Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar i spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen, for eksempel betennelse, sår eller godarta/ondarta svulstar. Ein kan ta vevsprøver frå slimhinna, og einskilde tilstandar kan behandlast.
Gastroskopi er ei undersøking av spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen ved hjelp av eit gastroskop. Eit gastroskop er ein bøyeleg slange som kan overføre fargebilde frå kroppens indre til ein TV-skjerm.
Gastroskopi er ei undersøking som blir utført ofte, og på dei fleste sjukehus. Dei fleste undersøkingane blir gjort polikliniske, det vil seie utan at du blir innlagt på sjukehuset. Enkelte spesialistar gjer undersøkinga også i privatpraksis.