ADHD - foreldre/foresatte - Ålesund - digitalt kurs

Opplæring for foreldre/ føresette til barn og ungdom med ADHD som ønskjer kunnskap om og forståing for utfordringar til barnet i samband med diagnosen.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ønsker du å delta på opplæringa så ta kontakt med din fastlege for tilvising til kurset. Den skal sendast til same adresse som påmeldinga.

Merkast med namnet til kurset:
 «ADHD kurs for foreldre/føresette».
Er familien til behandling i spesialisthelsetenesta ved Klinikk for kvinner, barn og ungdom, treng ein ikkje tilvising.

Kvifor delta på kurs

Opplæring for foreldre/ føresette til barn og ungdom med ADHD som ønskjer kunnskap om og forståing for utfordringar til barnet i samband med diagnosen. Dagane vil veksle mellom informasjon og forelesing fra fagpersonar, og samtale i gruppa om korleis ein kan meistre kvardagen.

Opplæringa vil hausten 2021 vere på  Webinar. Vi oppfordrer begge foreldre til å delta på opplæringa. Om de ikkje får delta no, kjem der nye kurs etter nyttår.


 

Innhald

  • Brukarhistoriar
  • Informasjon om ADHD-foreininga

  • Om diagnose og diagnosekriteriar

  • Medikamentell behandling

  • Samtale og refleksjonar kring ADHD

  • Rettar og moglegheiter

  • Foreldrerettleiing

  • Tilrettelegging, tiltak, tilpassing og hjelpemiddel i barnehage, grunnskule og vidaregåande

  • Samarbeid heim - skole

  • Å vere open om diagnose

Det vil bli moglegheiter for spørsmål, refleksjonar, oppgåver og pausar undervegs i programmet.
     

Praktiske opplysningar

Foreldre/føresette og skulen må sjølve melde seg på opplæringa på telefon til BUP Ålesund: 70 16 72 00.

Oppgi namnet på barnet, fødselsdato, epostadresse, telefon, adresse og skule.

Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon 70 16 72 00. Dersom du ikkje avbestiller blir du belasta med eit gebyr

Alle kurs i Ålesund kjem til å vere digitale til hausten.


 

Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn, dersom opplæringa er naudsynt for å kunne følgje opp barnet.
Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med på opplæringa.
Nærare informasjon vil bli gitt i starten av kurset og du finn også informasjon her

Lenke til informasjon om opplæringspengar og andre rettar finn du her

Fann du det du leita etter?