Føde/barsel Molde

Fødsel - tvillingar/fleirlingar, Molde

Er du gravid med tvillingar / fleirlingar bør du føde barna dine på ein fødeavdeling med fødselslege, anestesilege og barnelege tilgjengeleg heile døgnet.

Innleiing

Korleis svangerskapet ditt har gått, kor langt du har komen i svangerskapet når fødselen startar og korleis du og barna har det ved fødselens start vil avgjere kva for fødselsmetode, fødselsovervaking og fødselshjelp som du treng. Ein tvilling- / fleirlingfødsel krev meir overvaking av fødselen enn av kun eitt barn.

Tilvising og vurdering

Legen og jordmora som følger deg opp i svangerskapet vil lage ein plan for fødselen saman med deg.

Før

Eit tvilling- / fleirlingsvangerskap og fødsel medfører ein auka risiko for komplikasjonar enn det er når du er gravid med eitt barn. Derfor er det viktig at du følger opp svangerskapskontrollane.

Når du er gravid med fleire barn, er det auka risiko for at fødselen startar før termin. Får du rier eller mistanke om at fostervatnet har begynt å renne, må du ta kontakt med lege eller fødeavdelinga umiddelbart.

Under

Tvillingar

Når det er planlagt at du skal føde barna dine på vanleg måte, vil det vere eit team av jordmødrer, barnepleiarar, gynekologar og barnelege med deg, eller i nærleiken av fødestova di. Om barna fødast i hovudleie er det oftast jordmor som tar imot, men gynekolog er også til stade på eller like ved fødestova, klar til å hjelpe om det skulle bli nødvendig.

Den av barna som ligg an til å bli fødd først kallar vi for tvilling 1, og den som ser ut til å komme sist for tvilling 2 (evt. trilling 1-3, eller firling 1-4).

Når tvilling 1 er fødd, rettast fokus mot tvilling 2. Etter at tvilling 1 er fødd, vil legen undersøke magen din med ultralyd for å sjå korleis tvilling 2 kjem ned i fødselskanalen.

Tvilling 2 har no fått god plass i livmora. For å unngå at barnet snur seg til ein ugunstig stilling, kan jordmor / lege ta eit grep rundt tvilling 2 / magen din for å hindre at barnet snur seg. Dette grepet haldast til hovudet eller setet til barnet har begynt å trenge ned i fødselskanalen, og det ikkje er mogleg for barnet å snu seg.

Tvilling 2 fødast som oftast ganske raskt etter at tvilling 1 er fødd. Men det kan hende at riene avtar eller stoppar opp etter at tvilling 1 er fødd. Fødselen vil då kunne stoppe litt opp, og derfor har vi alltid klar eit ristimulerande drypp.

Fleirlingar

Om du er gravid med meir enn to barn, er det større risiko for at svangerskapet og fødselen ikkje går heilt som normalt. Fastlegen din eller jordmor på helsestasjonen vil derfor tilvise deg til gynekolog eller til poliklinikk for gravide på sjukehuset når det er mistanke om eller bekrefta at du er gravid med meir enn to barn.

Gynekologen vil legge ein plan saman med deg for svangerskapskontroll og fødsel. Fødselen bør skje på fødeavdeling med høg beredskap - der gynekolog, barnelege og anestesi / operasjonspersonell er tilgjengeleg heile døgnet. Når du ventar trillingar eller fleire barn, blir oftast keisarsnitt vurdert som beste og sikraste måten å forløyse barna.

Keisarsnitt

Det er ein auka risiko for at ein tvillingfødsel blir avslutta med keisarsnitt eller ved bruk av tang eller vakuum, enn om du skal føde eitt barn. Derfor anbefaler vi at du får epiduralbedøving når fødselen er i gong.

Skulle det oppstå ein situasjon som gjer det nødvendig å forløyse eitt eller begge barna med tang, vakuum eller keisarsnitt, vil gynekolog, barnelege og anestesi- og operasjonspersonale vere til stades og klare til å gripe inn.

Les meir om Keisersnitt

Etter

Tvillingar blir ofte fødd før termin, og treng derfor ekstra oppfølging i tida etter fødselen. Om fødselen startar tidleg i svangerskapet / prematur fødsel, eller barna treng ekstra oppfølging / overvaking, fødselsvekta er låg eller om barna ikkje tar til seg nok mat, så må barna bli flytta til nyføddavdeling.

Amming

Amming av tvillingar krev ofte litt ekstra innsats, særleg i oppstarten av amminga. Nokon tvillingmødrer opplever at det kan ta litt tid å få i gong mjølkeproduksjonen og amminga.

Fordi tvillingar ofte blir fødd før termin og er mindre enn barn i svangerskap med eitt barn, kan det vere ekstra viktig at barna får morsmjølk. Bruk derfor tida og kreftane den første tida etter fødselen på å få i gong mjølkeproduksjon og amming.

Om barna er friske og har krefter til å amme, blir dei lagt til brystet til kvart måltid - og får tillegg av morsmjølkerstatning etter amming om og så lenge dei treng dette. Ikkje alle greier å fullamme begge barna, men all morsmjølka som barna kan få er viktig.

 

Kontaktinformasjon

Til deg som har termin i haust og som skal føde i Molde eller Kristiansund

Frå 5. oktober vil fødetilbudet i Nordmøre og Romsdal veksle mellom Molde og Kristiansund sjukehus kvar 14. dag. For deg som har termin i haust, kan det bety at du må føde på eit anna sjukehus enn ditt næraste lokalsjukehus. Vi har stor forståing for at dette kan kjennast usikkert, men vi forsikrar om at vårt viktigaste mål er at du skal ha ei trygg og god oppfølging.

Fødetilbodet er opent:

Veke 41 og 42:  Kristiansund sjukehus
Veke 43 og 44:  Molde sjukehus
Veke 45 og 46:  Kristiansund sjukehus
Veke 47 og 48:  Molde sjukehus
Veke 49 og 50:  Kristiansund sjukehus
Veke 51 og 52:  Molde sjukehus
Veke 53/1 og 2: Kristiansund sjukehus
Veke 3 og 4: Molde sjukehus

Du skal fortsatt følge vanlege kontrollar hos di kommunejordmor og/eller fastlege, i tillegg til standard ultralyd på sjukehuset i veke 18/19.

Kva skjer når du skal føde?

Du tar kontakt med fødeavdelinga som vanleg og får rettleiing av jordmor. Avdelinga som har fødedrift vil vere open for inntak av fødande fram til kl. 08 på mandag i oddetallsvekene og opent tilbod om barselomsorg fram til onsdag same veke. Målet vårt er at du som fødande skal vere innlagd på same avdeling under fødsels- og barselopphaldet.

Dersom det hastar må du kontakte 113, AMK er godt førebudde og vil rettleie deg til kontakt med riktig fødeavdeling.

Viss du har lang reiseveg (over 90 minutt)

Alle fødande frå kommunar med reiseveg over 90 minutt vil no bli kontakta direkte. Vi planlegg å ringe deg i svangerskapsveke 35/36 slik at vi saman kan legge ein plan som er tilpassa dine behov fram mot fødsel. Sidan du har lang reiseveg, vil du få tilbod om kostnadsfritt hotellopphald inntil 14 dagar før termin. Du står heilt fritt til å benytte deg av dette når som helst innafor dei 14 dagane. Partnar er også velkomen til å vere med, om det skulle vere aktuelt. Ved behov for booking tar du kontakt med ein av seksjonsleiarane(kontaktinfo under).

I dei kommunane der vi har beredskap og følgeteneste med jordmor, vil denne vere forsterka. I kommunar utan fast følgeteneste kan vi i veka før du har termin starte ei beredskapsteneste som er tilpassa deg. Ei beredskapsjordmor som er på vakt 24/7 vil bistå med følgeteneste til sjukehuset dersom det blir behov for det.  Denne beredskapsjordmora kan vere ei av våre jordmødre, eller ho kan vere tilsett i kommunen. Nærare avtale om dette blir gjort rundt svangerskapsveke 35/36.

Har du spørsmål?

I denne ekstraordinære situasjonen er vi opptatt av at du skal føle deg trygg og ivaretatt. Har du spørsmål, kan du kontakte di fødeavdeling direkte.

Kontaktinfo

Fødeavdelinga Kristiansund sjukehus telefon 71121805
Spørmål kan rettast til Victoria Stormo, telefon 71121813, victoria.stormo@helse-mr.no

Fødeavdelinga Molde sjukehus telefon 71121760
Spørsmål kan rettast til; Cecilie Lysgård, telefon: 71121757, cecilie.lysgard@helse-mr.no

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstida er kl. 17:00 - 19:00 på kvardagar, og ​mellom kl 16-18 i helger ​. Besøkjande må ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Besøkstider føde/barsel

​Sjå egen informasjon om Korona.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


KORONAVIRUSET: Informasjon til fødande og partnar

​For å unngå koronasmitte har vi innført nye retningsliner ved våre føde- og barselavdellingar.

Her kan du lese retningslinene

KORONAVIRUSET: Viktig informasjon til besøkande

​For å unngå koronasmitte har vi restriksjonar for besøk på sjukehusa. Viss du planlegg eit besøk, må du gjere deg kjent med gjeldande rutine.

Gjeldande rutine finn du her

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?