På sjukehuset får du ein samtale med sjukepleiar og gynekolog. Du vil få ein gynkologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Det blir bestemt abortmetode og det vanlege er at aborten blir igangsett med medikament. Før svangerskapsveke 9 kan behandlinga med medikament skje heime (lenke).
Før samtalen på sjukehuset må du fylle ut opplysningsskjema. Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling vert bestemt.
Ved nokre høve vert det bestemt at svangerskapsavbrotet skal gjerast kirurgisk. Du vil då få med medikament heim som du skal starte med same dag som du kjem på sjukehuset for behandling.
Tidleg på morgenen skal du sette tablettar djupt i skjeden etter først å ha tømt urinblæra og dusja. Vent med å reise deg opp til det er gått 10-15 minutt. Det vert anbefalt at du tek smertestillande, og du bør ha skyss til og frå sjukehuset.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.