Koloskopi, Ålesund

Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Med koloskopi vert tjukktarmen din undersøkt. Dette blir gjort for å kunne påvise sjukdommar i tjukktarmen og nedste del av tynntarmen, som for eksempel betennelse eller sår. Vi kan ta vevsprøve (biopsi) frå slimhinna og utføre terapi.

Innleiing

Med kolonoskopi vert tjukktarmen din undersøkt. Utstyret liknar ein slange, omtrent like tjukk som peikefingeren, og det inneheld eit videokamera. 

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Det er svært viktig å lese godt det som står om førebuing i innkallingsbrevet.

TARMTØMMINGA ER AVGJERANDE FOR RESULTATET.

Det er viktig å stoppe med blodfortynnande medisinar som anført i innkallingsbrevet. 

  • Om du brukar blodfortynnande sprøyter, kontakt fastlege.

  • Om du brukar viktige medisinar om morgonen (t.d.hjarte eller lungemedisin) skal du ta desse saman med vatn slik du elles brukar gjere.

  • Om du har diabetes, skal du ikkje ta morgonmedisin (Insulin eller diabetestablettar) før undersøkinga er utført. Ta med deg mat slik at du har noko å ete 1 time etter undersøkinga. Vi prioriterer at du blir undersøkt tidleg på dagen, for å unngå unødige svingingar i blodsukkeret.

7 dagar før undersøkinga må du stoppe med Plavix/Clopidogrel/Brilique og liknande, viss ikkje spesielle forhold tilseier noko anna.

3 dagar før undersøkinga må du stoppe med Marevan. Du må ta INR hos fastlegen din dagen før kolonoskopien. ALTERNATIVT må du kome minst 1 time før undersøkinga for å ta INR. Prøvetakinga skjer på laboratoriet i 1. etasje. NB! Kontrollprøve for INR gjeld berre dei som brukar MAREVAN eller (Dikumarol). Ta alltid med Marevan-kortet ditt.

Viss ikkje anna er sagt er det ikkje nødvendig å stoppe bruken av Albyl-E før undersøkinga.

Viss ikkje anna står i innkallinga di skal du stoppe all bruk av jerntablettar/mikstur, multivitamin tablettar, romoppfyllande middel (til dømes loppefrø, linfrø, Visiblin, Lunelax), brød og frukostblandingar med heile korn, frørik frukt og grønsaker (druer, vannmelon, kiwi, multe, karve, bringebær) 5 dagar før kolonoskopien.  Dette fordi desse produkta blir liggande att i tarmen, sjølv etter ei tømming.

Førebuing på sjukehuset

Meld deg i luka når du kjem til poliklinikken. Nokre gongar gir vi avslappande og/eller smertelindrande medisinar. Gi beskjed når du melder deg viss du trur du treng medisinar. 

Du må sitte litt på venterommet til ein sjukepleiar hentar deg. Du blir tatt med inn på eit undersøkingsrom der du  byter til pysjamasbukse som du får låne av oss.

Ha med deg følgje, det kan vere lurt.

2. Under

 

Ei vellukka undersøking krev samarbeid mellom deg, sjukepleiar og lege. 

Undersøkinga startar vanlegvis med at du ligg på undersøkingsbenken på di venstre side, etter ei stund legg du deg på ryggen. Det er viktig at du konstrerer deg om å puste normalt og ikkje stramme musklane i buken.

Tarmen buktar seg. Når kolonokopet blir ført forbi svingar kan du kortvarig kjenne knipliknande smerte. Sjukepleiar held ofte eit trykk på magen din for å minske ubehaget.

Undersøkinga varer frå 15-45 minutt.


3. Etter

 

Vanlegvis reiser du frå sjukehuset rett etter undersøkinga. Bilkøyring kan du tidlegast utføre neste dag viss du har fått smertestillande.

Har du fått medisinar og det eventelt er utført terapi vil vi ofte at du skal vere igjen til observasjon 1-2 timar.

Etter undersøkinga vil det vere litt CO2-gass att i tarmane dine, derfor kan du kjenne deg litt oppblåst eller få litt mageknip etter undersøkinga.

Resultatet av undersøkinga

Resultatet av undersøkinga, forslag til vidare utgreiing og/eller behandling får du oftast vite med ein gong. 

Legen som undersøker deg sender også brev til fastlegen din, med resultatet av undersøkinga.

Dersom du er innlagt på sjukehuset og blir undersøkt med kolonoskopi vil du få oppfølging på den avdelinga du høyrer til. Skriftleg rapport blir sendt til avdelinga di rett etter undersøkinga.

Dersom det er tatt vevsprøve i forbindelse med undersøkinga blir desse sendt til til nærare undersøking i mikroskop.

Oppfølging

Oppfølging hos fastlege.

Ver merksam

 

Skadar på tjukktarmen av sjølve instrumentet skjer nesten aldri. 

Faren for komplikasjonar er størst viss det blir utført terapi, for eksempel viss ein fjernar polyppar eller blokkar tronge parti. Observasjon 1-2 timar etter prosedyren er ofte vanleg.

Kva skal du passe på?

Viss du får magesmerter som aukar på, eller teikn på bløding, må du raskt ta kontakt med sjukehuset. Bløding fører typisk til bekfarga, svart avføring, men av og til meir raudfarga.


 
Ring på dagtid kl. 08.00-16.00 til poliklinikk for Mage-og Tarmsjukdommar: Tlf. 70105840.

På kveldstid kan du ringe til sentralbordet, tlf. 70105000, og få snakke med medisinsk mellomvakt.


 


 

Kontakt

Oppmøte
Gå til poliklinikkane, inngang nord. Følg den grøne streken på veggen til gastrolab i 4. etasje i lågblokka.
Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Besøkstider
måndag - fredag kl. 08.00 - 16.00
laurdag - sundag Stengt
Telefon
70 10 58 40
måndag - fredag 08:00 - 16:00
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.