HELSENORGE
Gynekologisk poliklinikk Volda

Kirurgisk abort, Volda

Ved kirurgisk abort blir det gjort ei utskraping frå livmora. Inngrepet kan gjerast fram til og med svangerskapsveke 12, regna frå siste menstruasjons første dag.

Innleiing

Tilvising og vurdering

Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen eller kontaktar sjukehuset så tidleg som mogeleg dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet. Du kan kontakte sjukehuset direkte utan nokon tilvisning.

Ved den første konsultasjonen blir det utført ei gynekologisk undersøking for å vurdere svangerskapslengde og Clamydia-testing før vidare tilvisning til sjukehuset. Du blir bedt om å signere eigenerklæring «Begjæring om svangerskapsavbrot».
 
Har du behov for meir informasjon og støtte før du bestemmer deg kan du kontakte Amathea – Veiledningsteneste for gravide.

Før

På sjukehuset får du ein samtale med sykepleiar og/eller lege. Det blir gjort ein gynkologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Dersom du skal ha ein kirurgisk abort, vil legen vurdere om du treng forbehandling i form av tablettar i skjeden for å mjuke opp livmorhalsen. Du vil få informasjon dersom slik forbehandling skal startast heime, eller på sjukehuset.

Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling vert bestemt. Før behandlinga må du lese gjennom og signere «Begjæring om svangerskapsavbrot». 

Dersom du skal starte forbehandling hjemme, skal du tidlig på morgenen sette tabletter dypt i skjeden etter at du har tømt urinblæren og dusjet. Det anbefales at du tar smertestillende. Du bør ha skyss til og fra sykehuset.

Dersom du skal starte forbehandling heime, skal du tidleg på morgenen sette tablettar djupt i skjeden etter først å ha tømt urinblæra og dusja. Det vert anbefalt at du tek smertestillande, og du bør ha skyss til og frå sjukehuset.

​Faste

Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).

Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.


Under

Kirurgisk abort vert gjort i narkose. Etter inngrepet får du smertestillande ved behov. Før du reiser heim må du spise, samt late vatnet som vanleg. 

Etter

Du bør ha ein person saman med deg den første dagen heime.

Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi anbefalar at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioda. Unngå samleie og bading så lenge du framleis blør.

Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er van med. Du kan starte med p-piller rett etter aborten. Prevensjonsimplantat (spiral eller p-stav) kan settast inn under inngrepet på operasjonsstua. Spiral kan også settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.

Etterkontroll:

4 veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.

Ta kontakt med sjukehuset dersom du har:

  • positiv graviditetstest etter 4 veker
  • smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
  • bløding som varar meir enn 28 dager
  • feber (over 38 grader)
  • ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 6 veker

 Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort, det er derfor viktig at du tar graviditetstest 4 veker etter gjennomført abort.

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

Ved Volda sjukehus finn du dei fleste parkeringsplassane på oppsida (nordsida) av sjukehuset. I tillegg er det noko parkeringsareal mellom DPS-et og hovudbygget. 

Det er kostnadsfritt å parkere ved sjukehuset. HC-parkering ved hovudinngangen, akuttmottaket, DPS og BUP. Det er moglegheit for av- og påstiging rett utanfor hovudinngangen.

Parkering ved Volda sjukehus. Oversiktsbilde med markeringar.


 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Søsken til den nyfødte er velkomen mellom kl 17 og 18, eller etter nærare avtale. 

Besøkstid for besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?