Det er svært viktig å lese godt det som står om førebuing i innkallingsbrevet.
TARMTØMMINGA ER AVGJERANDE FOR RESULTATET.
Det er viktig å stoppe med blodfortynnande medisinar som anført i innkallingsbrevet.
Om du brukar blodfortynnande sprøyter, kontakt fastlege.
Om du brukar viktige medisinar om morgonen (t.d.hjarte eller lungemedisin) skal du ta desse saman med vatn slik du elles brukar gjere.
Om du har diabetes, skal du ikkje ta morgonmedisin (Insulin eller diabetestablettar) før undersøkinga er utført. Ta med deg mat slik at du har noko å ete 1 time etter undersøkinga. Vi prioriterer at du blir undersøkt tidleg på dagen, for å unngå unødige svingingar i blodsukkeret.
7 dagar før undersøkinga må du stoppe med Plavix/Clopidogrel/Brilique og liknande, viss ikkje spesielle forhold tilseier noko anna.
3 dagar før undersøkinga må du stoppe med Marevan. Du må ta INR hos fastlegen din dagen før kolonoskopien. ALTERNATIVT må du kome minst 1 time før undersøkinga for å ta INR. Prøvetakinga skjer på laboratoriet i 1. etasje. NB! Kontrollprøve for INR gjeld berre dei som brukar MAREVAN eller (Dikumarol). Ta alltid med Marevan-kortet ditt.
Viss ikkje anna er sagt er det ikkje nødvendig å stoppe bruken av Albyl-E før undersøkinga.
Viss ikkje anna står i innkallinga di skal du stoppe all bruk av jerntablettar/mikstur, multivitamin tablettar, romoppfyllande middel (til dømes loppefrø, linfrø, Visiblin, Lunelax), brød og frukostblandingar med heile korn, frørik frukt og grønsaker (druer, vannmelon, kiwi, multe, karve, bringebær) 5 dagar før kolonoskopien. Dette fordi desse produkta blir liggande att i tarmen, sjølv etter ei tømming.
Førebuing på sjukehuset
Meld deg i luka når du kjem til poliklinikken. Nokre gongar gir vi avslappande og/eller smertelindrande medisinar. Gi beskjed når du melder deg viss du trur du treng medisinar.
Du må sitte litt på venterommet til ein sjukepleiar hentar deg. Du blir tatt med inn på eit undersøkingsrom der du byter til pysjamasbukse som du får låne av oss.
Ha med deg følgje, det kan vere lurt.