ADHD - Foreldre - Ålesund

Opplæring for foreldre/ føresette til barn og ungdom med ADHD som ønskjer kunnskap om og forståing for utfordringar til barnet i samband med diagnosen.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ønsker du å delta på opplæringa så ta kontakt med din fastlege for tilvising til kurset. Den skal sendast til same adresse som påmeldinga.
Merkast med namnet til kurset:
 «ADHD kurs for foreldre/føresette».
Er familien til behandling i spesialisthelsetenesta ved Klinikk for kvinner, barn og ungdom, treng ein ikkje tilvising.

Kven er opplæringa for?

Opplæring for foreldre/ føresette til barn og ungdom med ADHD som ønskjer kunnskap om og forståing for utfordringar til barnet i samband med diagnosen. Dagane vil veksle mellom informasjon og forelesing fra fagpersonar, og samtale i gruppa om korleis ein kan meistre kvardagen.

På grunn av smittevern er det maks 17 deltakere på første kursdag, som er på BUP. Det er derfor viktig at du ringer og melder deg på. Den andre kursdagen på nett (Webinar) har ikkje same begrensningar i tal på deltakarar. Vi oppfordrer begge foreldre til å delta på opplæringa. Om de ikkje får delta no, kjem der nye kurs etter nyttår.

Påmelding

Foreldre/føresette og skulen må sjølve melde seg på opplæringa på telefon til BUP Ålesund: 70 16 72 00.
Oppgi namnet på barnet, fødselsdato, epostadresse, telefon, adresse og skule.
Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon 70 16 72 00. Dersom du ikkje avbestiller blir du belasta med eit gebyr på kr 350/1053.

Informasjon om opplæringspengar

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn, dersom opplæringa er naudsynt for å kunne følgje opp barnet.
Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med på opplæringa.
Nærare informasjon vil bli gitt i starten av kurset, eller les om opplæringspengar under NAV.no.
Du kan også ta kontakt med Lærings- og mestringssenteret i Helse Møre og Romsdal for meir informasjon, tlf. 71 12 09 95.


Program

Fredag 20. november 2020
0830 -  0930 Ankomst - registrering – kaffi/te
0930 - 1015 Velkomen! – presentasjon og informasjon av spesialpedagog Reidunn Tvergrov Øye
1030 - 1100 Vår historie…
1115 - 1200 Lunsj og samtale i grupper - «Kafedialog». (Pågrunn av  Covid-19 vil det ikkje bli matservering.) Ta med matpakke. Event. ligg butikken 5. min unna. 
1200 - 1245 Tilrettelegging og meistring i kvardagen – openheit kring eiga diagnose - sosiale rettigheiter
1300 - 1345 Om diagnose og diagnosekriteriar av overlege Cecilie Tangstad Rypdal
1400 - 1445 Medikamentell behandling av overlege Cecilie Tangstad Rypdal
1445 - 1530 Samtale og refleksjonar kring ADHD styrt av Reidunn og Cecilie

Fredag 27.november 2020 – WEBINAR
0830 - 0900 Velkomen - pålogging opnar opp
0900 - 0945 PMTO- terapi (parent management training – oregonmodellen - Marianne Haugnes og Evelyn Rekdal Nye Ålesund kommune
1000 - 1045 Livet med ADHD Møre og Romsdal - Robert André Sund
1045 - 1130 Livet med ADHD Møre og Romsdal - Robert André Sund
1130 - 1200 Lunsj
1200 - 1245  PPT – pedagogisk psykologisk teneste. Tilrettelegging, tiltak, tilpassing og hjelpemiddel frå barnehage, grunnskule og vidaregåande
1300 - 1345  Tid for spørsmål 
1400 - 1445 PPT – pedagogisk psykologisk teneste fortsetter samarbeid heim - skule
1500 - 1530 Tid for spørsmål og oppsummering
1530 Avslutning
 


Vi tek atterhald om endringar i programmet.

Det vil bli moglegheiter for spørsmål, refleksjonar, oppgåver og pausar undervegs i programmet.
                                                                                                                                                               

Informasjon

For nærare informasjon ta kontakt med:
-  BUP på telefon 70 16 72 00.
-  Kursansvarleg BUP opplæringsansvarleg Reidunn Tvergrov Øye på telefon 70 16 72 00 og PPT nye Ålesund kommune.


Fann du det du leita etter?