Frysebehandling av hud, Kristiansund

Hudpoliklinikken Kristiansund

Frysebehandling eller kryobehandling er ein metode hudlegane bruker til behandling av hudsjukdommar som vorter, pigmentflekkar, enkelte hudkrefttypar og forstadium til hudkreft. 

1. Før

Behandlinga krev inga førebuing.

2. Under

Behandlinga skjer utan lokalbedøving. Flytande nitrogen (temperatur ÷196° Celsius) blir spraya eller stroken på huda med bomullspinnar. Målet med frysebehandlinga er å framkalle ei avgrensa frostskade på den sjuke huda (for eksempel vorta).

 

3. Etter

Etter frysinga blir huda sår og det blir danna skorpe som fell av etter ei til to veker. Ved kraftig frysing kan du få væsking og blemmer. Ei tørr sårskorpe treng inga behandling. Såret toler både såpe og vatn.
Fuktige skorper og opne sår kan vaskast dagleg med antiseptisk oppløysning. Normalt er det ikkje behov for sårsalver. Blemmer kan du stikke hol på. Blemmetaket (huda over blemma) bør vanlegvis ikkje fjernast, så framt det ikkje er smerter (spreng) i blemma eller infeksjon. Dersom plasteret er gjennomtrekt av sårvæske, bør det bytast. Paracetamol kan brukast som smertestillande.   

Er kontroll nødvendig?

Det er avhengig av kva tilstand som blir behandla. Dette vurderer legen i kvart enkelt tilfelle.

Ver merksam

Sjølve frysinga er litt smertefull. Huda blir kald og det kan svi, men dette går som regel over i løpet av ein dag.
Hevelse er vanleg, spesielt når du blir behandla i nærleiken av auget.  Bleiking av huda (pigmenttap) kan vere ein varig biverknad. Kraftig frysing kan gi arr.

Kontakt

Hudpoliklinikken Kristiansund

Telefon
Ekspedisjon: 71122015 , Sjukepleiar: 71122022 , Fax: 71122335
Postadresse
Helse Møre og Romsdal
Hudpoliklinikken Kristiansund
Kristiansund sjukehus
Hermann Døhlensvei 1
6508 Kristiansund

Kristiansund sjukehus

Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.