Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking, 6 minutt

Gangtest

Under ein gangtest måler vi kor mange meter du klarer å gå på flatt underlag i 6 minutt. Vi måler oksygeninnhald i blodet, puls og grad av kor tungpusten du er når du kviler under og etter testen.

Før

Du skal vere utkvilt før du tar testen. Faste medisinar skal du ta som vanleg. Dersom du brukar luftvegsutvidande medisinar, skal du ta den før testen.

Du kan bruke dine vanlege ganghjelpemiddel, for eksempel rullator. Dersom du brukar oksygenutstyr til vanleg, kan du også bruke det under testen. Du skal sitte på ein stol og slappe av nokre minutt før gangtesten.

Under

Du blir spurt om grad av kor tungpusten du er. Du skal gå i oppmålt lengde, fram og tilbake, så langt du klarer å gå på denne tida. Du skal ikkje snakke under testen.

Du går med eit pulsoksymeter på fingeren. Det måler oksygeninnhald og puls. Du kan senke farta, stoppe og eventuelt sette deg ned om du har behov for det.

Etter

Du skal sitte å kvile på ein stol nokre minutt etter gangtesten. Du får spørsmål om grad av kor tungpusten du er. Resultatet av testen blir vurdert av oss.

Ver merksam

Vanlegvis innberer ikkje testen nokon risiko.