptoma kan vere diffuse, men dersom barnet er annleis enn vanleg eller reagerer annleis, ta kontakt med helsepersonell.

 

Gode råd til mor

For at barseltida skal bli ei god tid for deg som har fødd og for familien, er det viktig at du som nybakt mor tar godt vare på deg sjølv. Å leggje til rette for og gi den nybakte mora tid og moglegheit til eigenomsorg, til kvile, ro og avlasting frå kvardagens gjeremål er ei god investering for familien. 

Samspel

Barseltida er ei "Bli-kjent-tid", og den nyfødde er heilt avhengig av omsorg. Barnet kommuniserer med foreldra sine gjennom lydar, ansiktsuttrykk, gråt og bevegelsar. For å bli kjent med alle desse signala som barnet gir, må de vere mykje saman og ha barnet tett inntil de.

Å ha barnet hud mot hud under mating aukar også tilknyttinga mellom foreldre og barn. Dette gjeld også ved flaskemating dersom du ikkje kan eller ønsker å amme.

Ro hos foreldre, nærleik til barnet og fokus på barnets signal når det gjeld sult er viktig for å styrke ei god start for amming og samspel. Bruk gjerne bæretopp eller sjal. 

Ernæring

Spørsmål knytta til ernæring / amming av barnet er barselkvinner og hennar partnar ofte opptatt av. Men det er også viktig å passe på at du sjølv også får regelmessige måltid og nok drikke.

For å få i gong og oppretthalde mjølkeproduksjonen er kroppen din avhengig av tilførsel av mat og drikke. Du treng ikkje mykje ekstra mat; pass på at du et regelmessig, at du får i deg sunn mat og at du får i deg nok drikke.

Mange barselkvinner får ulike kostråd etter fødselen. Nokon erfarer at barnet blir uroleg i magen av enkelte matsorter, mens andre kan ete alle typar mat utan at barnet reagerer. Du og barnet ditt må gjere eigne erfaringar. Ver medviten om kva du et og drikker; om barnet blir uroleg i magen kvar gong du et ein spesiell type mat, kan du unngå eller redusere inntaket av denne matsorten.

Har du eller nær familie sjukdom og allergiar som er knytta opp mot mat / kosthald / mage-tarm sjukdommar, snakk med jordmor, helsesøster eller lege før fødselen eller i barseltida. Då får du råd og rettleiing som er tilpassa deg og ditt barn.

Amming

Mange nybakte mødrer er bekymra for korleis dei skal få til å amme. På helsenorge.no får du ei innføring i ammestart, og nokre råd om amming som kan vere nyttig den første tida etter at barnet ditt er fødd.

Les meir om amming og ammestart på helsenorge.no

Søvn

Som nybakt mor vil du raskt oppdage at døgnrytmen din no er avhengig av ein annan person. Kanskje vil barnet helst sove om dagen og vere vaken om natta, særleg den første tida.

Då kan det vere lurt at du tenkjer nytt og heller søv på dagen samstundes med barnet. Vi anbefaler at du prioriterer å få sove godt og nok framfor å til dømes gjere husarbeid, det kan vente. Kanskje familie eller venner kan låne syskena til babyen ei stund slik at de som foreldre får sove litt ekstra?

Renselse

Det er normalt med frisk bløding dei første dagane etter fødselen. Denne blødinga kallar vi «renselse». Blødinga er størst rett etter fødselen før ho avtar. Blødingane kan opplevast sterkare spesielt om morgonen eller etter at du har lege i ro ei stund. Dette er fordi blodet som har samla seg i livmora mens du låg i ro, kjem lettare ut når du reiser eller beveger deg.

Snakk med jordmor eller lege om du er usikker på om du blør meir enn normalt. Blødinga skal avta gradvis, og i løpet av eit par dagar skal ho vere merkbart mindre. Etter kvart blir blødinga meir brunleg på farge og blir deretter lik utflod med brunleg farge.

Det er individuelt kor lenge renselsen varer, men for dei fleste gir den seg i løpet av dei første seks vekene. Det er vanleg å få ei lita frisk bløding igjen ti til tolv dagar etter fødselen. Denne varer vanlegvis i to dagar, for nokon litt lenger. Denne blødinga kjem frå området der morkaka var festa til livmora. Her har det danna seg ei sårskorpe som no fell av og gir denne friske blødinga.

Renselsen inneheld mykje bakteriar. Ver derfor nøye med hygiene. Skift bind ofte den første tida, dusj dagleg og eventuelt kan du skylje deg nedantil eit par gongar dagleg dei første dagane etter fødselen. Ver forsiktig med «hard» dusjstråle mot underlivet dersom du har sydd nedantil. Vask alltid hendene godt etter toalettbesøk og når du har skifta bind. Den nyfødde er veldig sårbar og mottakeleg for infeksjonar. Vi tilrår at du ikkje badar i badekar eller offentlege basseng så lenge renselsen pågår.

Dersom renselsen skulle bli illeluktande, ta kontakt med jordmor / lege. Renselsen skal normalt ha same lukt som ei menstruasjonsbløding mot slutten av ein menstruasjon.

Ta kontakt med lege om:

  • Blødinga ikkje avtar eller aukar på
  • Om blødinga begynner å lukte sterkt - «stinkande» renselse
  • Om du får feber eller magesmerter 

Sting - fødselsrifter

Har du fått ei rift eller episiotomi (klipp i mellomkjøtet / perineum) i samband med fødselen, vil dette kunne gjere vondt den første tida etter fødselen. Mest ubehag vil du kjenne dei første dagane, men det er ikkje uvanleg å kjenne ubehag i nokre veker etter fødselen. Den første tida må ein ta omsyn til at ein har sydd i underlivet og avlaste området med kvile. Legg deg gjerne ned framfor å sitte.

Om smertene i såret ikkje avtar eller aukar på, må du ta kontakt med lege / jordmor. Dei vil då sjå på stinga og såret for å utelukke at det har oppstått f.eks. infeksjon i såret. I så fall vil du få behandling for dette.

Eit tørt og reint sår gror som oftast utan problem. Det er derfor viktig å halde såret tørt og reint, noko som kan vere vanskeleg når ein også har bløding. Vi tilrår å dusje dagleg i barseltida. Eit par gonger om dagen kan du bruke ei rein kanne med lunka vatn (eventuelt tilsett litt intimvasksåpe), og skylje deg når du sit på toalettskåla. Når du vaskar deg nedantil, bruk ei mjuk og rein klut, tørk lett framfrå og bakover. Tørk deg godt.

Ved smerter kan du ta smertestillande tablettar. Snakk med jordmor før utreise frå sjukehus om kva for smertelindring du kan bruke.

Snakk også med jordmor på avdelinga før du reiser heim, om korleis du bør stelle såret ditt. Då får du råd og rettleiing tilpassa deg og din situasjon. Det kan vere lurt å sjå på stinga dine sjølv, saman med jordmor, før du drar frå sjukehuset. Då veit du korleis såret ser ut, og kan sjølv følge med om såret gror eller endrar seg.

Barseltårer

Barseltida er ei tid med store omveltningar og forandringar - både kroppsleg og i livssituasjon. Foreldre og barn skal bli kjende med kvarandre, det er mykje nytt å lære og ta stilling til. Ein kan bli både trøytt og sliten, og det er ikkje uvanleg å kjenne seg veldig sårbar i denne tida. Tårene kjem fort og det skal lite til før ein kan bli sint, trist og ute av seg. Dette er heilt normale humørsvingningar, men som kan opplevast som uvanlege for far / partnar. Det er viktig at far / partnar forstår at dette er ei sårbar tid for barselkvinna, og at dei gir ho omsorg, støtte og avlasting. For mange vil det hjelpe å snakke om dette med nokon som står deg nær og som du stoler på.

Det kan hende at den jublande lykkekjensla og mors- / farskjærleiken, som du hadde forventa straks barnet blei fødd, lar vente på seg. For mange tar det litt tid å fordøye opplevingane før gledja over barnet kjem. Dette er vanleg og ikkje unormalt.

Om du kjenner deg veldig trist, nedstemt og har mange negative tankar, bør du snakke med lege, jordmor eller helsesøster om dette. Depresjonar etter eit svangerskap og fødsel kan oppstå, og mange treng hjelp til å handtere dette.

Det er også nokon kvinner som utviklar psykose etter fødselen, med tap av verkelegheitsforståing, ekstrem uro og forvirring. Dette er ein alvorleg tilstand som ikkje barselkvinna sjølv kan setje ord på. Pårørande må i slike tilfelle straks søkje legehjelp til kvinna. 

Etterkontroll

Mot slutten av barseltida, innan 8 veker etter fødselen, anbefaler vi deg å gå til etterkontroll. Denne kontrollen er frivillig, og du må sjølv bestille legetimen enten hos eigen lege eller jordmor.

På etterkontrollen vil legen / jordmora høyre om du har spesielle plagar eller spørsmål etter fødsel og barseltid, undersøke at livmora er tilbake til førgravid tilstand, at renselsen er normal, høyre om ammestatus og korleis du har det.

Samliv og prevensjon er eit naturleg tema under denne konsultasjonen, og du kan snakke med legen / jordmora om du ønsker å starte med prevensjon.

Samleie etter fødselen

Det er individuelt når ein ønskjer å ha samleie igjen etter ein fødsel. Amming og hormonstatus etter fødselen kan gjere at slimhinnene i skjeden kan vere tørrare enn vanleg. Har du i tillegg hatt ei rift, kan det vere ubehageleg å ha samleie dei første vekene etter fødselen. Eit glidemiddel kan vere til god hjelp i denne fasen.

Det er også vanleg at lysten til å ha samleie lar vente litt på seg etter ein fødsel. Dette gjeld både for kvinna og mannen. Vent til du / de er klare og kjenner lyst. Hugs at du kan blir gravid sjølv om du ammar, så bruk prevensjon om du ikkje ønsker eit nytt svangerskap.

Heim frå barselavdelinga - kven kan vi snakke med då?

Når du og barnet ditt drar heim frå avdelinga blir det sendt melding til helsestasjonen i ditt distrikt om at du har fått barn. Helsesøster vil etter kort tid (vanlegvis innan ei veke) ta kontakt med deg for å avtale vidare oppfølging og kontroll av barnet.

Helsestasjonens helsesøstrer vil følge opp barnet i heile barnealderen; gi tilbod om vaksinasjon, følge utviklinga til barnet og vere til hjelp og støtte for de som er foreldre / føresette.

Det er også vanleg at helsesøster eller jordmor kjem heim til deg og tar første spedbarnskontroll heime. Dette avtaler de når helsesøster / jordmor tar kontakt.

Om du ikkje har blitt kontakta av helsestasjonen innan ei veke etter heimkomst, ringer du sjølv til helsestasjonen for å avtale vidare oppfølging.

 

 

Baby hviler på pappas bryst. Foto
Foto: Haukeland universitetssjukehus
 

Stell og bading av den nyfødde

Vask barnet med lunka vatn som måler om lag 37 grader. Du kan bruke ein mjuk klut eller berre hendene dine. Det er ikkje nødvendig å bade barnet kvar dag, og eit godt alternativ til bad er ein grundig kroppsvask dagleg.

Førebuingar til bad

  • Rommet skal vere behageleg varmt, slik at barnet ikkje frys når det kjem opp av vatnet
  • Finn fram alt utstyr du treng på førehand: klede, bleier, handklede m.m.
  • Gå aldri frå barnet på stellebordet. Har du gløymt noko, så ta barnet med deg for å hente det. Eventuelt kan du leggje barnet i eit handklede på golvet.
  • Vask av eventuell avføring før badet startar
  • Start med å vaske dine eigne hender. Pass på riktig arbeidsstilling for deg sjølv.
  • Fyll i badekaret til barnet med passe varmt vatn, om lag 37 grader. Kontroller med underarmen din for å kjenne at vatnet er behageleg varmt.

Korleis halde ein baby under bading - sjå video

La skuldra / nakken til barnet kvile på den venstre underarmen din, og hald med eit fast grep slik:

  • Tommel, peikefinger og langfinger rundt barnet sin venstre overarm.
  • Ta den høgre handa di under rumpa til barnet og senk det rolig ned i vatnet slik at det når barnet til halsen.
  • Hald barnet godt med venstre hand under heile badet, og vask med høgre hand, eventuelt med en mjuk klut.
  • Dersom barnet sklir på underarmen under badet, må du ta eit fastare grep.

 

 

Korleis bade ein baby - sjå video

  • Start ovanfrå med å vaske andletet med ein mjuk klut. Unngå å la vatn renne ned i auga. Vask så håret til barnet med få dråpar sjampo utan parfyme. Skyll forsiktig med handa.
  • Du treng ikkje snu barnet – vask med handa eller ein mjuk klut ovanfrå og ned. Hugs å vaske alle foldane på huda; under haka, bak øyra, under armane og i lysken.
  • Hald barnet under rumpa med høgre hand igjen og løft det opp av vatnet. Legg barnet på handduken godt innpå stellebordet eller på golvet.
  • Tørk forsiktig med eit mjukt handklede eller ei tøybleie. Hugs alle foldane. Tørk eventuelt gammalt fosterfeitt utover, ikkje lat det bli liggjande feitt i klumpar på kroppen til barnet. Eventuelt størkna blod kan vaskast varsamt vekk med bomullsdottar. Kjenn etter med tørr hand i alle foldane på huda.
  • Navlen skal lufttørkast før du kler på barnet igjen.
  • Hugs at øving gjer meister og at barnet liker dine kjærlege hender!

 

 


 

Nyfødde barn frå topp til tå

På sjukehuset er det barnepleiarar, jordmødrer og legar som kan hjelpe deg. Etter heimreisa er det helsesøster, kommunejordmor og fastlegen som følger opp barnet og deg som har fødd.  

 

Augo til den nyfødde

Det er vanleg at augelokka til barnet er hovne dei første dagane, og det kan kome ein del sekret eller tårer. Dette kan du vaske bort med lunka kokt vatn eller augebadevatn.

Bruk ein våt bomullsdott og tørk frå yttersida av auget og inn mot augekroken - eller frå den reinaste sida av auget mot der det er sekret.

Om augo ikkje viser teikn til betring, må det bli tatt bakterieprøve for å undersøke om det kan skyldast ein infeksjon som krev antibiotikabehandling. Du må då ta kontakt med lege som kan vurdere om behandling er nødvendig.

Øyra til den nyfødde

Barnet har ofte ein del belegg i øyra rett etter fødselen. Du kan sjå eit kvitaktig belegg som er restar etter det fettlaget som beskyttar huda til barnet under svangerskapet. Du kan og sjå restar av blod som har kome under fødselen.

Øyra til barnet skal kun tørkast av ytterst. Ikkje vask inne i øyra på barnet, berre tørk av heilt i ytre del av øyret.

Nysing

Nyfødde barn nys mykje. Dette er ikkje eit teikn på forkjøling eller sjukdom. Barnet nys for å rense opp i sine litt tronge nasekanalar.

Raping

Nokon barn raper mens andre barn ikkje raper. Barn har ulike «rapevanar». Det kan vere ein god vane å gi barnet anledning til å rape etter eit måltid. Lufta kjem som oftast opp etter få minutt, men hugs at ikkje alle barn må rape.

Om barnet ditt er uroleg kan du gjere det lettare for barnet å få rapt ved å halde barnet inntil deg med barnet sitt hovud mot skuldra di. Støtt rygg og hovud og stryk gjerne barnet lett over ryggen.

Hikking

Nokon barn hikkar mykje og følger ofte same «hikkemønster» som det hadde i svangerskapet. Dette er heilt normalt, og det er ikkje farleg eller eit teikn på sjukdom hos barnet. Legg barnet til brystet, så det får litt morsmjølk. Dette kan hjelpe til med å stoppe hikkinga.

Trøske

Trøske viser seg som eit kvitt belegg på tunga til barnet og / eller på innsida av kinna. Trøske er ein vanleg soppinfeksjon hos nyfødde. Vanlegvis forsvinn dette av seg sjølv utan andre symptom enn det kvite belegget.

Snakk med jordmor, helsesøster eller lege om du ser at barnet har mykje trøske og alltid om barnet i tillegg vegrar seg for å ta brystet / maten.

Trøske kan smitte til brystknoppen og føre til at det blir smertefullt å amme for deg. Det er ikkje farleg, men krev behandling med soppdrepande middel. Ser du at barnet har trøske og du får smerter ved amming, må du oppsøke lege for å få behandling.

Les meir om trøske på ammehjelpen.no

Negler

Neglene til barnet er ofte lange og skarpe, og gjer at barnet kan klore seg i ansiktet. Neglene til nyfødde skal ikkje klippast då det er lett for at du klippar i huda under naglen. Neglene er veldig mjuke, og i ytterkanten er dei ofte litt flisete. Ta forsiktig tak ytterkanten og sjå om det er mogleg å rive av ein bit. Du kan også bruke tynne bomullsvantar eller ein babysokk på hendene til barnet, for å unngså at barnet klorer seg sjølv.

Urin og avføring

Den første avføringa til barnet er svart og blir kalla «barnebek». Denne er seig og luktar ikkje då tarmen til barnet enno er steril. Etter kvart som barnet får mjølk, vil den normale tarmfloraen bli etablert. Etter nokre dagar vil avføringa skifte farge frå svart til grønbrun, for deretter å bli kornete og sennepsgul, og ofte svært flytande når mjølkeproduksjonen er komen godt i gong.

Får barnet morsmjølkerstatning kan det nokon gonger gå fortare med etablering av avføringsmønsteret.

Omstillinga frå livmora der «maten» kom via navlesnoren, til at barnet sjølv skal ete er stor. Barnet skal lære å spise, og fordøyingssystemet skal venne seg til å ta imot og fordøye mjølka. Dette kan føre til litt uroleg mage hos barnet dei første dagane, og er ikkje eit teikn på begynnande kolikk eller sjukdom.

Etter 4-7 dagar bør barnet ha 4-6 tissevåte bleier og dagleg avføring. Dette er teikn på at barnet ditt får i seg nok mjølk. Brysternærte barn har ofte færre «bæsjebleier» enn de barna som får morsmjølkerstatning i starten. Går barnet fint opp i vekt, er det ingen grunn til å bli bekymra for om barnet får nok mat.

Oransje / raude flekkar i bleien til barnet dei første dagane etter fødselen er vanleg. Det er urat (kalkavleiringar) som skiljast ut via nyrene og som gir den oransje / raude fargen. Dette er heilt normalt, og er ikkje eit teikn på sjukdom hos barnet. Etter kvart som mjølkeproduksjonen kjem i gong og gjennomstrømminga i nyrene til barnet blir større, vil spor av urat i bleien forsvinne.

Les meir om avføring hos barnet på ammehjelpen.no

Utflod hos nyfødde

Jentebarn kan ofte ha kvitaktig utflod med noko raudt i. Dette skyldast hormonpåverknad frå mor og blir ofte kalla «minimens». Dette er ikkje farleg, og forsvinn gradvis av seg sjølv. Barnet kan også ha lange slimtrådar frå vagina som tørkar opp og løyser seg av seg sjølv.

Navlen

Mange foreldre bekymrer seg for navlestumpen til den nyfødde. Korleis skal dei stelle han? Den delen av navlesnoren som sit att på navlemansjetten (hudområdet der navlesnoren er festa) vil falle av i løpet av tre til ti dagar. Etter nokon dagar fil det komme ein litt emmen lukt av navlestumpen som eit teikn på at den normale prosessen er i gong.

Hald navlestumpen til barnet tørr og rein. Det er vanleg at det kan sive litt blodvæske om for eksempel bleien har gnissa rundt navleområdet. Dette er ikkje farleg, men det er viktig å tørke dette vekk slik at ikkje huda rundt blir irritert. Blir huda rundt stumpen raud, varm og væskar utover dette - bør du ta kontakt med helsesøster, jordmor eller lege for råd om stell.

Huda til barnet


Hender og føter

Spedbarn har ofte litt blåleg farge på hender og føter dei første dagane etter fødselen. Dette er på grunn av litt dårlegare blodsirkulasjon i dei områda av kroppen som er lengst frå hjartet.

Då kan varme sokkar vere godt for barnet. Om du skal vurdere om barnet er passeleg varmt, kan du kjenne på det i nakken. Eit barn som er for varmt er ofte raud i andletet og irritabel.

Milier

Dei små kvite prikkane i andletet på barnet, spesielt på nasen, heiter milier. Desse prikkane er forstørra talgkjertlar og dette er heilt normalt. Det tar gjerne nokre veker før dei forsvinn av seg sjølv.

Spedbarnsutslett

Spedbarnsutslett artar seg ofte som små lyseraude flekkar, eller litt større område spesielt på hals, bryst og underarmar. Ofte kan ein sjå ein liten hard og kvit prikk inne i flekken/området. Dette utslettet kjem fort og forsvinn fort. Årsaka er hormonell påverknad frå mor.

Varmeutslett

Varmeutslett kjem når barnet har det for varmt. Det artar seg som små raude nuppar som forsvinn ved avkjøling.

«Heksemjølk»

Både gutar og jenter kan få litt opphovna brystkjertlar etter fødselen. Dette kjem som følgje av hormonpåverknad frå mor i svangerskapet og vil forsvinne etter nokre dagar. Det kan vere litt ømt for barnet, så ver forsiktig når du er borti området.

«Storkebitt»

Om barnet ditt har eit raudt merke på augelokk, i panna eller nakken, kallar vi det gjerne «storkebitt». Desse merka blir mindre synlege eller forsvinn etter kvart, helst innan første leveår. Iblant ser du at dei kjem fram igjen hos barnet når det anstrengjer seg.

Fødselsmerke

Det er vanleg med fødselsmerke hos nyfødde og dei fleste er godarta og ufarlege.


Kontakt

Føde-barsel Volda

Besøkstider
måndagFri besøkstid for barnefar/partner og barnets søsken. Besteforeldre er velkomen i tida kl 18.00 - 19.00.
tysdagFri besøkstid for barnefar/partner og barnets søsken. Besteforeldre er velkomen i tida kl 18.00 - 19.00.
onsdagFri besøkstid for barnefar/partner og barnets søsken. Besteforeldre er velkomen i tida kl 18.00 - 19.00.
torsdagFri besøkstid for barnefar/partner og barnets søsken. Besteforeldre er velkomen i tida kl 18.00 - 19.00.
fredagFri besøkstid for barnefar/partner og barnets søsken. Besteforeldre er velkomen i tida kl 18.00 - 19.00.
laurdagFri besøkstid for barnefar/partner og barnets søsken. Besteforeldre er velkomen i tida kl 18.00 - 19.00.
sundagFri besøkstid for barnefar/partner og barnets søsken. Besteforeldre er velkomen i tida kl 18.00 - 19.00.
Telefon
70 05 83 61

Volda sjukehus

Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70 05 82 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Besøkstider føde/barsel

​Barnefar/partnar og søsken: Når dei måtte ønske, unntatt i kviletid for mor og barn. Ein får opplyst kviletid i avdelinga.

Besteforeldre: Kl 18:00 - 19:00

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​​​​Du kan parkere på anviste plassar utanfor sjukehuset


 

Pasienttelefon

​Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.