Gastroskopi, Kristiansund

Medisinsk poliklinikk Kristiansund

Med gastroskopi undersøker ein spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen ved hjelp av eit gastroscop. 

Innleiing

Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar i spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen, for eksempel betennelse, sår eller godarta/ondarta svulstar. Ein kan ta vevsprøver frå slimhinna, og einskilde tilstandar kan behandlast. 

Gastroskopi er ei undersøking av spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen ved hjelp av eit gastroskop. Eit gastroskop er ein bøyeleg slange som kan overføre fargebilde frå kroppens indre til ein TV-skjerm.
Gastroskopi er ei undersøking som blir utført ofte, og på dei fleste sjukehus. Dei fleste undersøkingane blir gjort polikliniske, det vil seie utan at du blir innlagt på sjukehuset. Enkelte spesialistar gjer undersøkinga også i privatpraksis.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som tilviser til undersøkinga. 

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Prosedyrar kan variere noko frå stad til stad, men vanlegvis gjeld følgande:

  • Du må møte fastande til undersøkinga. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke eller røyke etter kl. 24:00 kvelden før undersøkinga - eller seinast 6 timar før undersøkinga.

  • Dersom du brukar Marevan eller andre blodfortynnande medisinar, følg anførte råd i innkallingsbrevet eller ta kontakt med fastlege. Hensikta er å unngå alvorleg blødning i forbindelse med undersøkinga. Brukar du insulin må du kontakte fastlegen din slik at medisinen kan justerast.

  • Det kan vere at du blir gitt ein beroligande medisin i forbindelse med undersøkinga. I så fall bør du ikkje køyre bil før det har gått 24 timar. 

  • Om du brukar Albyl-E, som einaste blodfortynnade medisin, treng du ikkje stoppe med denne.

2. Under

Umiddelbart før undersøkinga kan du få spraya lokalbedøving i svelget. Denne verkar i omtrent ein halvtime. Det kan også bli gitt ei sprøyte med eit beroligande middel. Du vil få plassert ein plastring mellom tennene for å hindre at du biter i skopet. Eventuelle lause tenner må tas ut før undersøkinga tek til.

Gastroskopet er ein fingertjukk bøyeleg slange. Det er tynnare enn mykje av den maten du svelger ned. Gastroskopet blir ført inn gjennom munnen, nedover spiserøyret og vidare ned i magesekken og tolvfingertarmen. Luft blir blåst inn for å utvide området slik at undersøkaren får best mogleg oversikt. Når undersøkinga pågår, ligg du på venstre side på ein benk. Brekningstendens, trykkfornemmelse og oppblåsthet er vanlege ubehag. Undersøkinga tek vanlegvis mellom 10 og 30 minutt.

3. Etter

Det forekjem nesten aldri skadar på spiserøyret, magesekken eller tolvfingertarmen av sjølve skopet. Hvis det blir fjerna polyppar, kan det imidlertid ein sjeldan gong oppstå blødningar og det kan då bli nødvendig at du blir på sjukehuset til observasjon.

Vidare oppfølging

Legen fortel deg om resultatet av undersøkinga. Fastlegen din får ein rapport om undersøkinga, og resultat av eventuelle vevsprøver i løpet av 1-4 veker. Dersom prøvene viser forandringar som krev spesiell kontroll, eller anna oppfølging, som for eksempel tilvising til operasjon, blir dette ordna av legen som undersøkte deg eller fastlegen din.


 

Ver merksam

Dersom det oppstår spesielle problem etter undersøkinga, som oppkast av blod, svart og tjæreaktig avføring eller kraftige magesmerter, kan du ta kontakt med sjukehuset direkte.

 

Tlf. nr. til Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar: 71 12 23 00 på dagtid kl. 08.00 - 16.00, på kveldstid/helg kan du ringe sentralbordet tlf. 71 12 00 00 og be om å få snakke med medisinsk lege.

Kontakt

Medisinsk poliklinikk Kristiansund
Telefon
71 12 23 00
måndag - fredag 08:00 - 16:00
laurdag - sundag Stengt
Postadresse
Kristiansund sjukehus
Herman Døhlens vei 1
6508 KRISTIANSUND
Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.