Graviditet - overvekt, Molde

Gynekologisk poliklinikk Molde

 

Overvekt og fedme i svangerskapet aukar risikoen for komplikasjonar i svangerskapet, under fødsel og i barseltida. Overvekt og fedme kan opptre åleine eller vere ein del av eit samansett sjukdomsbilete. Alle gravide blir tilråda minimum 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag (gå gjerne tur). Ved BMI over 30 er anbefalt vektauke i svangerskapet 5-9 kg.

Innleiing

Overvekt og fedme medfører ein helserisiko som kan reduserast ved sunnare kosthald og fysisk aktivitet. Svangerskap er ei periode der kvinner synast å vere særleg motivert og mottakeleg for informasjon og oppfølging av overvekt og fedme. Sunnare kosthald og auka aktivitet gjer så langt vi veit ikkje uheldige utfall for svangerskapet. Aktiv slanking tilrådast ikkje.

Matportalen.no gir deg ei oversikt over norske myndigheiter sine kostråd til gravide

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

  • Gravide med overvekt eller fedme, det vil seie BMI mellom 30 og 35 blir følgt opp i primærhelsetenesta. Det er anbefalt med tett oppfølging med råd om endringar i kosthald og livsstil.
  • Det skal takast sukkerbelasting (glukosebelasting) av alle overvektige gravide.
  • Ved BMI over 35 blir gravide tilvist til spesialist ved 24 vekers svangerskap, for oppfølging hos spesialist ved 24, 32 og 36 vekers graviditet.
  • Oppfølginga frå og med veke 32 bør skje på den poliklinikken der den gravide skal føde. Oppfølgingas omfang vil vere avhengig av om det også er andre tilleggstilstandar som påverkar den gravide og fosteret (svangerskapsforgifting, høgt blodtrykk eller diabetes).

2. Under

Ved normal svangerskapsutvikling og uten tilleggsdiagnosar blir det anbefalt trivselskontroll ved termin og å igangsetje fødselen i løpet av den første veka etter termin om du ikkje går spontant i fødsel. Ved tidleg fødsel vil fødselslege og anestesilege sjå til deg.

For å førebyggje komplikasjonar anbefaler ein nokre ekstra tiltak for å overvake deg og fosteret under fødsel, for eksempel blodprøvar, ekstra fosterovervaking, intravenøse tilgangar og klargjering for tidleg epidural.

Når barnet skal fødast vil fødselshjelparane rettleie deg, særleg i slutten av utdrivingsfasen. Blir det behov for vacum- eller tangforløysing kan det vurderast å gjere dette på ei operasjonsstove. Då kan det raskt utførast keisarsnitt ved behov. Ved svært høg BMI kan det vurderast planlagt keisarsnitt.

3. Etter

Gravide med fedme har auka risiko for blødning etter fødsel. Fødselshjelparane vil derfor vere ekstra merksame på dette. Etter fødsel er det viktig at du kjem deg raskt i aktivitet.

Støttestrømpar, aktivitet og blodfortynnande sprøytar vil kunne førebyggje blodpropp.

God rettleiing under ammestart kan førebyggje ammeproblem.

Kontakt

Gynekologisk poliklinikk Molde
Telefon
71121780
måndag - fredag 10-14
Molde sjukehus
Besøksadresse
Parkveien 84(Google maps)
6407 Molde
Telefon
71120000

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstidene er på dei fleste avdelingene kl. 14:30 - 15:30 og kl. 19:00 - 19:30. Vi vil oppmode besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før pasientbesøket.

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.