HELSENORGE
Høyrselssentralen Ålesund

Høyreapparattilpassing Ålesund

Eit høyreapparat er eit teknisk hjelpemiddel som hjelper deg å høyre betre. Høyreapparatet kan aldri erstatte normal høyrsel, men det er ei god støtte. Vi tilpassar høyreapparat både til barn og vaksne, med både ulike gradar av høyretap.

 

Ventetider

Innleiing

Det fins mange typar høyreapparat. Kva type som passar best for deg er først og fremst avhengig av graden på høyrselstapet ditt. Andre viktige faktorar som speler inn er alder, syn og finmotorikk.

NAV har avtalar med ulike leverandørar av høyreapparat, og høyrselssentralen har tilgang til dei same høyreapparata som private aktørar. NAV dekkjer høyreapparat opp til ein viss sum. For enkelte apparat må ein derfor dekkje ein del sjølv. Du får informasjon om eigendel dersom det er aktuelt. 

Tilvising og vurdering

Fastlege eller annan helseteneste tilviser til utgreiing.

 

Før

Før du kjem til den første timen kan det vere lurt å tenkje over din eigen situasjon når det gjeld høyrsel.          

  • Er du motivert til å få høyreapparat eller anna høyrselsteknisk hjelpemiddel dersom det viser seg at du høyrer dårleg?  
  • I kva situasjonar kjenner du at du slit med å høyre?
  • Kva forventningar har du?

Du må gjerne spørje familie eller vener om dei har lagt merke til endringar i høyrselen din.

Under

Tidsperspektiv: 60 - 90 minutt

Oftast vil du treffe både lege og audiograf ved ditt første møte på øyre-, nase-, halsavdelinga. Legen undersøkjer øyrene dine, og ein audiograf vil utføre ulike høyrselsmålingar. Deretter blir behovet for høyreapparat vurdert. Ein audiograf har særleg kunnskap om audiologi (læra om høyrsel og lyd), høyreapparat og anna audiologisk utstyr, og korleis ein kan tilpasse desse til brukarar med ulike former for høyrselstap.

Audiografen tilpassar høyreapparatet etter høyrselstapet ditt, og du får det deretter på utlån. Du får nødvendig informasjon om bruk og stell av apparatet. For ein førstegongsbrukar dukker det ofte opp mange spørsmål. Ta gjerne med deg nokon som kan hjelpe deg å hugse informasjonen du får dersom du ønskjer det.

Kor lang tid tar behandlinga/undersøkinga?

Kor lang tid det tar, vil variere. Ta kontakt med din behandlingsstad for informasjon om din time.

Etter

Du blir følgt opp med høyreapparatkontrollar hos audiograf i utprøvingsperioden. Kor mange kontrollar du treng, er avhengig av korleis utprøvingsperioden går.

Etter tildeling av høyreapparat kan du ta direkte kontakt med høyrselssentralen om du får problemer med høyreapparatet, eller dersom du skal bestille time. Har du fått høyreapparat hos ein privat audiograf eller avtalespesialist, må du kontakte denne spesialisten for servicetime.

Nav dekkjer utgifter til nye høyreapparat kvart sjette år. Din audiograf hjelper deg med søknad og vidare prosess.

Du må sjølv forsikre høyreapparatet ditt.

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Opningstid

​Høyselssentralen er open måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?