Fødselsrifter med skade på endetarmen sin lukkemuskel, Kristiansund

Føde/barsel Kristiansund

 

Under fødselen blir bekkenbotnen strekt og det kan oppstå rifter i huda. Mange fødande får mindre rifter, men i blant kan den fødande få større fødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskel.

Innleiing

Lukkemuskelen er ein ringmuskel rundt den nedste delen av endetarmen og funksjonen er å halde på luft og avføring. Muskelen er konstant trekt saman, men om han har blitt skada og ikkje har blitt fullstendig lækja, kan lukkemekanismen vere svekka. Då kan ein få plager med at ein lekker luft, ikkje har full kontroll på avføringa eller har problem med å rekke toalettet i tide.  

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Det er auka risiko for å få rifter i lukkemusklane når hovudet til barnet kjem svært raskt på slutten av fødselen, om barnet er stort eller om det blir forløyst med tang eller vakuum.

2. Under

For å reparere ein skadd lukkemuskel, blir dei skadde endane på muskelen sydd saman. Deretter reparerer legen resten av rifta slik at det skada området skal bli mest mogleg normalt igjen. Tråden som blir brukt vil løyse seg opp av seg sjølv, og ein treng ikkje fjerne stinga.

3. Etter

Sårhygiene og amming

Skyll deg med lunka vatn etter du har hatt avføring og bruk elles handdusjen når du skal vaske underlivet. Bruk eit reint handkle.

  • Unngå å sitte for lenge om gangen. Det kan belaste såret og gi meir smerte. Prøv å sitte på to samanbretta handkler
  • Legg deg på sida når du skal inn og ut av senga
  • Ligg helst på sida når du ammer
  • Hald avføringa mjuk
  • Unngå å løfte tungt i fire til seks veker etter fødselen
  • Bruk reseptfrie, smertestillande medikament mot smerter frå såret

Tarmfunksjon

Treg mage er vanleg etter fødselen. Difor får du avføringsmiddel (Laktulose 15 ml to gonger dagleg) medan du er innlagd. Du kan halde fram med det i eit par veker etter fødselen for å halde avføringa mjuk. Unngå å trykke mykje ved toalettbesøk.

Du bør drikke rikeleg med vatn og ete fiberrik kost (fullkornsbrød, frukt, rosiner/svisker).

Mange klarer ikkje å halde på luft frå endetarmen dei første vekene etter fødselen. Dette kjem seg ofte gradvis etter som bekkenbotnen blir sterkare i halvåret etter fødselen.

Fysioterapi og opptrening

På fødeavdelinga får du råd om trening etter fødsel. Du får og ei tilvising til fysioterapeut som kan hjelpe deg med bekkenbotntreninga vidare.

Start med lett trening av musklane i bekkenbotnen så raskt som mogleg etter fødselen. Ligg i kvilestilling, knip saman musklane rundt endetarm, skjede og urinrørsopninga. Gjenta fire-fem gonger, tre gonger om dagen.

Etter kvart som bekkenbotnen blir sterkare kan du auke til ti knip om gongen. Heime kan du gjere øvingane medan du ligg på golvet. Ta i så godt du kan utan å halde pusten, og utan å bruke musklane i baken, låra eller magen. Hald knipet så lenge du klarer, kvil nokre sekund og knip på ny. Du bør halde fram med knipeøvingane i tre til seks månader.

Prøv å knipe igjen også når du hostar eller nys, og før du løftar barnet eller noko tungt. Om du held fram med knipeøvingar også etter barseltida, auker sjansen for at du ikkje bli plaga med lekkasje av urin, luft eller avføring seinare.

Om du treng meir informasjon, anbefaler vi desse nettstadane:

Sex etter fødsel

Det vil ta om lag ein månad før rifta i endetarmens lukkemuskel har grodd. Vent derfor i 4-6 veker med å ha samleie, slik at ikkje rifta går opp att. Mange kvinner ønsker ikkje sex dei første 2-3 månadene etter fødselen fordi dei er slitne, redd for smerter eller manglar sexlyst. Hormonendringar gjer ofte at skjeden kjennast tørr, og det er lurt å bruke eit glidemiddel. Vi tilrår ikkje analt samleie dei to første månadene etter fødselen.

Kontroll

Du vil få tid for ein poliklinisk kontroll 9 til 12 månader etter fødselen.

Men du må ta kontakt med fastlegen din om du får problemer med såret i underlivet i vekene etter fødselen. Teikn på infeksjon er aukande smerter, at området hovnar opp og feber. Det er viktig at du blir tilvist og undersøkt på sjukehuset dersom det er teikn på at såret har gått opp igjen, eller om du lek avføring. Om du slit med plagar er det viktig at du tar kontakt med fastlegen din før den planlagde kontrolltimen.

Ved kontrolltimen 9 til 12 månader etter fødselen er det venta at skadene er grodd, og at du har fått tilbake krafta i bekkenbotnen. Ofte vil plager du hadde dei første månadene ha gått over. Saman med deg vil vi vurdere om bekkenbotnsfunksjonen er svekka etter skaden.

Før timen bør du tenke gjennom og registrere plager du kjenner, og kva innverknad dei har i kvardagen. Vi vil gjerne diskutere med deg om du bør føde normalt eller med keisarsnitt i eit seinare svangerskap, og korleis oppfølginga bør vere. Om du ikkje har plager etter skaden vil ein oftast tilrå vaginal fødsel neste gong.

Blir eg normal igjen?

Dei fleste som har fått skade på lukkemuskelen under fødsel får ikkje varige, alvorlege plager. Det vanlegaste er at ein ikkje har full kontroll på luft frå tarmen. Det kan vere vanskeleg i kvardagen, sosialt og på arbeid. Det er meir sjeldan med problem med å halde på avføringa.

Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen din om du har slike problem, også om det har gått lengre tid sidan du fødte, slik at du kan få utgreiing og best mogleg behandling. Det finst ulike behandlingstilbod som kan vere til god hjelp.

Kontakt

Føde-barsel Kristiansund
Telefon
71121805
Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71120000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Besøkstider føde/barsel

​Barnefar/partnar og søsken: Når dei måtte ønske, unntatt i kviletid for mor og barn. Ein får opplyst kviletid i avdelinga.

Besteforeldre: Kl 18:00 - 19:00

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag: 10.00–17.00

Søndag: 12.00–19.00

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.