Autisme / Asperger syndrom - foreldre til ungdom - Kristiansund

For foreldre til ungdom fra 8. klasse.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.
Er familien i behandling i spesialisthelsetenesta ved klinikk for kvinner, barn og ungdom treng de ikkje ny tilvisning

Kvifor delta 

Med kurset ønsker vi at foreldre/føresette skal få auka kunnskap om kva autisme/asperger syndrom er og korleis ein kan møte barn og ungdom med autisme/asperger syndrom både i heimen og i kvardagen. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett. 

Vi oppfordrar begge foreldra til å delta på opplæringa



Innhald

  • Foreldrerolla, ved brukarrepresentant
  • Kva er autismespektervanskar, årsakar, tilleggsvanskar
  • Familieperspektivet og openheit om diagnosa
  • Tilrettelegging og meistring i kvardagen
  • Informasjon frå autismeforeininga


 

Praktiske opplysningar

Dersom du ikkje kan møte på opplæringa ber vi deg melde frå. 

Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.


 

Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

 

Nyttige nettsider

 Autismeforeningen i Norge, Møre og Romsdal fylkeslag

Fann du det du leita etter?