Bipolar liding - Kristiansund

Kurs for personar med bipolar lidingar.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.

Tilvising skal sendast til DPS poliklinikk Kristiansund, Solhagen Hagan 9. 

Kvifor delta

Forsking viser at pasientar med bipolar liding som deltek på psykoedukative pasientkurs har færre tilbakefall enn dei som ikkje har delteke på slike kurs. Ved tilbakefall vil dei som har delteke på pasientkurs ha meir kortvarige og mindre alvorlege sjukdomsepisoder enn dei som ikkje har delteke. Grunnen til det er at pasienten som har delteke på kurs har meir kunnskap om bipolar liding, dei gjenkjenner raskare faresignal hos seg sjølve og dei har ein plan for kva dei skal gjere når faresignala kjem.


Innhald

Tema for førelesingane og eigenaktivitet på kurset er: 

  • årsak og forløp av bipolar liding 
  • symptom og tiltak ved hypomani, mani og depresjon 
  • behandling av bipolar liding
  • stressfaktorer og stressmeistring 
  • livsførsel
  • betydinga av fysisk aktivitet, fysisk helse 
  • pårørande si rolle og betyding
  • hjelpemiddel som er nyttige for å forstå og handtere sjukdommen sin bedre

Kurset er basert på psykoedukasjon og eigenaktivitet. Det betyr at det blir førelest over sentrale tema om bipolar liding, samtidig som at kvar enkelt gruppedeltakar vil jobbe med sin personlege førebygging- og tiltaksplan.

Deltakarane får utlevert ei arbeidsbok som vi brukar gjennom kurset, og dei må rekne med å bruke litt tid til heimeoppgåver og førebuing til kurset.


Praktiske opplysingar

Kurset går over 12 gongar og består av vekentlege samlingar på 2 klokketimar inkludert pause. Kurset blir heldt i eit møterom ved psykiatrisk poliklinikk, avdeling Halsa. Gruppene har mellom 8 og 12 deltakarar.


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura blir sendt etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


Nyttige nettsider



Fann du det du leita etter?