Graviditet - overvaking av barn i magen til mor, Kristiansund

Føde/barsel Kristiansund

Fødselen er krevande for både mor og barn, og jordmor / lege vil følge med barnets tilstand gjennom heile fødselen.

Innleiing

Fødselen er viktig for å førebu barnet på livet utanfor livmora. Trykket og presset mot barnet frå riene og under passasjen gjennom fødselskanalen, er viktig for det som skjer med barnet i overgangen frå livet i magen til livet utanfor. 

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Fosterbevegelsar og spark

Etter svangerskapsveke 18 vil dei fleste gravide dagleg kjenne fosterbevegelsar og spark. Du vil etter kvart lære deg barnets rytme og aktivitetsmønster. Nokon foster / barn er meir aktive delar av dagen, andre reagerer med spark og aktivitet ved høge lydar, eller når mor er i aktivitet eller nett har ete og lignande. Frå svangerskapsveke 28 skal du kjenne at barnet beveger seg / sparkar minst 10 gonger dagleg.

Etter kvart som magen veks og det blir mindre plass til bevegelse i livmora, vil du kjenne barnets aktivitet på ein annan måte enn tidleg i svangerskapet - men du skal likevel regelmessig kjenne at barnet er i aktivitet.

Ver merksam

Er du usikker på om barnet sparkar eller beveger seg, eller du ikkje har kjent aktivitet på ein stund, så kan du prøve å framkalle aktivitet. Gjer noko som du veit pleier å vekkje barnet; sett på musikk, drikk ein søt og kald drikke eller lignande. Kjenn etter kva for respons du får. Får du gode spark og bevegelsar, er det ein tilbakemelding om at barnet har det bra.

Får du ikkje ønska respons frå barnet, bør du kontakte jordmor, lege eller fødeavdelinga for å få ein ekstra vurdering og eventuelt kontroll.

2. Under

Det er ulike måtar jordmor og lege kan følgje med på korleis barnet har det før og under fødselen. Graden av fosterovervaking under fødselen blir vurdert ut i frå korleis svangerskapet ditt har vore, om du og barnet ditt er friske og alt ligg til rette for ein normal fødsel - eller om det er faktorar hos deg eller barnet som krev meir overvaking.

 

Jordmorstetoskop

Jordmorstetoskop er eit holt trerøyr som blir plassert på magen din, rett over det området der hjarteslaga til barnet kan høyrast best. Ved hjelp av jordmorstetoskop kan jordmor / lege lytte på barnets hjartefrekvens / puls. I samband med fødsel omtaler jordmor / lege barnets hjartefrekvens som fosterlyden. Fosterlyden blir angitt i frekvens og regelmessigheit. Normalt vil fosterlyden variere mellom 110 – 150 slag per minutt.

Fosterlyd saman med informasjon om fostervatn (når det er gått) og barnets aktivitet gir viktig informasjon om korleis barnets tilstand er og korleis barnet taklar fødselen. Fosterlyden gir fødselshjelparen god oversikt og kontroll på barnets tilstand gjennom fødselen.

Jordmor vil lytte på fosterlyden gjennom heile fødselsforløpet. Mot slutten av fødselen når barnet passerer den trongaste delen av fødselskanalen, lyttar jordmora oftare enn tidleg i fødselsforløpet. Den siste delen av fødselen er den mest anstrengande for barnet.

Undersøkelse med jordmorstetoskop. Foto
Foto: Haukeland universitetssjukehus

Doppler-apparat

Doppler er eit elektronisk apparat som blir brukt til å lytte på barnets hjartefrekvens / fosterlyd, og blir brukt på same måte som eit jordmorstetoskop. Forskjellen er at Doppler er eit elektronisk apparat med høgtalar som gjer at fosterlyden kan høyrast av alle i rommet.

Undersøking med Doppler-apparat. Foto
Foto: Haukeland universitetssjukehus

Om jordmor / lege er usikker eller finn teikn på at barnet ikkje har det optimalt, vil barnet bli overvaka over tid, eventuelt kontinuerleg gjennom heile fødselen.

CTG (carditokografi)

CTG er ein elektronisk overvaking av barnets hjarteslag. Ved hjelp av denne overvakinga kan vi kartleggje barnets hjarteslag og kor ofte riane kjem. Dette gir eit godt bilde av korleis barnet har det, og kva for ressursar det har til å takle fødselen.

Ved CTG-overvaking blir to elektrodar / transducere plassert på magen din og festa med elastiske band. Den eine registrerer hjartefrekvensen til barnet, den andre registrerer riane. Både hjartefrekvens og riane som blir registrert, visast på eit display på CTG-apparatet – og registreringa kan skrivast ut.

Undersøkelse med CTG. Foto
Foto: Haukeland universitetssjukehus

Barnets spark eller bevegelsar kan også registrerast – anten av apparatet eller ved at du trykker på ein knapp kvar gong du kjenner aktivitet hos barnet. 

Om barnet viser teikn på stress, eller har få ressurser til å takle fødselen (for eksempel fødsel etter svangerskap med komplikasjonar, sjukdom hos mor eller hos barn), så vil barnet bli overvaka kontinuerleg. Dette vil sjøvsagt bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.

For å få ein meir nøyaktig og sikker overvaking vil det då vere aktuelt å feste ein elektrode direkte på barnet. Jordmor / lege vil då under ein vaginalundersøking feste elektroden i huda på barnet. Barnet vil kjenne dette som eit stikk.

STAN – fosterovervaking

Metoden er utvikla for å oppdage barn som blir utsett for ein eventuell surstoffmangel i hjartemuskelen under fødselen. Denne metoden gir meir informasjon om barnets tilstand enn CTG aleine. STAN er ein fosterovervakingsmetode som brukast ved risikofødsler til termin.

STAN blir brukt under aktiv fødsel for å analysere barnets EKG (elektrokardiogram / hjartekardiogram), i tillegg til CTG. EKG er ein metode for å vurdere hjartefunksjonen, og blir brukt blant anna for å sjå om det er mangel på surstoff i hjartemuskulaturen.

Mens CTG er registrering av fosterets hjartefrekvens og dets variasjonar, inneheld STAN-analysen informasjon om den delen av fosterets EKG som forandrar seg under surstoffmangel. Denne delen av EKG heter ST, og derfor heiter denne overvakinga STAN (ST-ANalyse).

Når du er i aktiv fødsel og det er aktuelt å overvake med STAN, festar vi ein elektrode i huda på barnets hovud (barnets sete ved seteleie) etter at fosterhinna er brote. Ein plaster-lignande elektrode vil også bli festa på låret ditt. For ri-registrering må ein ha eit belte over magen. Alt vil bli tilkobla til eit STAN apparat. Registreringa blir analysert av jordmor og lege.


3. Etter

Jordmor eller lege vil fortløpande informere deg om barnets tilstand. Når barnet er fødd blir det i nokre tilfelle tatt blodprøve frå navlesnora. Denne blodprøva blir analysert fordi ho kan gje indikasjon på om barnet har vore utsett for surstoffmangel i fødselsforløpet.

Kontakt

Føde-barsel Kristiansund
Telefon
71121805
Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71120000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag: 10.00–17.00

Søndag: 12.00–19.00

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.