Fotodynamisk behandling av hud, Kristiansund

Hudpoliklinikken Kristiansund

Fotodynamisk behandling er ein behandlingsmetode for visse typar hudkreft og solskada hud. Behandlinga er enkel å utføre og gir som regel eit godt kosmetisk resultat. 

1. Før

Behandlinga krev inga førebuing.

2. Under

Du bør setje av heile dagen til behandlinga. Området som skal behandlast blir først skrapa og deretter påført ein krem. Deretter blir det dekt med plaster, som skal ligge på minst tre timar. I dette tidsrommet kan du forlate poliklinikken. Etterpå vert kvart område belyst i ti minutt. Sjukepleiar er til stades.

Samhandlinga mellom krem og lys gjer at celleforandringane går tilbake. Behandlinga kan gi smerte, også i tida etterpå. Smertestillande tablettar som Paracet vil som regel dempe desse plagene. Ved bruk av Paralgin Forte må du unngå å køyre bil.

Ta med liste over eventuelle faste medisinar.

3. Etter

Den første veka må du rekne med hevelse, raudleg farge og væsking frå behandlingsområdet. Plaster skiftast ved behov. Når såret ikkje væsker lenger, rår vi deg til å bruke  Duoderm® sårplate. Denne kan ligge på ei veke og toler fukt. Dersom det kjem sårskorpe over behandlingsområdet bør denne vere i ro til den fell av.

Vår anbefaling er at du beskyttar det behandla området mot sollys det første året.

Den første veka må du rekne med hevelse, raudleg farge og væsking frå behandlingsområdet. Plaster skiftast ved behov. Når såret ikkje væsker lenger, rår vi deg til å bruke  Duoderm® sårplate. Denne kan ligge på ei veke og toler fukt. Dersom det kjem sårskorpe over behandlingsområdet bør denne vere i ro til den fell av.

Vår anbefaling er at du beskyttar det behandla området mot sollys det første året.

Kontakt

Hudpoliklinikken Kristiansund
Telefon
Ekspedisjon: 71122015 , Sjukepleiar: 71122022 , Fax: 71122335
Postadresse
Helse Møre og Romsdal
Hudpoliklinikken Kristiansund
Kristiansund sjukehus
Hermann Døhlensvei 1
6508 Kristiansund
Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.