Graviditet - svangerskapskløe, Ålesund

Hepatose
Gynekologisk poliklinikk Ålesund

 

Kløe i svangerskapet skjer hyppig (20%) og er for det meste ein ufarleg tilstand som ikkje krev oppfølging. Langt sjeldnare (1%) skuldast kløa hepatose, som kan auke risikoen for uheldige svangerskapsutfall. Hepatose er kjenneteikna av forhøga galle- og leverfunksjonsprøvar og kløe utan utslett i spesielt hender og under fotsålene. Kløa er vanlegvis verst om nettene og førekjem ofte i slutten av svangerskapet.

1. Før

I tillegg til kløe i handflater og fotsåler som er vanleg ved hepatose, kan symptoma vere trøyttleik, vekttap, smerter i matrøyret, mørk urin og gallestein.

Kvinner som har desse symptoma bør ta kontakt med sin jordmor / fastlege for å ta ein blodprøve.

Symptoma kan oppstå før det gir utslag på blodprøvane. Ved vedvarande og typisk kløe, men normale blodverdiar bør det derfor vurderast å gjenta prøvetakinga. Det er ikkje samanheng mellom kløeintensiteten og gallesyrenivåa.

Symptoma kan forvekslast med gallestein og ved tvil bør du bli tilvist til ultralydundersøking av lever og gallevegar. Symptoma kan også forvekslast med svangerskapsforgifting, akutt fettlever i svangerskapet og virusinfeksjon. Ved tvil blir det tatt utvida blodprøvar.

2. Under

Ved hepatose startar ein ofte behandling med K-vitamin, Ursofalk og Polaramintablettar for å lindre kløe, hjelpe ved søvnvanskar og redusere gallesyrenivået.

Enkelte studier har vist at det ved høge nivå av gallesyre er ein auka risiko for uheldige svangerskapsutfall / komplikasjonar mot slutten av svangerskapet. Svangerskapet blir derfor følgt tett og det vil fortløpande bli vurdert om det er behov for å setje i gang fødselen.

3. Etter

Gravide med hepatose kan ha K-vitamin mangel som kan medføre auka blødingsfare etter fødsel. Fødselshjelparane vil ha tiltak klare for å førebyggje og behandle slike blødingar.

Gravide som har hatt hepatose har 90% risiko for gjentaking i eit nytt svangerskap.

Etter fødsel slutar du med medisinar. Vidare oppfølging skjer hos fastlege med kontroll av leverfunksjonar ca. 14 dagar etter fødsel. Du skal også vere forsiktig ved bruk av p-pillar som kan utløyse same tilstand.

Kontakt

Gynekologisk poliklinikk Ålesund
Telefon
70105445
måndag - fredag 09:00 - 14:30
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70105000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.