Individtiltak
Første vurderingstime
Ut ifrå opplysningane i tilvisinga vil du anten bli undersøkt av ein spesialfysioterapeut, ein psykologspesialist eller eit tverrfagleg team med lege frå nevrologisk avdeling, spesialfysioterapeut og sosionom.
Her får du få tid til å legge fram sjukehistoria di. Det blir gjort ei grundig undersøking for problemstillinga du er tilvist for, samt kartlegging av arbeidsstatus. Undersøkinga bidreg til at vi kan finne faktorane som opprettheld smertene dine, stille diagnose og lage ei vidare behandlingsplan i lag med deg.
Spesialfysioterapeut
Behandling vidare kan vere individuell oppfølging med trening i sal eller basseng med spesialfysioterapeut. Tiltaka kan vere fysisk trening i kombinasjon med samtale om mogelege årsaker til smertene. Behandlinga bygger på forsking, retningsliner og etablert praksis på feltet.
Sosionom
I den tverrfaglege utgreiinga vil sosionomen vår gjere ei kartlegging av korleis plagene dine påverkar den generelle livs- og arbeidssituasjonen din.
NAV-rettleiar
Du kan også få tilbod om å snakke med ein NAV-rettleiar. NAV-rettleiaren har rådgivande funksjon og kan gi deg informasjon om korleis NAV kan bidra til at du kan stå i arbeidslivet trass i helseplagene dine.
Gruppetilbod
Treningsgruppe i sal og eller basseng
Dette er bevegelsesgrupper som blir leia av spesialfysioterapeut. Her har vi fokus på bevisstgjering av naturlege bevegelsar, øvingar for styrke, stabilitet, bevegelegheit og avspenning.
Undervisning
Vi vil ha undervisningsbolkar med forskjellige tema som rettar og plikter som sjukmeldt, smerte, mestring og arbeid.