Epilepsi - foreldre - Kristiansund

For foreldre og fagpersonar til barn og unge med epilepsi
NB! Digitalt kurs

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising. Tilvising sendes elektronisk til Habilitering for barn og unge, Kristiansund sjukehus eller Pediatrisk poliklinikk, Kristiansund sjukehus. Oppgi i tilvisinga din epostadresse.

Er familien i behandling i spesialisthelsetenesta ved klinikk for kvinner, barn og ungdom treng de ikkje ny tilvisning.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at foreldre/foresatte og skole- og barnehageansatte skal få økt kunnskap om kva epilepsi er og korleis ein kan møte barn og unge med epilepsi både i heimen og i skole- og barnehagekvardagen. Vi ynskjer å skape økt forståing og meistring i rolla som forelder/føresett og fagperson. 

Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.


Innhald

  • Brukarhistorie
  • Kva er epilepsi
  • Førstehjelp ved anfall
  • Informasjon om Norsk epilepsiforbund
  • Rettar
  • Pedagogiske konsekvensar
  • Tankar rundt sykdom i familien


Praktiske opplysningar

Etter påmelding vil du få tilsendt informasjon om pålogging, telefonnummer til support og lenke til kurset på mail. Program sendes i posten.


Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel. Kurset er gratis for foreldre. Ingen kursavgift for fagfolk.

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


Nyttige nettsider

Norsk epilepsiforbund

Fann du det du leita etter?