-
Før
Enkelte analysarblir direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt (rekvirert) blodprøva. Dersom du har spørsmål om faste eller diett, kan du spørje legen din (tilvisande lege).
På sjukehuset
Avdelinga sin prøvetakingspoliklinikk tar i mot pasientar frå sjukehuset sine poliklinikkar og sengepostar til prøvetaking i opningstidene.
Prøvetakingav pasientar utanom sjukehuset skjer først og fremst hos fastlegen, men vi kan ta imot desse pasientane om prøvetakinga byr på spesielle problem.
Ta med legitimasjon
Du må ta med deg legitimasjon og rekvisisjon frå lege dersom den ikkje er sendt laboratoriet tidlegare. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking, berre møt opp i opningstida.
Du betalarikkje eigendel for å ta blodprøve.
Merk at tilsette ved laboratoriet ikkje kan ta fleire prøver enn det legen som har tilvist deg har bestilt.
Blodprøver av barn
Det er viktig at du førebur barnet som skal ta blodprøve. Fortel barnet at det kjem eit stikk og at det går fort over. Dersom barnet er roleg, og arma blir heldt i ro, aukar sjansen for ei vellukka prøvetaking, og barnet slepp fleire forsøk. Som pårørande må du vere med inn, og det kan vere lurt å la barnet sitte på fanget.
Ofte er vi to som er med når vi tar blodprøver av barn. Ein som tar prøva og ein som støttar arma ogavleier barnet. Gråt er ein naturleg reaksjon hos nokre barn, anten fordi dei er redde, blir heldt fast, eller fordi det er vondt. Di oppgåve under prøvetakinga er å halde rundt barnet, trøyste og skryte av det. Det er viktig at du som følgjer barnet er roleg under heile prosessen. Det gjer ofte situasjonen tryggare for barnet og lettare for alle.
Ei fin hjelp for barnet er plaster eller krem med bedøving. Dette kan ein kjøpe på apoteket utan resept, og sette på minst ein time før blodprøvetakinga. Bruk av smertelindring kan hindre at barn gruer seg til framtidige prøvetakingar.
Du kan lese meir om smertelindring i samband med blodprøvetaking her
Verken plaster eller krem fungerer ved stikk i hæl eller finger.
-
Under
Du blir spurt om namn ogfødselsnummer (11-siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.
Dei fleste prøvene blir tatt på innsida av olbogen.Du får eit stramt band rundt overarma slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål (venekanyle) og blodet blir tappa på små rør.
Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Viss det er mogleg bør du sittei roi minst 15 minutt før du tar blodprøva. Vi tappar vanlegvis 1 - 5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legendin har bestilt.
Sei ifrå om du bli uvel
For dei fleste er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan gi litt ubehag når nåla blir stukken inn i huda, men det går fort over. Nokre kan bli uvel under prøvetakinga. Viss du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier ifrå til den som skal ta prøva.
-
Etter
Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.
Når blodprøva blir tatt frå ein arterie, som oftast på handleddet, er det viktig å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.
Dersom du brukar blodtynnande medisinar bør du klemme litt lenger på stikkstaden.
Resultat av undersøkinga
Resultatpå blodprøva blir sendt til tilvisande lege, den som har bestilt prøven for deg. Det er tilvisande lege som informerer deg om prøveresultatet. Laboratoriet har diverre vanlegvis ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.
Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdigpåfå minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.
Dersom du er innlagd på sjukehuset, eller har time på ein av poliklinikkane, er mange prøveresultat klare like etter analyseringen.
Dersom prøvesvaret blir sendt i posten til for eksempel fastlegen din, kan det ta nokre dagar før du får svar.