Lungekreft - Ålesund

Kurset er for deg som har fått eller er under behandling for lungekreft ved Ålesund sjukehus. Kurset er tilrettelagt for at pårørande kan delta.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om lungekreft,  skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med lungekreft.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa



Innhald

  • Å leve med lungekreft
  • Behandling og oppfølging ved lungekreft
  • Matens betyding ved alvorleg sjukdom
  • Gruppesamtale
  • Førebygging og symptomlindring v/kreftsjukepleiar
  • Humor og kreft 
  • Pusteromet 
  • Informasjon frå kreftkoordinator
  • Mogelegheiter og rettar
  • Plutselege endringar i livet.




Praktiske opplysningar

Bevertning: Lunsj kr 50,- per kursdag. Denne betalast kontant på kurset.

Parkering: Du kan parkere ved Ålesund sjukehus.  Sjå parkeringsoversikt under praktisk informasjon ved Ålesund sjukehus. 

Tenk gjerne over spørsmål du ønsker å belyse, før du kommer på kurset.
Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, for eksempel kost, hørsel etc.




Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.


Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.


Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

 Nyttige nettsider

Kreftforeininga


Fann du det du leita etter?