Høyreapparattilpassing Molde

Høyrselssentralen Molde

Eit høyreapparat er eit teknisk hjelpemiddel som hjelper deg å høyre betre. Høyreapparatet kan aldri erstatte normal høyrsel, men det er ei god støtte. Vi tilpassar høyreapparat til barn og vaksne, med både små og store høyretap.

 

Innleiing

Det fins mange typar høyreapparat. Kva type som passar best for deg er først og fremst avhengig av størrelsen på høyrselstapet ditt. Andre viktige faktorar som speler inn er alder, syn og finmotorikk.

Tilvising og vurdering

Dersom du ønskjer å få ei vurdering av høyrselen din hos oss, tar du kontakt med fastlegen din. Fastlege eller annan helseteneste tilviser til utgreiing.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Før du kjem til den første timen kan det vere lurt å tenke over din eigen situasjon når det gjeld høyrsel.          

  • Er du motivert til å få høyreapparat eller anna høyrselsteknisk hjelpemiddel dersom det viser seg at du høyrer dårleg?  
  • I kva situasjonar kjenner du at du slit med å høyre?
  • Kva forventningar har du?

Du må gjerne spørje familie eller vener om dei har lagt merke til endringar i høyrselen din.

 

2. Under

Oftast vil du treffe både lege og audiograf ved ditt første møte på øyre-, nase-, halsavdelinga. Legen undersøker øyrene dine, og ein audiograf vil utføre ulike høyrselsmålingar. Deretter blir behovet for høyreapparat vurdert. Ein audiograf har særleg kunnskap om audiologi, høyreapparat og anna audiologisk utstyr, og korleis ein kan tilpasse desse til brukarar med ulike former for høyrselstap.

Audiografen tilpassar høyreapparatet etter høyrselstapet ditt, og du får det deretter på utlån. Du får nødvendig informasjon om bruk og stell av apparatet. For ein førstegongsbrukar dukkar det ofte opp mange spørsmål. Ta gjerne med deg nokon som kan hjelpe deg å hugse informasjonen du får.

Kor lang tid tar behandlinga/undersøkinga?

Kor lang tid det tar, vil variere. Ta kontakt med din behandlingsstad for informasjon om din time.

3. Etter

Når utprøvingsperioden er avslutta, tilbyr vi 6- og 12-månadskontroll. I tillegg kan du ta direkte kontakt med høyrselssentralen om det er noko gale med høyreapparatet eller det treng justering. Dersom du har fått høyreapparat hos ein privat audiograf eller avtalespesialist, må du kontakte denne spesialisten for servicetime.

Du kan også levere høyreapparatet i skranken ved hørselssentralen. Høyreapparatet blir sjekka mens du venter og om nødvendig må høyreapparatet sendast inn til leverandøren for reparasjon. Høyreapparatet blir sendt direkte til deg etter slike reparasjonar. Du må forvente alt frå ei til fire veker før det er tilbake. Dette kjem an på kva som må reparerast.

Nav dekker utgifter til nye høyreapparat kvart sjette år. Du treng ikkje tilvising for å få nye, så lenge du har fått utlevert høyreapparat hos oss tidlegare.

Kontakt

Høyrselssentralen Molde
Telefon
71122735
måndag - fredag 08.00-15.30
Molde sjukehus
Besøksadresse
Parkveien 84(Google maps)
6407 Molde
Telefon
71120000

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstidene er på dei fleste avdelingene kl. 14:30 - 15:30 og kl. 19:00 - 19:30. Vi vil oppmode besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før pasientbesøket.

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.