Kort tid etter pasienten kjem til akuttmottaket blir han overflytta til slageininga der det er eit standardisert opplegg for å gi akuttbehandling, overvaking i akuttfasen og oppstart av tideleg mobilisering og rehabilitering for å hindre komplikasjonar og fremme funksjon så raskt som mogeleg.
For alle slagpasientar er det viktig å følge med blodtrykket. Ved hjerneinfarkt skal ikkje blodtrykket senkast i akuttfasen anna enn ved svært høge verdiar. Dette er fordi hjernen treng auka blodtrykk for å forsyne det skada området. Kroppstemperatur, blodsukker, oksygenmetning og hjarterytme blir målt regelmessig og behandlast ved behov.
Hjerneinfarkt
Dersom det er ein blodpropp som stoppar blodsirkulasjonen, og du kjem til sjukehus innan 4 timar, kan det vere mogleg å gi blodproppløysande behandling (intravenøs trombolyse) umiddelbart for å gjenopprette blodsirkulasjonen og begrense skaden i hjernen. I nokre tilfelle kan denne behandlinga også hindre at det blir skade. Effekten av behandlinga er størst om den blir gitt så tidleg som mogleg etter symptomdebut.
Trombolyse
Trombolyse er det medisinske namnet for nedbryting av blodpropp ved hjelp av medisinar. Trombolytisk behandling blir gitt intravenøst.
-
Før
Det er ingen spesielle førebuingar til trombolyse. Utgreiing i forkant med CT gir svar på at vi står ovanfor ein sannsynleg blodpropp og ikkje ei hjerneblødning. Dersom pasienten står på Marevan, må vi ha blodprøvesvar før behandlinga startar. Trombolyse kan ikkje gis ved høg INR.
-
Under
Trombolysebehandlinga blir gitt intravenøst via venekanyle i hand/arm. 1/10 av dosen blir sett som støtdose, resten gis på infusjonspumpe.
Under og rett etter behandlinga blir puls, blodtrykk, oksygenmetning og hjarterytme målt, ofte ved hjelp av overvakingsmonitor.
-
Etter
Behandlinga inneber ein relativt liten risiko for hjerneblødning, men for sikkerhets skuld anbefaler vi sengeleie dei 12 første timane etter behandlinga. Nytt CT-bilde blir tatt etter 24 timar. Dette for å kontrollere at det ikkje har oppstått ei blødning før du får vidare blodfortynnande behandling.
Ver merksam
Behandlinga inneber ein relativt liten risiko for hjerneblødning, 2-5 prosent. Du vil lettare få blåmerker etter å ha fått trombolysebehandling. Dette er ikkje vedvarande.
Gå til
Trombolyse
Hjerneblødning
Behandlinga av hjerneblødning kan i nokre tilfelle bestå av operasjon, men i dei fleste tilfella vil behandlinga bestå av nøye overvaking og eventuelt bruk av trykknedsettande middel. Blodtrykket, som ofte er forhøga, skal som regel behandlast. Når den akutte situasjonen er over, vil du få oppfølgande behandling for å førebygge nye tilfelle.
Blodtrykksbehandling
I akutt fase ved hjerneslag vil blodtrykket vere høgare enn vanleg. Det kan vere behov for å senke blodtrykket med medisinar. Blodtrykksverdiane for når behandlinga blir starta er ulik frå hjerneblødning, hjerneinfarkt, og om du får trombolyse.
-
Før
Behandlinga krev ingen førebuingar. Vi målar blodtrykket ditt hyppig i akuttfasen.
-
Under
Du kan få blodtrykksmedisin i tablettform eller intravenøst via ein venekanyle i handa. Blodtrykket blir målt hyppig under behandlinga.
-
Etter
Vi vil følgje med på blodtrykket ditt etter behandlinga for å se effekt av medisinen. Varigheit av behandlinga avhengar av resultatet av målingane.
Gå til
Blodtrykksbehandling
Operasjon av innsnevring på halspulsåren
Dersom det blir påvist høggradig innsnevring på halspulsåra som passer med der hjerneinfarktet sit, vil det som regel vere aktuelt med operasjon innan 14 dagar ved TIA eller små hjerneinfarkt. Ved større hjerneinfarkt ventar vi som regel minst 3-4 veker for å la hjerneskaden få kome seg før ein operasjon. Operasjonen blir utført ved kirurgisk avdeling i Ålesund.
Tidleg rehabilitering og opptrening i daglege gjeremål
Så raskt tilstanden tillet det, og helst i løpet av første døgnet etter slaget, får du hjelp til å kome ut av senga og i gang med daglege gjeremål. Dette bidreg til å førebygge komplikasjonar og gjenvinne funksjonar, og er ein viktig del av slagbehandlinga.
Språk og talevanskar
Når språksenteret i hjerna blir ramma, kan du få vanskar med å snakke eller forstå. Dette kallas afasi. Ofte kan det også vere vanskeleg å lese og skrive for den som har afasi. Nokon har vanskeleg for å uttale ord tydeleg fordi tunga delvis er lamma eller munnviken heng.
Utydeleg tale kallas dysartri. Dei fleste som får afasi og/eller dysartri blir følgt opp av logoped. Ved afasi og dysartri kan det vere vanskeleg å forstå kvarandre og det kan oppstå misforståingar. Det er viktig å bruke god tid i kommunikasjonen, og bruk gjerne kroppsspråk.
Svelgvanskar
Mange får vanskar med å svelge etter hjerneslag. Viss det ikkje blir tatt omsyn til, er det stor risiko for å få lungebetennelse som vil forlenge restitusjonen. Alle slagpasientar blir vurdert med tanke på svelgvanskar, og får tilpassa kost etter svelgefunksjon.
Høyr med personalet kva du kan ete og drikke. Dei som har så store svelgvanskar at dei ikkje kan ete eller drikke sjølv, får lagt ned ei ernæringssonde som dei får sondemat på.
Slagpasientar med svelgvanskar står i fare for å utvikle underernæring, difor er det viktig å velje næringsrik kost.