Autismespekter - Foreldre/andre nærpersonar - Ålesund

Digitalt kurs for foreldre/føresatte og nærpersonar til born som nyleg har fått autismespekterdiagnose. I tillegg blir kvart barn tildelt 7-8 plassar til  nærpersonar, som f.eks skole og barnehagepersonale.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at foreldre/foresatte skal få økt kunnskap om autismespektersyndrom og korleis ein kan møte barn og unge med autismespektersyndrom både i hjemmet og kvardagen. Vi ynskjer å skape økt forståelse og meistring i rolla som forelder/foresatt. 

Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.


Innhald

  • Generell informasjon om autisme:
    Kva kjenneteiknar barn med autismespektervanskar?
    Vanlige problemområder. Korleis kan vi forstå barnets vanskar?

  • Kva er viktig for å støtte barn med autismespektervanskar?

  • Fokus på tiltak og hjelpemidlar som kan prøves ut i praksis (skole/barnehage og heime)

  • Kort del om rettigheitar for familien

Det er mogleg å stille spørsmål undervegs i løpet av fagdagen


Praktiske opplysningar



Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


Nyttige nettsider

Autismeforeningen i Norge, Møre og Romsdal lokallag


Fann du det du leita etter?