Kognitiv terapi for barn og ungdom, Ålesund

Poliklinikk Ålesund BUP

Grunntanken i kognitiv terapi er at tankar, følelser og handlingar påverke kvarandre. Fokuset i denne behandlingsmetoden er at terapeuten og pasienten ser nærare på innhaldet i tankane og testar ut nye måtar å tenkje om og møte problema på. Forsking har dokumentert at kognitiv terapi har hjelpt mange til å få kontroll over problema sine.

Innleiing

Kognitiv terapi er ein behandlingsmetode kor terapeuten har fokus på å jobbe med tankane til pasienten, derav ordet kognisjon som betyr tenking. Identifisering av negative automatiske tankar knytt til konkrete situasjonar er sentralt, og terapeuten prøver å få pasienten til å sjå samanhengen mellom tankar, følelser og handling. Det å forstå korleis ein tenkjer og førestille seg ei hending blir viktig, og korleis den negative tenkinga kan løyse ut vonde følelsar som igjen kan påverke handling på ein negativ måte. 

Å oppleve ein situasjon der noko ikkje gjekk bra blir hos mange forklart med tanken om at "eg er dum". Det blir også kalla negativ selvattribusjon, og ein vil prøve å finne alternative tankar som kan erstatte den negative. Slik kan pasienten få hjelp til å handle meir konstruktivt for seg sjølv. Det handlar i bunn og grunn om å få hjelp til å finne alternative måtar å tenkje, føle og handle på, ettersom ein saman ser nærare på det logiske grunnlaget for at pasienten tenkjer slik han/ho gjer.

Det er ulike kognitive metodar som høyrer til denne tilnærminga; kognitiv atferdsterapi, metakognitiv terapi og ACT (accept and commitment therapy).

 

Kognitiv åtferdsterapi

Kognitiv åtferdsterapi er ofte kalla berre kognitiv terapi. I kognitiv åtferdsterapi legg terapeuten også vekt på å hjelpe pasienten til å finne ein god balanse mellom naudsynte gjeremål og aktivitetar som kan gi ei auka oppleving av mestring og tilfredsstilling. Det blir lagt vekt på å jobbe med risiko for tilbakefall. I kognitiv terapi jobbar ein med å førebu pasienten til å nytte seg av metodane og verkty ein har jobba med i terapien, som hjelp til sjølvhjelp etter at behandlinga er ferdig.

Metakognitiv terapi

Det er dei seinare åra kome til nyare kognitive tilnærmingar, som metakognitiv terapi, der fokuset ikkje først og fremst går på å endre innhaldet i tankane, men å sjå på korleis pasienten tek stilling til tankane og korleis han/ho tenkjer om tankane (derav metakognitiv). Denne terapien skal vere noko mindre konfronterande enn tradisjonell kognitiv terapi som stiller spørsmål om innhaldet i tankane og kva som er irrasjonelt. I staden for eit fokus på å endre tankeinnhaldet, er målet å avgrense tida pasienten bruker til grubling/ruminering over bekymringstankar.

Det sentrale er å øve opp til ei metakognitiv haldning, og at pasienten blir sin eigen tenking bevisst og ta omsyn til den. Det er sentralt korleis ein tenkjer om, og ser på, sine indre så vel som sine ytre opplevingar. Til dømes så er deprimerte ofte meir bekymra og grubler meir enn ein som ikkje er deprimert. Ein lærer seg å utsetje grubling og la dei negative tankane kome, men utan å la dei ta for stor plass.

Aksept- og forpliktingsterapi (ACT)

Aksept- og forpliktingsterapi (ACT) er ei anna nyare retning i kognitiv terapi som mellom anna i mykje større grad vektlegg mindfulness. Tanke- og følelsesmessig smerte blir sett på som ein uunngåeleg del av livet og som oftast normale psykologiske reaksjonar på det som skjer i livet. Alle forsøk på å kontrollere eller unngå smertefulle opplevingar, tanker eller følelser fører berre til enda mer smerte. 

ACT dreier seg ikkje om å motarbeide skremmande, sinte, angstfylte eller triste tankar, eller dei følelsane som blir sett gong. Når ein gir slipp på tanke og følelseskontrollen kan ein oppnå psykologisk fleksibilitet, der ein kan eksistere akkurat no. Aksept handlar om å kunne leve med. Å leve med opnar for å kunne leve eit meir meningsfullt liv, styrt av sine indre verdiar.

I den kliniske kvardagen er det vanleg å nytte element frå ulike former for kognitiv terapi, og det er dessutan stadig meir lagt vekt på å jobbe med emosjonsfokuserte intervensjonar innan denne tilnærminga.

1. Før

Det er eit krav om at ein i spesialisthelsetenesta skal nytte evidensbaserte metodar. Det kan vere lurt å tenkje gjennom kva du ønskjer behandling for, og allereie når du søkjer hit startar å tenkje over mål for behandlinga. Klarer du å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt.

2. Under

I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir einig om mål for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og det finst mange ulike behandlingsstrategiar.

I kognitiv terapi er det svært vanleg å få heimeoppgåver mellom behandlingstimane. Pasienten sitt arbeid mellom timane blir sett på som ein viktig faktor for å få betring. Psykoedukasjon og innsikt i korleis plagene heng saman er også eit viktig element som gjer det lettare å kunne endre sine tanke- og åtferdsmønster.

3. Etter

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema på slutten av ein terapi.

Kontakt

Poliklinikk Ålesund BUP

Telefon
70 16 72 00
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Tilvisingsskjema BUP

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.