Gynekologisk poliklinikk Molde

Kirurgisk abort, Molde

I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.

Innleiing

Ved kirurgisk abort blir det gjort ei utskraping frå livmora. Inngrepet kan gjerast fram til svangerskapsveke 12, regna frå siste menstruasjons første dag.

Tilvising og vurdering

Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen din så tidleg som mogeleg dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet. Fastlegen utfører gynekologisk undersøking for å vurdere svangerskapslengde og Clamydia-testing før vidare tilvising til sjukehuset. Du vil bli bedt om å signere eigenerklæring "Begjæring om svangerskapsavbrot". 

Har du behov for mer informasjon og støtte før avgjera kan du kontakte Amathea - Veiledningstjeneste for gravide.

Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking.

Før

På sjukehuset får du ein samtale med sjukepleiar og gynekolog. Du vil få ein gynkologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Det blir bestemt abortmetode og det vanlege er at aborten blir igangsett med medikament. Før svangerskapsveke 9 kan behandlinga med medikament skje heime (lenke).

Før samtalen på sjukehuset må du fylle ut opplysningsskjema. Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling vert bestemt.

Ved nokre høve vert det bestemt at svangerskapsavbrotet skal gjerast kirurgisk. Du vil då få med medikament heim som du skal starte med same dag som du kjem på sjukehuset for behandling.

Tidleg på morgenen skal du sette tablettar djupt i skjeden etter først å ha tømt urinblæra og dusja. Vent med å reise deg opp til det er gått 10-15 minutt. Det vert anbefalt at du tek smertestillande, og du bør ha skyss til og frå sjukehuset.

​Faste

Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).

Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.


Under

Kirurgisk abort vert gjort i narkose. Etter inngrepet får du smertestillande ved behov. Før du reiser heim må du  spise, samt late vatnet som vanleg. 

Etter

Du bør ha ein vaksen person saman med deg første dagen heime.

Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi tilrår at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioda. Unngå samleie og karbad så lenge du framleis blør. Det er ikkje uvanleg å ha menstruasjonsliknande smerter. 

Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er van med. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Prevensjonsimplantat (spiral eller p-stav) kan settast inn under inngrepet på operasjonsstua. Spiral kan også settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.

Etterkontroll:

Fire veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.

Ta kontakt med sjukehuset dersom du har:

  • positiv graviditetstest etter fire veker
  • smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
  • bløding som varar meir enn 28 dager
  • feber (over 38 grader)
  • ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 4-6 veker

 Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.     

Kontaktinformasjon

KORONAVIRUSET: Viktig informasjon til besøkande

​For å unngå koronasmitte har vi restriksjonar for besøk på sjukehusa. Viss du planlegg eit besøk, må du gjere deg kjent med gjeldande rutine.

Gjeldande rutine finn du her

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstida er kl. 17:00 - 19:00 på kvardagar, og ​mellom kl 16-18 i helger ​. Besøkjande må ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?