Hjarteskule - Ålesund

Alle som har hatt hjarteinfarkt, er behandla med utblokking av kransearteriar eller har operert kranseårar ved bypass-operasjon, kan få tilbod om hjarterehabilitering

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på hjartetreningsgruppe må du ha tilvising frå lege. Om du ikkje har blitt tilvist etter sjukehusopphaldet, kan fastlegen din tilvise deg.

Tilvisning sendes elektronisk til poliklinikk for hjartesjukdommar, Ålesund sjukehus.


Det er inga øvre aldersgrense , men du bør ha eit visst fysisk funksjonsnivå for å delta. Du må samtidig vere motivert for trening. Du må kunne gå utan hjelpemiddel og klare å gå ein tur på 30-45 minutt på flat veg.

Når vi har motteke tilvisinga di, vil du bli kontakta av oss for å avtale starttid.

Dersom du har deltatt tidlegare, vert det ikkje gitt tilbod om ny deltaking.


Kvifor delta på kurs

Hjarterehabilitering har som mål å gjere deg trygg. Dette gjennom auka kunnskap om hjartesjukdommen, og ved å gje deg erfaring med kva hjartetrening er, slik at du etter hjarterehabiliteringa kan fortsette liknande trening. Kunnskapen du tileignar deg vil gjere deg bevisst på kva du vidare må passe på for å førebygge ny hending.

Gjennom undervisning og individuell oppfølging vil ein få kunnskap og innsikt rundt eigen sjukdom, og dette vil verke positivt inn på korleis ein meistrar sjukdomen, samt føre til auka tryggleik.


Innhald

Trening er ein viktig del av rehabiliteringa og vil gå føre seg ein til to gonger i veka i 8 veker. Hjarterehabiliteringa vil rettleie, informere og gi deg råd, samtidig som du sjølv tek aktivt del i di eiga rehabilitering.

Forløp 1 og 2:

2 treningar pr. veke i 8 veker, per pulsregistrering og treningsvegleiing. Kvar trening varer i ca. 75 minutt.

  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar.

  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut.

  • Undervisning i gruppe.

  • Hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av 1-2 veker.

  • Samtale med lege etter hjartetest.

Etter 8 veker trening er det 4 veker eigentrening. Etter desse siste 4 vekene, får ein ein avsluttande samtale og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering. Det er valfritt om ein ynskjer å ta denne tredemølletesten.

*Forløp 1 og 2 er ulik ved at nokon startar heimetrening med avstandsoppfølging etter to veker, mens andre startar slik oppfølging først etter 6-8 veker.


Forløp 3:

  • Trening i gruppe ein gong i veka i 8 veker.

  • Undervisning i gruppe.

  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar.

  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut.

Hjarterehabilteringa består av ei tverrfagleg gruppe med sjukepleiar, fysioterapeut, hjartelege-, og klinisk ernæringsfysiolog.


Trening
Treninga blir leia av fysioterapeut med sjukepleiar til stades. Treninga blir tilpassa ditt kondisjonsnivå.Når du deltek fyste gongen, vil intensiteten bli tilpassa deg.

Forløp 1 og 2:

To treningar i veka. Ei gruppetrening og ei trening på tredemølle. Begge treningane er lagt opp etter intervallprinsippet 4x4. Det betyr 4 minutt med høg intensitet som ein gjentek 4 gongar. Etter intervalltreninga følgjer 15-20 minutt med styrketrening. Begge øktene varer i 75 minutt.

Forløp 3:  Ei gruppetrening kvar veke med moderat intensitet med mål om at du blir litt andpusten og sliten. Treningsøkta varer i 75 minutt.

Trening på hjarterehabiliteringa skal kombinerast med eigentrening. Du får råd og rettleiing og lagar di trening slik du ønsker å trene. Trening skal vere motiverande og ha riktig intensitet, derfor er det viktig at du tek eigarskap i utforming av eigentreninga. På den måten blir det lettare å halde på gode vanar vidare.


Undervisning
To måndagar i løpet av 8 veker er det undervisning med desse temaene:

  • Kosthald
  • Fysisk aktivitet
  • Stressmeistring
  • Medisinar
  • Hjartesjukdom
  • Fysisk og psykisk reaksjonar
  • Røykestopp


ETTER

Etter at du har delteke på hjarterehabiliteringa, bør du ha kome inn i eigne treningsvanar som du ønskjer å oppretthalde vidare.

Dersom du vil halde fram med liknande hjartetreningsgruppe som på sjukehuset, kan du få informasjon om kommunale og private treningsgrupper du kan delta i.

Kunnskapen og erfaringa du får på hjarterehabiliteringa skal gjere deg trykk på å belaste hjartet. Etablerte rutinar gjer at du vidare kan pleie hjartet i kvardagen, ved hjelp av gode livsstilsvanar.

Etter rehabilitering er det viktig med regelmessig kontroll og oppfølging av blodprøver og blodtrykk hos fastlege.


Praktiske opplysningar

Ta med:

  • Gode sko

  • Lette treningsklede

  • Drikkeflaske

  • Handduk


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

Fann du det du leita etter?